Abortstrid kan gi ny 8. mars-rekord

Over heile landet ventar 8. mars-komiteane rekordoppslutning om årets tog på kvinnedagen. Innstramminga i abortlova provoserer.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir stort i år. Eg er veldig spent på kor mange som kjem, seier Hanne Størset, pressekontakt for 8. mars-komiteen i Oslo, til NTB.

«Forsvar sjølvbestemt abort – fjern nemndene» er årets hovudparole i hovudstaden. 19. februar presenterte regjeringa forslaget til ny abortlov, som fjernar sjølvavgjerda til kvinner når det gjeld tvillingabort.

– Vi veit at folk er sinte. Regjeringa har brukt rettane til kvinner som eit forhandlingskort og har stramma inn sjølvråderetten til kvinner. Det provoserer veldig, veldig mange. Det er liten tvil om at dette blir eit stort arrangement, seier Størset.

Les også: Berre eitt ungdomsparti er nøgd med abort-endringa

Rekord

Desse parolane var å sjå i hovudstaden 8. mars 2014. Foto: GAD [CC BY-SA 3.0]

Ho anslår ei deltaking godt over rekorden frå 2014, då 15.000 deltok. Også då var abortspørsmålet, nærare bestemt reservasjonsretten for legar, ein magnet for oppmøtet. I år har 12.000 allereie sagt frå på Facebook at dei skal delta.

– Det pleier å komme dobbelt så mange på arrangementa våre som dei som melder seg på Facebook. I fjor melde 5.000 seg på, og det kom 12.000, seier Størset.

Også i andre store byar, som Bergen og Trondheim, blir det lagt opp til store demonstrasjonar.

Les også: – Det er mange gode grunnar til å utvide retten til abort i Noreg, ikkje innskrenke den

Godt trykk

– Vi reknar med godt oppmøte. Det er veldig godt trykk i kvinnekampen no, med abortsaka og metoo, seier Lena Grønningsæter frå 8. mars-initiativet i Bergen.

– Vi ser òg at stadig nye grupper melder seg på. I år skal Handikapforbundet stille med ein eigen parole om at kampen mot sorteringssamfunnet ikkje skjer i livmora. Unge Venstre er òg med, peiker ho på.

I tillegg har ei rekke nye stader varsla eigne 8.-marsarrangement.

– Vi ser at det kjem inn meldingar frå stader der det normalt ikkje er aktivitet på 8. mars. I år blir det mobilisert ekstra, seier Størset.

Les også om kampen for å avstigmatisere abort på Færøyane: – Ein har eit kvinnesyn som ein hadde for hundre år sidan.

Måling overraskar

Både i Oslo og Trondheim vil det òg bli raud- og grønkledde tanter og tjenerinner å sjå i toget, inspirert av Netflix-serien The Handmaid’s Tale. Den bygger på Margaret Atwoods roman «Tjenerinnens beretning» om eit dystopisk samfunn der fruktbare kvinner blir tvinga til å jobbe som fødemaskiner for eliten.

Samtidig viser ei ny meiningsmåling at Høgre i Oslo så langt ser ut til å tape få veljarar på abortsaka. Åtte av ti av dei som stemte Høgre i kommunevalet i 2015, vil gjere det same i år, viser målinga som Norstat har gjort for Vårt Land.

– Det overraskar meg litt. Men vi håper jo at vi kan vippe eit fleirtal av politikarane i retning av auka sjølvbestemming til 18 veker. No er jo heile abortlova i spel, påpeikar Størset.

Høyr Sigrid Bonde Tusvik forklare kostymene då ho var med i ein demonstrasjon i slutten av januar:

Les også: Kor realistisk er The Handmaid’s Tale?

SV-stunt på Stortinget

SV planlegg òg eit lite stunt på Stortinget i forkant av 8. mars. Onsdag vil dei ni stortingsrepresentantane til partiet i tur og orden toge opp på talarstolen under spørjetimen, under parolen «regjeringa rykker likestillinga tilbake».

– Spørsmåla våre vil gjelde alt frå abort til ufrivillig deltid, manglande merksemd på seksuell trakassering i skulen og manglande bemanning i fødsels- og barselomsorga, seier stortingsrepresentanten til partiet Freddy Øvstegård til NTB.

Les også meiningsinnlegget frå Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV): «Me må ta til gatene og stå på barrikadane på same måte som me gjorde for å få Abortlova vedteken i 1978»