KrFU stemte mot sjølvbestemt abort

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var såpass klart fleirtal for forslaget at me ikkje trong å telja opp, seier Jonas Andersen Sayed.

Han er leiar i Rogaland KrFU som fremma forslaget om å erstatta dagens abortlov med ei lov som sikrar fosteret rettsvern.

Les også: KrFU vil setje krav om abortinnstramming

– Debatten har vist at den grensa som ligg i dag er kunstig

Sjølv om KrFU er prinsipielt mot abort har ungdomspartiet dei to siste åra stemt for å behalde abortlova slik ho er i dag.

Sayed trur at den siste tidas abortdebatt der fleire ungdomsparti vil endra dagens abortlovgjevnad bidrog til at KrFU no igjen er på linje med moderpartiet.

AUF og FpU foreslår å fjerne dagens nemndordning og innføra fri abort fram til veke 18, medan Unge Venstre går enda lenger og vil innføra fri abort fram til veke 24.

– Debatten har vist at den grensa som ligg i dag er kunstig. Det er ikkje noko magisk som skjer i veke 12. Me meiner at når det er snakk om menneskeverd så endrar ikkje dette seg etter veke 12, understrekar Sayed.

Les også: Tapte kampen om sjølvbestemt abort i Argentina

Nokre unnatak

I det nye hovudprogrammet til KrFU heiter det at ungdomspartiet «vektlegg retten til liv, og ønskjer at flest mogleg får sjansen til å bli født og leve sine liv. Alle menneskjer har ein uendeleg og ukrenkeleg verdi – uavhengig av alder, kjønn og eigenskapar. Difor ønskjer vi eit lovverk som styrkjer rettsvernet for det ufødde liv, og som motarbeidar sorteringssamfunnet, der man blir sortert bort på bakgrunn av eigenskapar».

Sayed kallar abortvedtaket frå KrFU sitt landsmøte eit prinsipielt vedtak og ser ikkje føre seg at det er reelle moglegheiter for å erstatta dagens abortlov med ei lov som sikrar fosteret rettsvern.

– Me seier ikkje noko om korleis lova skal utformast. Det vert hypotetisk og ei slik lov må utgreiast. Me seier ikkje noko om det i forslaget, men ser føre oss at det må vere unntak, seier Sayed.

– Kva unnatak tenkjer du på?

– Det kan vere snakk om når kvinna ikkje har hatt noko val, incest og mogleg risiko for mors liv, som òg kan gå på det psykiske.

Les også: Seks ting du treng å vete om abort

Fleirtalet på landsmøtet var einige med KrFU-leiar Martine Tønnessen, som vil ha moderpartiet inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre. Foto: Astrid-Therese Theisen/KrFU

Preventive forslag

I det nye hovudprogrammet står det at KrFU vektlegg det preventive arbeidet for å redusere talet på abortar. Her er Sayed oppteken av at partiet vil styrke seksualundervisninga, utvide dagens ordning med gratis prevensjon og sikre gode ordningar for studentar som vert gravide.

Om ein i dag vert gravid og ikkje har vore i arbeid eller studiar den siste tida har ein rett på ein eingongsstønad, som frå 1. januar i år er 63 140 kroner.

– Dei fleste som tek abort er unge og oppgir at det ikkje passar med livssituasjonen. Me vil difor heve eingongsstønaden til to gongar grunnbeløpet, understrekar Sayed.

Grunnbeløpet i folketrygda vert oppjustert årleg og ligg no på 96 883 kroner året, som betyr at KrFU vil gje gravide utan rett på fødselspermisjonspengar 193 766 kroner.

Les også: Noreg har færrast tenåringsabortar i Norden

Partiet gjekk også inn for følgjande formuleringar knytt til abort:

  • Innføra absolutt abortgrense i veke 18
  • Ikkje tillata fosterreduksjon med mindre det er fare for mor eller barns liv
  • At retten til liv skal gjelde frå unnfanging til naturlig død og at dette prinsippet skal nedfellast i grunnlova
  • Fjerna eugenisk indikasjon og sosioøkonomiske grunnar som sjølvstendige abortkriteriar.
  • At rådgjeving og rettleiing skal innehalde informasjon både om eit eventuelt inngrep, og om kva støtteordningar og moglegheiter kvinna har dersom ho ønskjer å behalde barnet.
  • Gje fedrar tilbod om individuelle samtaler før og eventuelt etter abortinngrep.
  • Styrke forskinga på årsakar og etterverknadar av abort.
  • Tilby samtalegrupper for kvinner som har tatt abort eller opplevd spontanabort, i tillegg til samtaler med lege/psykolog. Tilbodet skal også gjelde for fedrar som ønskjer dette.
  • Betre ordningane for adopsjon, slik at fleire vil sjå på dette som et alternativ til abort.

 

 

Abort i Noreg

  • Dagens Lov om svangerskapsavbrot (abortlova) trådde i kraft 1. desember 1978.
  • I Noreg var abort forbode fram til 1964. Kvinner som tok ulovleg abort risikerte då inntil tre års fengsel.
  • Abortlova sikrar fri abort fram til veke 12
  • Etter veke 12 må saka opp i ei abortnemnd beståande av to legar. Gyldige grunnar er til dømes vanskeleg livssituasjon, fare for kvinna si helse, sjukdom hjå fosteret eller om graviditeten er eit resultat av valdtekt eller incest.
  • I praksis vert dei fleste sakene godteke i nemndene, noko som gjer at AUF og FpU føreslår å innføra fri abort fram til veke 18.
  • Unge Venstre-leiaren har føreslått fri abort fram til veke 24
  • I 2014 blussa abortdebatten opp då Solberg-regjeringa foreslo reservasjonsretten
  • I 2016 foreslo KrF ei obligatorisk refleksjonstid før abort
  • I 2017 vart det gjennomført 12.733 abortar i Noreg. Det er 435 færre enn i 2016.