Presidenten i Argentina vil innføra sjølvbestemt abort

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 03.03.2020 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag heldt den argentinske presidenten Alberto Fernández sin første årlege tale til kongressen, etter å ha overteke president-embetet i desember 2019.

– Staten må verna om sine innbyggarar generelt, og kvinner spesielt, sa han ifølgje The Guardian.

– Samfunnet i det 21. århundre må respektera folk sine individuelle val til å fritt kunne bestemma over sine kroppar.

Fanesak for den nye presidenten

I 2018 vart det også forsøkt å få gjennom ei lovendring om lovleg abort, men med sterk motstand frå kyrkja og ein president som ikkje støtta lovforslaget, gjekk det ikkje gjennom.

I oktober i fjor måtte den sitjande presidenten Mauricio Macri frå sentrum-høgrepartiet PRO sjå seg slått av av Alberto Fernández frå Justicialistpartiet, som er ein del av den venstreorienterte peronistrørsla.

Macri var sjølv mot å legalisera abort, men varsla i 2018 at han ville godkjenna forslaget, dersom det fekk fleirtal.

Denne gongen er det presidenten sjølv, Fernández, som legg fram forslaget, og har styringspartiet si støtte i ryggen.

Å gjera abort lovleg var ei av dei første sakene Fernández lova å jobba for etter å ha vunne valet, til stor støtte frå kvinnesaksgruppene i landet.

Han meiner at kriminaliseringa av abort har ført mange kvinner, særleg fattigare kvinner, til å ta risikofylte, hemmelege abortar.

– Noko som set helsa, og av og til liva deira, i fare.

Les også: 2019: Abortstrid kan gi ny 8. mars-rekord

– Historisk

Abort er i dag kun lovleg om mors liv er i fare eller om graviditeten er eit resultat av valdtekt eller incest. Kvinner som tek abort i Argentina risikerer i dag opptil fire års fengsel, medan helsepersonell kan straffast med inntil seks års fengsel.

Ifølgje Amnesty vert det årleg utført kring ein halv million ulovlege abortar i landet, og sidan 1983 har over 3000 kvinner mista livet som følgje av utrygge abortar.

– Me er veldig glade, dette er ein historisk dag, sa kvinnesaksforskjempar Ana Correa til The Guardian.

Ho er glad for at avkriminalisering og legalisering av abort endeleg er innanfor rekkevidde, og håpar kongressen stemmer det gjennom.

Kampanjar som #NiUnaMenos (ikkje ein færre) og #UnVioladorEnTuCamino (Ein valdtektsmann på din veg) har fått stor oppslutning det siste året, ikkje berre nasjonalt og i Latin-Amerika, men over heile verda.

Kvar 30. time vert ei kvinne drept i Argentina, i såkalla femicide, og kvinnekamp er for tida høgt på agendaen for innbyggarane.

Flashmob av "Un violador en tu camino - Lastesis" ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Flashmob av “Un violador en tu camino – Lastesis” ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Første store landet

Med katolisme som hovudreligion på kontinentet, er abort ulovleg i dei fleste Latin-Amerikanske landa.

Abort har vore lovleg på Cuba sidan 1965, noko som betyr at landet med sine 11,2 millionar innbyggarar er det største i regionen som tillet sjølvbestemt abort.

Uruguay legaliserte abort i 2012. I tillegg er abort lovleg i Britisk Guyana og nokre delar av Mexico.

Argentina med sine nesten 45 millionar innbyggarar, vil difor vera det første av dei store landa i Latin-Amerika med lovleg abort, dersom lovforslaget går gjennom.

El Salvador, Nicaragua og Den dominikanske republikk skil seg ut med å ikkje opna for abort under nokre omstendigheiter. Amnesty har fleire gonger kritisert praksisen i El Salvador der kvinner som spontanaborterer risikerer lange fengselsstraffer for drap.

21. mai i år stilte kring 3000 menneske opp framfor delstatsbygget i St.Paul, Minnesota, for å protestera mot dei nye abortinnstrammingane. Foto: Fibonacci Blue