Nynorsk på frammarsj i Afrika

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 14.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ganske spesielt, seier Eivind Hauglid, informasjonsleiar i Det norske misjonsselskap til Framtida.no.

Den norske skulen i Kamerun har vore ein bokmålskule heilt frå oppstarten i 1958 og fram til no. Dette året har det umogelege skjedd – alle elevane har no nynorsk som målform.

Alle lærarane har også nynorsk som hovudmål. Dette skjer trass i at vedtektene seier at skulen skal vera ein bokmålskule.

– Spørsmålet er om vedtektene no må endrast. For me kan jo ikkje akkurat nekta elevane å få undervisning på si eiga målform, seier rektor Trond Hjorteland, til nms.no. Skulen er eigd og driven av Det Norske Misjonsselskap.

Ni elevar
I år er det ni elevar på skulen. Kanskje ikkje mange, men tre gonger så mange som dei tre som gjekk her i fjor. Desse tre går her framleis, og dei er glade for å få nye klassekameratar.

– Det var verkeleg einsamt her i fjor. Det var ingen å prate med i friminutta, fortel Marianne Tomren (13), eldste elev på skulen.

– Den største skilnaden frå Noreg er nok at talet på elevar er monaleg lågare her. På Den norske skulen i Kamerun går 1.-4. trinn saman i ein klasse og 5.-8. trinn i ein annan – altså ein såkalla fådelt skule, skriv rektor Hjorteland i ein epost til Framtida.no.

Språkmektig nasjon
Å læra opp lokalbefolkninga i nynorsk blir nok ikkje aktuelt, skal me tru rektoren.

– Kamerunarar er jamt over språksterke menneske; det er ikkje uvanleg at folk snakkar fire-fem språk i tillegg til morsmålet. Slik må det nok vera i eit land som har over 200 forskjellige språk. Sjølv skøyar dei med at Babels tårn nok må ha stått i Kamerun. Å innføra nynorsk i tillegg til dei vel 200 språka som finst her frå før, ville nok derfor vera som å selja sand i Sahara – sjølv om kamerunarar nå går glipp av forfattarar som Aasmund O. Vinje og Rasmus Løland på originalmålet, seier Trond Hjorteland til Framtida.no.

Faktaboks

Les om Kamerun på Wikipedia!