Framtida
Publisert
Oppdatert 20.06.2020 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møt Dangfart Tønnessen!

Over 120.000 personar følgjer 88 år gamle Dangfart Tønnessen på Facebook. I verkelegheita er Dangfart ein anonym mann i tjueåra som skulle ha ei maske til ein kostymefest.

– Maska var ganske dyr, så eg tenkte at eg måtte gjere noko meir ut av det. Eg begynte å lage litt sketsjar og slikt. Og så berre utvikla det seg. Det er heilt vilt at det er blitt så mange følgjarar no, seier han.

Og han har lurt mange. Til og med Bergens Tidende trudde at Dangfart var ein ekte mann på 88 etter at han køyrde rundt på classywalk inne på Oasen kjøpesenter.

Åt peparkakene i peparkakebyen
Ved eitt høve hang han opp ein lapp utanfor Bergensavisen sine lokale, med teksten «Sommaren er sakna. Har du sett han? Ring dette nummeret.»

– BA sette i gong ein heil aksjon for å finne ut kven nummeret høyrde til. Det var berre eit nummer eg fann som ikkje lenger var i bruk. Eg trur det var til ein nedlagt blomsterbutikk eller noko sånn, seier han og ler.

Ved eit anna høve vart Dangfart invitert til peparkakebyen. Men Dangfart trudde det var ein buffe, så han forsynte seg av peparkakene.

– Det er det eg elskar med å vere Dangfart. Gamle menneske er akkurat som barn: Dei slepp unna med alt. I ni av ti tilfelle ville nokon ringt politiet viss eg gjorde dei same tinga utan maska.

MØT OGSÅ: Maria Stavang (21) aka Piateed – som er årets nykommar i komikar-Noreg

Farmor er inspirasjonskjelde
Men det har ikkje berre vore enkelt å bli ein 88 år gamal mann. For å sjå truverdig ut har han øvd seg på mimikk og gange. Mykje har han lært gjennom å observere gamle folk –med farmora som største inspirasjonskjelde.

– Gamle folk lagar mange rare lydar. Det høyrest heilt sjukt ut at eg observerer gamle folk. Nokon trur eg har ein slags fetisj, ler han.

Sidan mannen bak maska ikkje er utdanna skodespelar, skulle han gjerne hatt ein studietur til Kanariøyene. Det er gamle folk sine nettvanar han synest er kjekkast å gjere narr av.

– Altså, Tønnessen ville ikkje funka for ti år sidan. Det som hende var at foreldregenerasjonen, og så besteforeldregenerasjonen, tok fullstendig styringa over Facebook. Dei trykker på ting heilt ukritisk. «Få ein Tesla» står det, og dei trykker.

– Ein bergensar som veit best
Men kven er eigentleg Dangfart Tønnessen?

– Han er ein god, gamaldags bergensar, som alltid veit best. Mormor sa ein gong at mange gamle folk bur i Mannsverk, så då tenkte eg at Tønnessen skulle bu der. Tønnessen har ei meining om det meste, og kommenterer ofte på nyheitsartiklane.

Tønnessen er ikkje den einaste karakteren frå Mannsverk. Også heimehjelpa Anne Marianne (frå bingoen), svaksynte Sølvi, og guten i blokka, Remy-Rene, er aktive i livet til Dangfart. Nokon av desse vil få meir plass med tida, avslørar han.

– Det er ikkje like gøy når alle veit at Dangfart ikkje er ekte. Så kanskje eg utviklar andre karakterar.

LES OGSÅ: Tommy Hansen gjekk viralt med Adele-video

Stålull i mikroen
Sjølv om humoren er på topp, og likerklikka renner inn, er det ikkje alle som ler. Dangfart engasjerer seg nemleg i mange facebookgrupper, der han gjerne bidrar med råd. Med eitt av desse råda gjekk det gale. (Sjå skjermdumpen nedst i saka!)

– Det er ei gruppe som heiter «Hjelp til alt mulig», der ei dame spurde etter tips for å fjerne sur lukt frå klutar. Dangfart foreslo å legge dei i mikroen i lag med stålull dyppa i olivenolje, for då ville dei lukte som lavendel. Eg hadde aldri trudd at ho kom til å gjere det. Men ja… Mikroen hennar blei øydelagt, så eg måtte jo sende ein ny i posten. Frakta blei mykje dyrare enn sjølve mikrobølgeomnen, men eg fekk skikkeleg dårleg samvit.

– Kva er likskapane mellom deg sjølv og Dangfart?

– Eg kjem til å vere han om 60 år. På den alderen vil eg også kunne sitje på Facebook og herje. Vi har begge like dårleg humor.

Avslørar ikkje seg sjølv
Han har så langt klart å halde maska, og det tok faktisk ei stund før familien fann ut av det.

– Fleire nære familiemedlemmar såg på videoar og bilde av Dangfart, og kunne spørje kven den gamle mannen var. Eg har også eit familiemedlem som bur i England. Då ho sende farmor eit YouTube-klipp av Dangfart, trudde farmor at ho såg meg på TV i England, haha.

I følgje mannen sjølv har Dangfart Tønnessen blitt litt vel populær. Aller helst skulle han ønske at folk ikkje visste at det er ein karakter. Men å avsløre sin ekte identitet, det skal han ikkje.

– Den dagen dør Dangfart.

Slik gjekk det til at Dangfart Tønnessen måtte kjøpe ny mikrobølgeovn til ein godtruande, eldre Facebook-brukar:
14633025_683185901849678_8198893331352468410_n

Faktaboks

Ti raske om Dangfart Tønnessen:

– Mallorca eller Gran Canaria?
– Gran Canaria. Det er jo himmelen for pensjonistar.

– Hund eller katt?
– Nakenkatt. Eller hund på cellegift, som han plar seie.

– Øl eller vin?
– Alt går i grisen.

– Dangfart sa nyleg at han ville stille til president i USA. Korleis ligg han han?
– Han ligg dårleg an akkurat no. Derfor vil han stille i 2020, sidan Trump berre kjem til å sitte i ein periode.

– PC eller Mac?
– EDB med Windows 95 (elektronisk databehandling, journ.merk.)

– Kva får Dangfart i postkassa si?
– Masse reklame. Men han er minstepensjonist og kjøper ikkje noko av det.

– Kva kjøper han på butikken?
– Rullekake, servelat, eventyrblanding og Ferrero Rocher.

– Korleis er helsa?
– Han går aldri til legen, berre googlar det, og har kreft uansett.

– Kontantar eller bankkort?
– Sotradollar.

– Dangfart elskar kjøpesenter. Kva butikkar går han i?
– Han går berre rundt utan å kjøpe ting. Gamle folk er rota til all kø, og det er sikkert mange som har mista ølsalet på grunn av han.