Nestleiar i Oslo KrFU: «Nesten straffefridom for valdtekt i Noreg»

Ingvild Halderaker Husby
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Før KrFU sitt landsmøte sist helg sende eg og fylkeslaget mitt inn ein resolusjon om å innføre ei samtykkelov i Noreg. Den blei positivt møtt av mange, og vedteken av landsmøtet.

No håpar eg vi kan få KrF til å gjere det same.

78 domfellingar i 2016

Kvar dag får i snitt tre personar i Noreg beskjed om at valdtektssaka dei har politimeldt er vekklagd. Dette er eit tydeleg teikn på at noko er feil.

1 av 10 kvinner i Noreg har blitt utsatt for valdtekt. Og få politimelder. I 2016 blei 1504 valdtekter politimelde i Noreg. Berre 78 personar fekk ein dom. Desse tala beviser at det nesten er straffefridom for valdtekt i Noreg.

Noreg sviktar dei som er blitt valdtekne.

Rettar opp jussen

Høgre sin justispolitiske talsperson Peter Frølich meiner at å innføra ei samtykkelov i Noreg gjer at vi risikerer å kludre til jussen. Dette heng ikkje på greip.

I dag definerer norsk lov at valdtekt er å skaffa seg seksuell omgang med bruk av vald, truslar eller med nokon som er bevisstlaus, eller av andre grunnar er ute av stand til å gjere motstand. Denne lova tek ikkje for seg at mangel på samtykke også er valdtekt. Vi kludrar ikkje til jussen, vi rettar den opp.

Slik lova er no er det ikkje nok å seie nei

83 % av nordmenn meiner at valdtekt er sex utan samtykke. Det er ingen grunn til at dette ikkje skal speglast i norsk lov. Slik lova er no er det ikkje nok å seie nei.

Mål om fleire dommar

Frølich seier også at ei samtykkelov i verste fall kan kriminalisere og domfelle uskuldige personar. I norsk domstol så blir ein ikkje dømd utan tilstrekkjelege bevis. Ei samtykkelov kan føre til fleire domfellingar og det er eit av måla.

Ei samtykkelov kan føre til fleire domfellingar

Ei samtykkelov vil gje eit nytt fokus i den strafferettslege behandlinga og fleire valdtektsmeldingar vil kunne etterforskast grundigare og forhåpentlegvis få ei rettferdig behandling i domstolen.

Sex utan samtykke er valdtekt

Det er mykje som må gjerast, både auka ressursar og kompetanse hos politiet, men også å endra lovverket. Norsk lovverk må endrast slik at det vert fastslått i straffelova si valdtektsbestemming at sex utan samtykke er valdtekt, som også er i tråd med menneskerettane.

No må Noreg sjå til Sverige og Danmark og innføra ei samtykkelov. Vi må slutte å svikte dei som blir veldtekne, vi må gje dei rettferd.

Har du noko på hjarta? Skriv inn til tips @ framtida.no!

________________________________________________________________________

Illustrasjonsfoto: Gregory Pappas/Unsplash.com