Kva synest stortingsrepresentantane om Beyoncé?

Martin Årseth
Publisert
Oppdatert 10.04.2019 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Likar din stortingsrepresentant Beyoncé?

Éin ting veldig få maktpersonar må stå til ansvar for, er kva dei synest om Beyoncé. Det har Framtida.no teke på alvor, og har difor stilt alle 169 stortingsrepresentantane til veggs om Beyoncé. Me har sendt dei tre spørsmål, og trykkjer svara deira i sin heilskap.

Spørsmåla me sende er desse:

  1. Likar du Beyoncé?
  2. Om ja, kva er din favorittsong av Beyoncé?
  3. Om nei, kvifor likar du ikkje Beyoncé?

    Sivert Bjørnstad (Frp)

Framtida har fått 44 svar, godt fordelt på fylke, parti og komitear. Me får håpe at ferie er årsaka til at me ikkje fekk fleire svar, og at det ikkje er fordi dei mislikar Beyoncé.

Dette er direkte inspirert av den internasjonale rørsla som prøver å få svar frå parlamentsmedlemer om Beyoncé. Her kan du sjå kva dei irske politikarane svara – og dette svara dei australske.

Me oppdaterer saka etterkvart om me får inn fleire svar.

Sivert Bjørnstad, næringspolitisk talsmann for Frp og representant frå Sør-Trøndelag, svara først og etter berre få minutt.

«Har ikke noe forhold til vedkommende.»

Quiz: hva kalte Jay Z Beyoncé før de giftet seg?

Erik Skutle (H)

Beyoncé-kviss

Erik Skutle er ifølgje seg sjølv god på kontroll, rå på konstitusjon. Då passar det godt at han sit i kontroll- og konstitusjonskomiteen for Høgre. Han er representant frå Hordaland.

«1) Ja, men liker Destinys child bedre.
2) All the single ladies»

Skutle følgjer opp seinare med ny e-post:

«Men altså, wtf?»

Etter det kjem endå ein ny e-post med ein kviss journalisten diverre måtte melde pass på.

«Quiz: Hva kalte Jay Z Beyoncé før de giftet seg?»

Svaret er Feyoncé.

Michael Tetzschner (H)

Trine Skei Grande (V)

Venstre-leiar Trine Skei Grande er valt inn frå Oslo og sit i utanriks- og forsvarskomiteen. Ho stiller seg nøytral til Beyoncé.

«Jeg har nok ikke noen likes eller dislikes her.»

Michael Tetzschner vil ikkje avsløre kva han synest om Beyoncé.

«Jeg kan ikke forstå hvorfor mitt syn på B. skulle kunne ha offentlig interesse.»

 

 

Irene Johansen (Ap)

Føretrekk ABBA

Irene Johansen er innvald frå Østfold, og sit i Finanskomiteen for Arbeidarpartiet.

«Ja. Jeg har ingen favorittsang.»

Tor André Johnsen sit på Stortinget for Hedmark, og sit Transport- og kommunikasjonskomiteen for Framstegspartiet.

Tor André Johnsen (Frp)

«He he spør heller om jeg liker Jahn Teigen, Madonna eller ABBA. Har ikke noe forhold til Beyonce men datteren min liker henne.»

Johnsen hadde òg med to smilefjes, såkalla emojiar, men dei fekk eg diverre ikkje kopiert inn i teksten.

Anders Tyvand (KrF)

Anders Tyvand sit i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen for Kristeleg Folkeparti, og er vald inn frå Vestfold.

«Dette var et spørsmål litt utenom det vanlige, men her er svarene: 1. Ja 2. Love on top»

 

 

Likar ikkje når ho skrålar

Sveinung Stensland (H)

Det kanskje mest omfattande svaret kjem frå Sveinung Stensland. Han er Høgre-representant frå Rogaland, og sit i Helse- og omsorgskomiteen:

«Jeg har alltid lurt på når min omfattende musikkunnskap skulle komme til nytte. Jeg konstaterer at den ikke er til særlig nytte nå heller. For hun Beyonce har ikke særlig peiling på utover følgende:

1) Ja, men bare litt. Hun har en god stemme, mer tvilende til musikken.
2) Det må bli Irreplaceable, finnes noen slike der jeg vanker.
3) Jeg liker henne ikke når hun skråler for mye»

Lise Christoffersen (Ap)

Lise Christoffersen er frå Buskerud og sit i Arbeids- og sosialkomiteen for Arbeidarpartiet. Ho orsakar seg for å gje eit keisamt svar, men det tilgjev me henne sjølvsagt for. Dette er ei kartlegging, ikkje moralisme.

«Hei, jeg har ikke noe forhold til henne og musikken hennes, ikke helt min genre, så det blir vel et litt kjedelig svar. Har heller ikke noe spesielt i mot henne. Har ingen favorittsang. Kan ikke si at jeg ikke liker henne, heller nøytral.»

1) Ja 2) Single Ladies

Sveinung Rotevatn i Venstre er tilhengjar av både Beyoncé og av klar tale. Han sender følgjande e-post, kanskje til glede for nokre av våre kvinnelege lesarar:

Sveinung Rotevatn (V)

«1) Ja

2) Single Ladies»

Han er innvald frå Sogn og Fjordane, og er medlem av arbeids- og sosialkomiteen.

 

 

Ein annan Venstre-representant, Abid Raja frå Akershus, skil seg markant ut frå dei andre. Transportkomitémedlemen er nemleg den einaste som svarar at han har vore på Beyoncé-konsert. Han har sendt dette flotte svaret:

Abid Raja (V)

«Jeg synes hun er råflink, en av de aller aller beste artistene gjennom tidende, og et ekstremt stort og godt forbilde for kvinner over hele verden. Hun har stått opp for seg selv, andre kvinner og tatt ordet for mange viktige saker. Flere artiser i Norge bør henne inspirasjon fra de amerikanske, som tar ordet i samfunnsdebatten og politikk på en en unik og forbilledlig måte.

Jeg elsker svært mange av hennes sanger, men skal jeg plukke en som særlig gir mening til en far som meg med tvillingdøtre, så er det “If I Were A boy”. Her klarer hun faktisk å få ods til å føle likestillingsutfordringen på en vondt men samtidig vakker måte.

Opplevde henne en gang på konsert i Central Park; jeg var så starstruck at jeg følte jeg mistet bakkekontakt et sekund.»

 

 

Tone Merete Sønsterud (Ap)

Tone Merete Sønsterud frå Hedmark Arbeidarparti sit i kyrkje-, utdannings og forskingskomiteen. Der jobbar dei tydelegvis lite med Beyoncé, for ho svarar dette:

«Jeg har ikke noe forhold til henne i det hele tatt.»

 

 

 

Else-May Botten (Ap)

Else-May Botten sit i næringskomiteen for Arbeidarpartiet, og representerer Møre og Romsdal.

«Hei! Dette var nok det mest originale vi har blitt spurt om i år.:)

1)      Ja

2)      All the single ladies»

 

Oskar Grimstad (Frp)

Oskar Grimstad frå Framstegspartiet er frå Møre og Romsdal, og sit i Næringskomiteen.

«Ikke en av mine favortitter men har en og annen bra melodi. Min favoritt er HELO»

Cash is king

Roy Steffensen (Frp)

Roy Steffensen frå Rogaland Framstegsparti sit i Finanskomiteen. Han er rett på sak:
«Jeg liker Johnny Cash.»

Jenny Klinge frå Møre og Romsdal, sit i justiskomiteen for Senterpartiet. Ho svarar følgjande:

Jenny Klinge (Sp)

«Litt rart spørsmål, men skal gjerne svara:) Ein liten merknad til svaret “ja” under er at eg ikkje følgjer godt med på musikken og alle songane til Beyoncé, men at eg har eit godt inntrykk av ho som artist og tykkjer ho er dyktig til å syngje og danse.»

 

Helge André Njåstad (Frp)

Leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen, Helge Andre Njåstad frå Hordaland, representerer Framstegspartiet, og seier dette:

«Ja. Halo

Sverre Myrli (Ap) var i 2014 den einaste som røysta imot å få grunnlova på nynorsk, medan 168 røysta for. Han skilte seg òg ut som den einaste som røysta imot å leggje ned dei to kammera Stortinget hadde tidlegare, odelstinget og lagtinget.

I spørsmålet om Beyoncé skil han seg ikkje like markant ut, men han høyrer til mindretalet. Det må vere lov.

Sverre Myrli (Ap)

«Jeg takker så mye for dette viktige spørsmålet.
Dessverre er jeg ikke i stand til å svare.
Du skjønner, mine kunnskaper om Beyoncé er svært, svært begrenset.
De begrenser seg i grunnen til at jeg bare har hørt om navnet på artisten; vedkommendes musikk kjenner jeg dessverre ikke til.
Beklager så mye – og riktig god sommer!»

Martin Henriksen (Ap)

Seriøst

Troms-representant Martin Henriksen frå Arbeidarpartiet sit i Kyrkje-, utdannings og forskingskomiteen. Han svara først dette:

«Haha. Seriøst?»

Men han vart tydeleg begeistra då han fekk litt betre forklart kva saka gjekk ut på:

Hege Haukeland Liadal (Ap)

«Jeg elsker denne saka! Har ikke fylt opp spillelistene med henne, men liker selvfølgelig Beyoncé. Hvem gjør ikke det? Favoritten er Crazy in Love (m Jay Z).»

Ein av dei største Beyoncé-tilhengjarane på Stortinget, er Hege Haukeland Liadal, som er kulturpolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet. Ho er frå Rogaland.

Bengt Morten Wenstøb (H)

«Jeg digger Beyonce! All night fra den siste skiva er nydelig. Mange favoritter men Irreplaceable som også har norske stargate-gener. PS er også stor fan av søsteren Solange! God sommer-jeg er på vei til Spania med Beyonce på ørene!»’

Bengt Morten Wenstøb i Høgre sit i Næringskomiteen, og er frå Østfold.

«Jeg har ingen mening om Beyonce.»

Christian Tynning Bjørnø (Ap)

Christian Tynning Bjørnø representerer Telemark og Arbeidarpartiet i kyrkje-, utdannings og forskingskomiteen. Han svarar dette:

«Ja, jeg liker Beyonce! Når jeg tenker litt tilbake så har jeg flere gøye minner til flere av sangene hennes. En av favorittene i så måte er “Crazy in Love”. Og siden vi først er i gang så kan vi jo ta med “Single Ladies” i samme slengen. Er på ingen måte feil den heller!»

Halo!

«Halo!

Jeg pleier vanligvis ikke svare på slike spørsmål. Du fikk meg til å bryte hver regel jeg har. Det er en risiko jeg tar.

Geir Pollestad (Sp)

Jeg har ikke noe mot henne, men er heller ingen fan. Kan ikke si at jeg har noen favorittsang.

Fortsatt god sommer.

Geir Pollestad

Stortingsrepresentant Senterpartiet
Leder næringskomiteen

Telefon: 40 22 85 95

“Baby, I can feel your halo
Pray it won’t fade away”
Beyoncé»

Geir Pollestad skriv som de ser at han ikkje har nokon favorittsong, men Framtida noterer han likevel under «Halo».

Bård Hoksrud (Frp)

Telemarkingen Bård Hoksrud frå Framstegspartiet, sit i helse- og omsorgskomiteen. Tydelegvis ein sat det ikkje er problem å jobbe utan å ha særleg mykje kunnskap om Beyoncé. Det må vere greitt.

 

«Jeg har ikke bitt meg noe særlig merke i henne med unntak av at et klipp jeg så med den 11 årige jenten Asanda som på Britains got talent så på Beyonce som sitt forbilde men det var nok tilfeldig at jeg fikk med meg det :)»

Jeg har ingen mening om Beyonce.

For lite Les Paul

Terje Breivik (V)

Terje Breivik, som sit i finanskomiteen for Venstre og representerer Hordaland, har sett seg litt inn i saka før han svara:

«Takk for djupe, klingande spørsmål. 1. Det veit eg eigentleg ikkje. Har aldri høyrt på ho før eg fekk desse spørsmåla. 2. Proud Mary i duett med Tina Turner var bra. Dama syng steingodt. 3. Ein grunn til at eg har høyrt lite på ho, er truleg at det er lite av kombinasjonen Gibson Les Paul – Marshall stack i musikken hennar.»

Peter Christian Frølich (H)

Peter Christian Frølich er, som du kanskje alt har tippa, konservativ politikar frå Høgre. Han sit på Stortinget for Hordaland, og er medlem av justiskomiteen.

«Hahahaha. 1. Har henne ikke i spillelisten min. Er ikke plass mellom Kakkmaddafakka og Glenn Miller. 2. Husker ikke noen sanger av henne i farten. Hun har ikke gjort noe uutslettelig inntrykk. 3. Synger hun ikke mye kjærlighetssanger? Ikke min ting. Hilsen P.C., 87 år.»

Anniken Huitfeldt (Ap)

 

Anniken Huitfeldt representerer Akershus og Arbeidarpartiet, og sit i utanriks- og forsvarskomiteen. Ho svarar følgjande:

«1. Ja. 2. Independent Women (selv om det er fra Destiny’s Child tiden)»

 

Marianne Marthinsen (Ap)

Nostalgisk

Finanspolitisk talskvinne frå Arbeidarpartiet, Marianne Marthinsen, sit på Stortinget for Oslo.

«Hei! Jeg liker Beyonce! Favorittlåt er Halo

Rogaland-representant for Arbeidarpartiet og medlem av finanskomiteen, Torstein Tvedt Solberg, svarar følgjande:

Torstein Tvedt Solberg (Ap)

«Svaret er ja, og jeg må innrømme at favorittsangen er fra den tidlige Destinys Child tiden og heter «Survivor». Så litt nostalgi der. Og det på tross av at det siste albumet jo er enda mer politisk. =)»

 

Favorittsangen er fra den tidlige Destinys Child-tiden og heter «Survivor».

 

Erlend Wiborg (Frp)

Erlend Wiborg sit i arbeids- og sosialkomiteen for Framstegspartiet. Han likar Beyoncé, og sender oss dette svaret:

«1. Ja, hun har mange bra sanger, men er ikke min favoritt

2. Husker ytterst sjelden navnet på sanger»

 

 

Karin Andersen (SV)

Karin Andersen er, kanskje som venta, oppteken av kva for verdiar artistane ho høyrer på har. Svaret er kort og godt:

«1. Vet ikke noe om hva hun står for. 2. Ingen spesielt.»

Tina Bru i Høgre, som sit i energi- og miljøkomiteen, representerer Rogaland. Og alle i Rogaland kan vere trygge på at det er ein Beyoncé-tilhengjar som representerer dei. Dette svara ho:

Tina Bru (H)

«Hei! Så saken på Framtida.no nå. Kan bekrefte at det er ferie som er årsaken til at jeg ikke har svart før nå, og ikke at jeg misliker Beyoncé! Jeg elsker nemlig Beyoncé.

Favorittlåta er “All night”, fra Lemonade-albumet.

God sommer!»

 

Sonja Mandt (Ap)

Dagen Beyoncé-spørsmåla vart lagt ut, spøka partisekretæren i Arbeidarpartiet på Facebook med at dei hadde sendt ut direktiv frå partikontoret. Same kveld kom svar frå tre Arbeidarparti-representantar, så kanskje det ikkje var ein spøk likevel.

Sonja Mandt svarar følgjande:

«1.Ja
2.Halo»

Ho er medlem av familie- og kulturkomiteen, der ho sit for Arbeidarpartiet og Vestfold.

Åsmund Aukrust (Ap)

Abid Raja fekk lenge vere åleine på trona som den einaste stortingsrepresentanten som har vore på Beyoncé-konsert. Men her kjem Arbeidarpartiets og Akershus eigen Åsmund Aukrust.

Energi- og miljøkomitémedlemen svarar dette:

Lene Vågslid (Ap)

«Ja!!!
Og var på konserten hennes i Telenor Arena sist hun var i Norge!
Helo»

Lene Vågslid frå Telemark sit i justiskomiteen for Arbeidarpartiet, og ho svarar slik:

«Ja, god dansemusikk og god stemning ☺️

Single ladies ☺️»

Arbeidarpartiet på Beyoncé-konsert i Telenor Arena. Foto: Privat

Ho er så digg

Geir Jørgen Bekkevold (KrF)

Kulturpolitisk talsmann i Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold frå Telemark, la ut Framtida-saka på si Facebook-side. Då skreiv han «Jeg har ikke svart jeg, er det krise mon tro????».

Det er såklart krise.

I tråden under posten svarar Geir Toskedal, som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen for Kristeleg Folkeparti, og Rigmor Aasrud som sit i arbeids- og sosialkomiteen for Oppland Arbeidarparti.

Rigmor Aasrud (Ap)

Toskedal skriv at han «Lurer på å svare “sinnssykt tøft, kult eller konge”, men kanskje “hun er så digg” bedre, hvis det er noe for deg. Du avgjør, navnebroder – ligg nå ikke våken pga dette.».

Aasrud skriv «Ikke jeg heller».

Bekkevold vert til slutt overtydd, og svarar følgjande:

«Jens, kan ikke du bare hilse fra meg og si at dama er sikkert kul! Treffer jeg henne på flytoget skal jeg love å slå av en prat og ta en selfi!?

Framtida stadfestar at dei har fått med seg svaret, og Bekkevold skriv ein gong til:

Geir Toskedal (KrF)

«Så bare skriv det da gode Martin, dama er sikkert kjempekul, aner ingenting om henne, men møter jeg henne på flytoget så lover jeg en selfi!?

Saka har nådd Møre og Romsdal. Nord for trivselsfylket har Romsdals budstikke fått inn svar frå dei lokale representantane Helge Orten frå Høgre og Harald Tom Nesvik frå Framstegspartiet.

Harald Tom Nesvik (Frp)

Dei sit høvesvis i transport- og kommunikasjonskomiteen og utanriks- og forsvarskomiteen. Nesvik er jamvel komande fylkesmann.

Orten svarar dette:

Helge Orten (H)

«Morsomt spørsmål. Beyonce er en dyktig artist med flott stemme. Ikke den musikken jeg hører mest på, og har ikke noen spesiell favorittsang. Men hører mye på radio når jeg kjører bil, og da dukker nok Beyonce opp også! (Y)»

Harald Tom Nesvik, derimot, er ikkje så fan.

«Ikke min favoritt», skriv han til Romsdals budstikke.

Fredric Holen Bjørdal (Ap)

Framtida har òg fått svar frå Fredric Holen Bjørdal, han òg frå Møre og Romsdal. Han it i arbeids- og sosialkomiteen for Arbeidarpartiet og svarar slik:

«1. Den offisielle spelelista inneheld sjølvsagt berre Side Brok og Stein Torleif Bjella. Men når døra på kontoret er att og persiennene nede må eg berre tilstå at det kan snike seg inn litt amerikansk R&B. Så svaret er ja, men ikkje sei det til nokon.

2. Crazy in Love

Hadia Tajik (Ap)

Framtida har òg fått assistanse frå Arbeidarparti-kvinne og Rosenborg-tilhengjar, Torunn Kanutte Husvik. Ho har fått samla inn nokre svar i ein Facebook-tråd.

Hadia Tajik svarar dette: «Eg likar Beyonce. Favorittsangen er “Bonnie and Clyde”, pga Tupac-referansene. Har diverre ikkje vore på konsert. Blir gjerne med.»

Ho sit i justiskomiteen for Arbeidarpartiet, og representerer Oslo. Tajik, altså, ikkje Beyoncé.

Stine Renate Håheim (Ap)

Stine Renate Håheim skriv følgjande: «Har ikke vært på konsert. Men jeg, Hilde og Kjetil lagde en gang en musikkvideo til Single Ladies.» Ho representerer Oppland og Arbeidarpartiet i kommunal- og forvaltningskomiteen. 

Kjell-Idar Juvik (Ap)

Det er ikkje alle som ser den heilt store nyheitsverdien i saka. Arbeidarparti-politikar Kjell-Idar Juvik frå Nordland, og medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen svarar slik på spørsmåla:

«Agurktid?
1. Ja, på lik linje med mange andre artister.
2. Den jeg  kommer på og liker  er  ,  Halo»

Heikki Holmås (SV)

Heikki Eidsvoll Holmås sit i energi- og miljøkomiteen for Sosialistisk venstreparti, og han representerer Hordaland. Han svarar slik:

«Ja. Hun har laget mye bra musikk og er en tøff artist som ikke nøler med å bruke sin innflytelse til å fremme feminisme og rettferdighet. Sweet dreams, fordi min kone danser så kult til den og Green light, fordi jeg danser kult til den.»