Dei 20 artigaste finske kommunevåpena

Martin Årseth
Publisert
Oppdatert 12.05.2018 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er 311 kommunar i Finland, redusert frå 444 i 2005 gjennom samanslåingar. Desse har kommunevåpen, men få nordmenn har noko særleg god oversikt over finske kommunevåpen. Her er ein liten guide til dei.

Dyr på jobb

Ein klassisk kategori blant finske kommunevåpen er dyr på jobb. Her er kommunane Renko, Orimatti, Kontiola og Eno. Hesten og eine bjørnen ser motiverte ut, medan oksen og den andre bjørnen ser ikkje ut som dei er heilt klare for måndag alt. Dei to bjørnane saman i Karhula ser kanskje litt for klare ut for jobb.

Orimatti

Renko

 

Kontiola

Eno

 

Karhula

Fulle dyr

Finland

Det fullaste dyret er sjølvsagt det finske riksvåpenet. Det er ei løve som er så full at hen stikk seg sjølv i hovudet med eit sverd. Fort gjort.

Kommnane Valtimo og Mänttä er blant dei andre som har fulle dyr som våpen.

Mäntta har ei full gaupe, medan Valtimo har ein full ulv.

 

 

 

Mantta

Valtimo

Russaren som får vere med

Petsjenga

Den tidlegare finske kommunen Petsamo, no Pechenga, og Peisen på norsk, vart russisk etter den andre verdskrigen, saman med andre finske område som Sovjetsamveldet kravde som krigsoppgjer.

Dette er eit russisk kommunevåpen, som dei fekk i 1970, altså etter å ha vore russisk område i 25 år. Men det får vere med likevel, sidan me er litt storsinna og det er eit artig kommunevåpen.

Det er altså eit fyrtårn og nordlys øvst, og nokre symbol på industri under.

 

Folk og fe

Tuupovaa

Ein annan interessant kategori innan finske kommunevåpen, er våpen med personar på. Det er nemleg ikkje berre fe i kommuenvåpena.

Tuupovaa har ein gråhåra mann som bles veldig hardt i hornet. Nurmijar veld andletet til ein blond mann.

Andre kommunar har helgenar eller andre viktige personar som held nøklar eller andre symbol, eller møter tiggarar.

Som ein kan sjå under, overraskar kommunen Toivakka med å ha ha teikna Magnus Marsdal frå tankesmia Manifest inn i kommunevåpenet.

Nurmijar

Kven som har stått modell for Tuupovaa og Nurmijar er meir uvisst.

Om du kjenner att personane i kommunevåpena, send e-post til tips@framtida.no.

 

Toivakka og Magnus Marsdal (t.h.)

Her er to andre kommunevåpen med folk på:

Lapin

Lappeenr

 

Marine delikatesser

Kymi

Eit anna typisk tema i finske kommunevåpen, er fisk.

Det er veldig mange heilt vanlege fiskar, men heldigvis nokre litt uvanlege fiskar òg. Fisken Kymi har i våpenet sitt har jamvel ei krone.

Kymi er ein gamal og liten by, grunnlagt på 1600-talet. Men vart saman med Karhula slege saman med Kotka i 1970, og finst difor ikkje lenger som eigen kommune.

 

 

Eurajoki

I Eurajoki har dei ikkje fisk, men litt anna maritimt tema.

Våpenet er sett saman av ein hummar som held eller et, det er ikkje godt å seie, ein ål. Dei to dyra symboliserer den lokale kyrkjelyden.

Dei er på innsida av mellomalderborga i landsbyen.

 

 

Hämeenlinna

 

Og dersom nokon lurar på kvar Teletubbiane fann sola si, kan Framtida melde om at inspirasjonen truleg er henta frå Hämeenlinna kommune sør i Finland. Dei er mellom anna kjent for å vere endestasjonen på den første toglina i Finland, som byrja å gå frå Helsinki til Hämeenlinna i 1862.

Blant dei andre kommunevåpena med dyr på kan ein trekkje fram Luhanka som har ein fin grevling, og Kiikoinen som har ei geit med veske. Den saklege forklaringa her er at Kiikoinen vart tidlegare kalla Kuttukappeli, som tyder på geitekapell. Veska er ei neverveke og skal symbolisere dei mange dag-arbeidarane i området.

Kiikoinen

Luhanka

 

 

 

 

 

 

 

 

Og vinnaren er …

Inari

Inari nord i Finland går av med sigeren i denne høgst uoffisielle kåringa av beste finske kommunevåpen. Dei har ein fisk med gevir på svart bakgrunn.

Det er berre å krysse fingrane for at denne fisken eksisterer i den verkelege verda.

Dei som ønskjer å leite vidare etter fleire fine våpen i andre land kan leite på nettstaden nwl.nl, eit oppslagsverk om heraldikk.

 

Illustrasjonsfoto: Heraldry of the World