Berre 6,5 prosent av alle meldte lovbrot skjer i nynorskkommunar.

mm

Hege Jensen, andrekandidaten på stortingslista til Framstegspartiet i Hedmark, uttala i ein debatt sist veke at ho fryktar at nynorsk kan føra til meir kriminalitet.

Men ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå er kriminaliteten i nynorskkommunar langt lågare enn i andre kommunar.

LES OGSÅ: Sjeldan eg ver målbunden

– Reglar kan føra til meir kriminalitet
I 2011-2012 blei det meldt i snitt meldt om 375000 lovbrot per år i Noreg. Berre 24359 av desse skjedde i dei vel 110 nynorskkommunane. Hovudstaden tronar på toppen med 89738 lovbrot. Bergen kjem på andreplass med 23214 lovbrot.

Talet på elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål har halde seg kring 13 prosent dei siste ti åra. Det kan dermed sjå ut som om det berre er halvparten så mange lovbrot per innbyggjar i nynorskkommunar, samanlikna med dei kommunane som er språknøytrale eller har bokmål som hovudmål. Det står ingenting i statistikken om kva målform dei domfelte har.

Sorenskrivar i Sunnhordland, Knut Gramstad, kjenner ikkje til tal som tilseier at nynorskbrukarar er mindre kriminelle enn bokmålsbrukarar. Men han stadfestar at det er færre saker som kjem opp i tingretten i Sunnhordland enn tilsvarande store bokmålsdistrikt.

– Eg har ikkje tru på at det er meir kriminalitet blant til dømes bokmålselevar som har gått i ein nynorskklasse, seier han og legg til:

– Alle ting me gjer i dette samfunnet kan gjera oss kriminelle. Det er heilt sant at enkelte reglar kan føra til meir kriminalitet. Til dømes vil ei fartsgrense på 50 km/t gjera enkelte kriminelle. Ei lov som fører til gode resultat, vil også kunne gjera nokon kriminelle.

LES OGSÅ: – Smartare av nynorsk

– Ikkje uroa for nynorsken

Leiar i Juristmållaget, Eirik Myking Midtbø, har fått med seg utspelet til Hege Jensen i Frp. Han ler av det heile.

– Eg såg ein god kommentar på Facebook, der ein skreiv at no ventar me berre på at ein eller annan Ronny står fram og fortel at han byrja med nynorsk, og no gjer han brekk for å pengar til narko.

Så blir Midtbø alvorleg:

– Som jurist har eg aldri sett nokon vitskapleg undersøking som påviser nokon slik samanheng, seier Eirik Myking Midtbø og meiner påstandane er langt ute på viddene.

– Eg er ikkje bekymra for nynorsken si stilling. Om dette skal gå ut over noko, er det heller truverdet til Framstegspartiet.

Sjølv kjenner han ikkje til ein einaste storkriminell nynorskbrukar, men nemner at meisterhjernen for Nokas-ranet, David Toska, hadde slekt frå nynorskkommunen Radøy. Etter det Framtida.no kjenner til skal Toska ha hatt bokmål som hovudmål på skulen.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Kjenner ingen storkriminelle nynorskingar

John Christian Elden har vore forsvarsadvokat i nokre av dei mest alvorlege sakene i norsk rettshistorie, mellom anna i Nokas-saka. På spørsmål om han trur det er nokon samanheng mellom nynorsk og kriminalitet, svarer han dette i ein epost:

– Etter mi uverifiserte ikkje-forsking på området, kan eg ikkje kome på nokon alvorlege staffesaker eg har hatt der den tiltalte har vore aktiv nynorskbrukar, så kanskje er det slik at dersom me hadde bytta ut bokmålet med nynorsk ville kriminaliteten i Noreg gå dramatisk ned?

Og legg til:
– Med mogleg unntak for heimebrenning og mindre slagsmål på lokalet.

LES OGSÅ: Lever lengre i nynorskland

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE