KrFU gjekk ikkje inn for sjølvbestemt abort

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er eit spørsmål som deler KrFU og eg lurer på om det var fire stemmer som avgjorde om me gjekk for sjølvbestemt abort eller ikkje, seier KrFU-leiar Edel-Marie Haukland på telefon til Framtida.no.

I helga haldt KrFU sitt landsmøte der Haukland fekk fornya tillit som leiar.

Ho måtte likevel sjå ei av sine viktigaste hjartesaker, om stemmerett for 16-åringar ved lokalval gå tapt. Landsmøtet gjekk inn for at stemmerett skal følgja myndigheitsalder, slik som i dag.

Kritiserer Raudt-forslag

Heller ikkje i abortsaka fekk Haukland viljen sin. Landsmøtet gjekk ikkje inn for å endra dagens ordlyd der dei vil at «abortloven må erstattes med en lov som sikrer fosteret rettsvern», noko som i praksis betyr at dei er imot sjølvbestemt abort.

Dei andre alternativa var ei ytterlegare innstramming der «abort bare kan tillates dersom det er fare for mors eller barns liv» og liberaliseringa om at «den som må ha siste ordet, likevel er kvinnen», som landsmøtet stemte for i 2016.

Haukland understrekar likevel at ungdomspartiet i programmet anerkjenner at det kan oppstå vanskelege situasjonar som gjer at ein kan ønskje abort og at dei då ønskjer at kvinna vert ivareteke.

Ho meiner programmet slik sett ikkje er heilt svart/kvitt og meiner det er viktig at det er eit parti som kjempar for fosteret.

– Når Raudt i sitt programutkast vil ha sjølvbestemt abort til veke 22, viser det at fosteret sin rettstryggleik ikkje er noko alle tek omsyn til, seier Haukland, som peikar på at me i dag reddar foster heilt ned til 23 veker.

Stemte ned abortforbod etter veke 16

Sidan 1978 har norske kvinner hatt fri abort inntil veke 12 i svangerskapet. Etter det vert abortspørsmålet avgjort i ei nemnd, som fleire har teke til orde for å fjerna fordi dei fleste får innvigla abort i nemnda. Etter veke 18 skal det tungtvegande omsyn til for å få innvigla abort.

Programkomiteen føreslo også å strame inn grensa og «innføre absolutt abortgrense i uke 16», noko som vart nedstemt.

Haukland meiner at dei gjentekne abortdebattane i ungdomspartiet er uttrykk for ein sunn organisasjon.

– Me er einige om at me vil få ned aborttala. Det gjer me med ein god seksualitetspolitikk med tilstrekkeleg prevensjon, god seksualundervisning og gode støtteordningar. Det meiner eg er kvinnesak fordi det handlar om kvinnehelse, seier Haukland.

Gratis prevensjon for dei under 16 år

Ungdomspartiet hennar vil utvida ordninga med gratis langtidsverkande prevensjon til 24 år, samt gje gratis prevensjon òg til dei under 16 år.

I første saka har dei støtte frå både KrF og regjeringa, men moderpartiet har vore skeptisk til å innføra gratis prevensjon for personar under den seksuelle lågalderen.

Når Framtida.no snakkar med Haukland har ho nyleg spelt det inn for KrF sin programkomité på ny.

– Dette gjeld spesielt jenter som av ulike årsaker treng prevensjon, anten det gjeld sterke menssmerter eller at dei debuterer seksuelt tidleg, seier Haukland, som meiner at dette er eit viktig abortførebyggjande tiltak.

– Me ønskjer at dette skal skje i samråd med lege, slik at dei forhåpentlegvis vert følgd opp av ein trygg vaksen, som kan ta samtalar og finne ut om det er skeive maktforhald i relasjonen, eller om det finst ein grad av ufrivilligheit, understrekar KrFU-leiaren.