Møt katten som var med å skriva ein fysikk-rapport

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fysikk-rapporten handla om atom sin oppførsel utifrå ulike temperaturar.

Rapporten, med tittelen Two-, Three-, and Four-Atom Exchange Effects in bcc 3He, er skriven av professor Jack H. Hetherington ved Michigan State University i 1975.

Etter å ha skrive ferdig rapporten, ville han at ein venn skulle lesa gjennom før han sendte det til Physical Review Letters, eit vitskapeleg tidsskrift.

Måtte byte ut «vi»

Jack H. Hetherington . Foto: Michigan State Univeristy

Vennen og kollegaen såg at Hetherington hadde brukt «vi» gjennom heile teksten, og meinte det ville vera eit problem for tidsskriftet, all den tid dei kun aksepterte det om det var fleire forfattarar.

Noko som ikkje ville vore eit problem i 2020 der ein skriv på PC og lett kan byta ut alle «vi» med «eg».

Men dette var i 1975, og rapporten var skriven på skrivemaskin. Professoren ville ha måtta skrive alt på nytt, eller funne fram korrekturlakk og penn. Uansett inga optimal løysing.

For stygge til å få bli med i utstilling. Foto: UiB

Istaden fann Hetherington ein annan måte å løysa problemet på.

Les også: Vil ha eiga utstilling av «dei etterlatne»:
– Skamutstoppa dyr treng også kjærleik

Felix Domesticus Willard Chester

I boka More random parts in science har Robert L. Weber samla ulike kuriøse historier, mellom anna denne. Ifølgje han skal professor Hetherington ha sagt:

– Etter å ha tenkt gjennom det ein kveld ba eg sekretæren min om å legga til namnet på familiekatten Chester. Ein siamesar avla fram av faren Willard. Eg la til F. D. for Felix domesticus og slik vart det F. D. C. Willard.

Les også: Bia B. er verdas største bie-influensar med over 140.000 følgjarar

Har ikkje angra

Vidare fortel han at han gjorde dette fordi dei som professorar delvis blir betalt etter kor mange artiklar dei får publisert, i tillegg til at det gir mindre ære på ryktet sitt når ein har med ein medforfattar.

– På den andre sida var eg ikkje blind for publisitetsverdien heller. Dersom innhaldet stemte ville folk hugsa det betre om dei visste om dyreforfattaren. Uansett: eg gjorde det og har ikkje angra på det. Dei fleste synes det er moro, berre redaktørar ser lite humor i det av ein eller annan grunn.

Artikkelen vart akseptert og publisert i Physical Review nr. 35 (November 1975).

Då artikkelen var trykt, signerte både katten og professoren ei titals kopiar og sende ut til vener, noko som gjorde at namnet vart avslørt som katt i 1978.

Tilbydd professor-stilling

Nokre år seinare hadde F. D. C. Willard lært seg fransk og publiserte ein eigen artikkel, ‘L’hélium 3 solide : un antiferromagnétisme nucléaire, i La Recherche i 1980.

Realiteten bak denne signaturen var dog ein heilt annan: Dei ekte forfattarane krangla om korleis dei skulle legga fram idéane sine i artikkelen – og til slutt var ingen av dei viljuge til å signera det ferdige produktet. I staden skreiv dei F. D. C. Willard som einaste forfattar.

Ifølgje Wikipedia skal katten ha fått mykje ros i åra som fulgte rapporten i 1975. Om professor Hetherington ikkje var på jobb, spurte folk nemleg etter medforfattaren i staden. Og slik dukka F. D. C. Willard opp i fotnotar og vart takka for nyttige bidrag til diskusjonen.

Han vart til og med tilbydd ei stilling som professor.

Darius. Foto: Privat