Kva i all verda skjer med abortinnstrammingane?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Abortar er noko som fortel mykje om forholda ei kvinne lever under og moglegheitene ho har. Det er ikkje berre ei teneste per se, seier Marta Royo direktør i Profamilia – IPPF Colombia.

Framtida.no møter samfunnsøkonomen i Oslo der ho deltok på ein konferanse om seksuell helse i humanitære krisar.

Abort i Colombia

I 2006 legaliserte Colombia abort ved fare for mors liv og helse, livstrugande misdanningar hjå fosteret eller om graviditeten er eit resultat av valdtekt eller incest.

Profamilia har i dag 34 klinikkar over heile Colombia, der dei årleg utfører 16.000 abortar.

I teorien skal alle kvinner i Colombia ha tilgang på trygg abort, men Royo forklarar at det i praksis er mange hindringar.

Det handlar om geografiske hinder, kunnskapsmangel og det Royo omtalar som dobbeltstandardar når det kjem til moral.

20.000 lovlege og 400.000 illegale

Royo forklarar at mange doktorar, klinikkar og sjukehus ikkje vil tilby aborttenster, sjølv om dei veit at det er ein grunnlovsfesta rett.

Desse haldningane fører til at mange kvinner oppsøkjer illegale praksisar.

– Når dei går til klinikkane er det så mange barrierar, så mykje stigma, at dei føretrekker å gå til ein illegal praksis, der det ikkje ein gong er doktorar som utfører tenestene, fortel Royo.

Direktøren i Profamilia fortel at det vert gjennomført kring 20.000 lovlege abortar årleg, samanlikna med 400.000 illegale. Ifølgje ein rapport frå Guttmacher Institute publisert i 2013 døyr kring 70 colombiske kvinner årleg som følgje av utrygge abortar.

Men abortkampen i det Colombia er ikkje over. Seinast i fjor sa høgsterett nei til å innskrenka abortretten i landet.

Fleire land endrar lovverket

For Marta Royo i Profamilia er det viktig å fjerna dei religiøse og kulturelle argumenta i diskusjonen om abort i sitt katolske heimland.

– Dei trur ikkje på kvinners rett til autonomi. Nokre trur òg at guds lover er over folkets lover, understrekar Royo.

Men fleire land endrer no lovene sine.

Chile gjekk bort frå sine strenge lover i 2017 og opna for abort i dei same tilfella som Colombia.

I nabolandet Argentina stemte Overhuset i fjor ned eit forslag om sjølvbestemt abort fram til veke 14, men førre månad fremja forkjemparane eitt nytt lovforslag.

Av positive tendensar rundt om i verda nemner Royo mellom anna Irland, som avkriminaliserte abort i 2018 og at høgsterett i Sør-Korea tidlegare i år slo fast at landets abortforbod strir mot menneskerettane.

Amnesty International har den siste tida drive kampanjeverksomheit for sjølvbestemt abort i Argentina. Dei grøne skjerfa har vorte eit viktig symbol for aktivistane. Foto: Amnistía Internacional Argentina / Demian Marchi

Fleire har tilgang på trygg abort

Seniorrådgjevar i Sex og Politikk, Kjersti Augland, understrekar at tilgongen på trygg abort faktisk har auka internasjonalt.

Ifølgje tal frå Verdas helseorganisasjon (WHO) vart talet på kvinner som døydde som følgje av abort meir enn halvert frå 47.000 i 2008 til 22.800 i 2018.

Augland understrekar at all forsking viser at liberale lover som òg gjev tilgang til helsesetenester, reduserer utrygge abortar, utan å auka talet på abortar totalt.

– Det er ei myte at med liberale lover så vil talet på abortar fly i vêret, det er ikkje tilfelle.

I Noreg har aborttala gått jamt nedover dei siste åra og i 2018 var dei historisk låge, noko overlege Mette Løkeland meiner skuldast at ein har vorte flinkare å unngå uplanlagde svangerskap.

Nær 9 av 10 unge under 25 år stemte for sjølvbestemt abort i Irland. Foto: William Murphy, CC BY-SA 2.0-lisens

– Ei skremmande utvikling

– På den andre sida ser me ei auka motstand frå store statar og mektige statsleiarar, som USA, Russland og Brasil. Det er ei skremmande utvikling på mange måtar, understrekar Augland frå Sex og Politikk.

I mai skapte den amerikanske staten Alabama overskrifter verda over då dei vedtok landets strengaste abortlov.

Lova opnar berre for abort dersom graviditeten utset mor for betydeleg helserisiko. Det betyr at lova ikkje opnar for abort når graviditeten er eit resultat av voldtekt eller incest, noko til og med president Donald Trump meiner er å gå for langt.

Fleire amerikanske statar har òg signert såkalla «hjarteslag»-lover, som forbyr abort så snart ein kan høyra hjarteslaga til fosteret. I Time Magazine kan du lesa meir detaljert om dei ulike statlege restriksjonane som er innført i USA.

Lovendringane er framleis ikkje tredde i kraft og det er framleis tilgang til fri abort i alle amerikanske statar.

Motstandarar mot abortinnstramingane i Minnesota har gått til søksmål mot reglane som krever 24 timers obligatorisk betenkningstid og at ein varslar begge foreldre om ein er under 18 år. Foto: Fibonacci Blue

Miley Cyrus med Planned Parenthood

Augland forklarar at desse endringane er ein del av ei utvikling som har pågått lenge, der målet er å redusera tilgangen til fri abort i USA.

Hindringane består mellom anna strenge krav til at klinikkane som utfører abortar må ha fullt kirurgisk utstyr (trass i at dette ikkje er naudsynt), betenkningstid og strengare krav til legane som behandlar kvinnene.

Ifølgje ein rapport frå Guttmacher Institute vart det i perioden 2011-2017 innført heile 400 abortinnstrammingar i USA.

Blant kjendisane som har teke til orde mot endringane er Miley Cyrus, som har slått seg saman med Planned Parenthood og lansert ein genser i samarbeid med Marc Jacobs for saka:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

DON’T FUCK WITH MY FREEDOM ? @themarcjacobs @marcjacobs @plannedparenthood @happyhippiefdn

Et innlegg delt av Miley Cyrus (@mileycyrus)

Wade vs Roe

I likskap med mange andre fryktar Augland at innstrammingane og dei nye abortlovene er eit ledd i å utfordra høgsterettsavgjerda Roe vs. Wade frå 1973.

Jane Roe var pseudonymet til 22 år gamle Norma McCorvey som i 1970 gjekk til sak mot statsadvokaten i Texas, Henry Wade, for å få avslutta svangerskapet.

De gong var abort ulovleg i Texas med mindre mors liv var i fare. Før høgsterettsvedtaket var det få abortklinikkar i USA, men vedtaket påverka lovene i heile 46 statar, skriv NBC News.

– Det er ei avgjersle som har vore veldig viktig for tilgangen til trygg abort, slår Augland fast.

«The global gag rule»

Seniorrådgjevar i Sex og Politikk, Kjersti Augland, fortel at fleire har tilgang på trygg abort no enn før. Foto: sex og Politikk

– Det er ein av ein større politikk frå Trump-administrasjonen og mange av hans ministrar og republikanarar, som ikkje berre går til åtak på abort, men òg kvinners rettar og rettane til seksuelle minoritetar, understrekar Augland.

Ho peikar på at den politiske utviklinga i USA allereie har fått konsekvensar nasjonalt og internasjonalt.

I 2017 skreiv president Donald Trump under Mexico City Policy, som av motstandarane har vorte kalla for «The global gag rule». Denne regelen forbyr at USA gjev bistandsmidlar til organisasjonar som utfører eller informerer om abort som eit tiltak for familieplanlegging.

Regelen skriv seg tilbake til 1984 då han for første gong vart innført av Ronald Reagan, men har sidan vorte fjerna og innført fleire gonger.

– Men Trump har utvida han betrakteleg til å gjelda heile bistandsbudsjettet til helse, forklarar Augland i Sex og Politikk.

Ho fortel om fleire søsterorganisasjonar som vert drastisk råka av vedtaket. Ein av desse er organisasjonen Amodefa (Associação Moçambicana para o Desenvolvimento a Familia) i Mosambik, som måtte stengje ti av 22 klinikkar på grunn av støttekutta.

Augland reagerer sterkt på at USA påfører internasjonale organisasjonar ein regel som strir mot deira første grunnlovsparagraf om ytringsfridom.

– Tilbodet til kvinner og unge kvinner spesielt er blitt redusert drastisk. Det gjeld ikkje berre trygg abort. Organisasjonane har ofte eit heilskapleg perspektiv på seksuell og reproduktiv helse blant spesielt fattige og marginaliserte grupper.

Direktør i Profamilia, Marta Royo, meiner det er viktig at ein kjempar mot forsøka på å innskrenka retten til fri abort. Foto: Andrea Nøttveit

Guds lover vs kvinners autonomi

– Det er ei farleg tid me lever i, meiner Marta Royo.

Framtida.no snakkar med Augland og Royo før Stortinget stemte for å innskrenka abortretten, slik at norske kvinner må møta i nemnd for å tvillingabort.

Men Royo meiner at retten til sjølvbestemt abort er truga verda over og viser mellom anna til vedtaket i Alabama.

Ho meiner utan tvil det er ein kamp der ekstreme røyster går til åtak på kvinners rettar.

– Grunnen til at me står ovanfor så mange komplekse situasjonar globalt har å gjera med at kvinner beveger seg vekk frå heimen, vekk frå å oppdra born og går på jobb, meiner Royo, som tykkjer utviklinga er skummel:

– Det dei seier er at samfunnet mistar sin moral fordi kvinner jobbar og ikkje lenger er heime og lagar mat.

– Færøyane er eit veldig konservativt og kristent samfunn, der ein held på dei kristne verdiane og det at eit foster er eit liv, seier ungdomspolitikar Hervør Pálsdóttir. Ho får støtte frå Ungdomens Nordiska Råd og leiar i raud Ungdom Tobias Drevland Lund, som vil sikra fri tilgang til abort i heile Norden.