Regjeringsplattforma: Berre eitt ungdomsparti er nøgd med abort-endringa

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstre-leiaren stemde mot regjeringsplattforma

– Vi hadde lova at om ei regjeringsplattform inneheldt ei regulering av abortlova, så skulle vi stemme mot. Og det gjorde den, så då var valet vårt ganske klart: Vi stemte mot.

Det seier Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Eit kompromiss fleire skulle vore forutan

Hansmark fortel Framtida.no at avgjersla om å fjerne retten til sjølvbestemt forsterreduksjon, er det største nederlaget i den nye regjeringsplattforma frå den ikkje-sosialistiske fleirtalsregjeringa til Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og moderpartiet Venstre.

– Det er dumt for kvinner som no må fram for ei nemnd, men vi er også redde for at dette kan skape ein presedens: At det plutseleg er lov å forhandle om menneskerettar i regjeringsforhandlingar.

I plattforma står det skrive at regjeringa vil «fjerne opninga for abort av ein eller fleire friske fleirlingar (fosterreduksjon) i eit svangerskap før grensen for selvbestemt abort». Det tyder at ei slik avgjersle frå no må vurderast av ei abortnemnd.

Både Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom er samde i at abortendringa var eit kompromiss plattformen helst skulle vore forutan:

– Unge Høgre ønskte sterkt å halde på den slik den var, seier 1. nestleiar Daniel Skjevik-Aasberg.

– Det er ikkje vår politikk å gjere endringar på tvillingabort, men KrF måtte få nokre gjennomslag. For oss var det uaktuelt å gjere endringar i 2c, seier FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud på telefon til Framtida.no frå Indonesia.

Les også: Unge Venstre har mista meir enn éin av fire medlemmar på eitt år

Inga stopp i planlagde gruvedeponi

For Unge Venstre var det også skuffande at kravet frå dei sjølve og KrFU om ei avgift på gruveslam og eit forbod mot dumping av gruveavfall i norske fjordar ikkje vart høyrt, men Hansmark lovar at kampen ikkje er over:

– Det er veldig synd at ein ikkje får det inn i regjeringsplattforma, men vi kjem aldri til å gje oss i kampen for reine fjordar. Vi kjem til å kjempe med nebb og klør, seier han.

Endå dei planlagde prosjekta i Repparfjorden og Førdefjorden ikkje vert stoppa, så er leiar i KrFU, Martine Tønnessen, fornøgd med at det i plattforma står at det ikkje skal gjevast nye utsleppsløyve til sjødeponi for gruveavfall i perioden, og at det skal greiast ut om eit forbod bør innførast.

Som eit lite plaster på såret i klimasamanheng trekk Sondre Hansmark fram at den flate CO2-avgifta skal aukast med fem prosent kvart år framover til 2025.

– Det vert dyrare å forureining i Noreg, og det skal verte billigare å vere miljøvenleg, seier Unge Venstre-leiaren.

Les også: Natur og Ungdom om regjeringsplattformen: – Ikkje verd papiret den er skriven på

Nokre sigrar for alle regjeringspartia

Hansmark meiner likevel at deler av regjeringsplattforma er god, og at Venstre kan syne til andre viktige gjennomslag, særleg trekk han fram rusreforma.

– Venstre fekk gjennomslag for å behalde rusreforma til trass for eit Frp og eit KrF som var mot, og delvis også Høgre. No skal vi ikkje lenger straffe rusavhengige, men hjelpe dei.

Daniel Skjevik-Aasberg frå Unge Høgre meiner også rusreforma er ein av dei viktigaste stolpane i plattforma. KrFU på si side framhever spesielt tiltak for barn og unge:

– Det er mange bra tiltak mot barnefattigdom, og betre økonomiske rammer for studentar og unge som ikkje har vore i jobb som vil få barn, å fjerne mogelegheita for tvillingabort, og fokus på unge si psykiske helse, skriv Martine Tønnessen i ein epost til Framtida.no.

Bjørn-Kristian Svendsrud er nøgd med FpU sine gjennomslag i plattformen. Særleg trekk han fram at det framleis skal vere fritt skuleval, at køyreopplæring vert rekna som gyldig fråvær, og at talet kvoteflyktningar ikkje vert sett opp, men halde på det nivået ein har i dag.

No ser FpU-leiaren fram til å sjå ei borgarleg fleirtalsregjering som jobbar som eitt lag:

– Ein må legge ein vond haust bak seg, og sjå framover.

Her kan du lese heile plattforma.