Dette er verdas mest unødvendige oppfinningar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil at oppfinningane mine skal balansere mellom «wow, det der er så dumt» og «men vent, eg har litt lyst på det», sa Matt Benedetto til Forbes i fjor vår.

Amerikanaren er til vanleg produktdesignar, men for eit drygt år sidan fann han ut at han ville bruke ferdigheitene sine på ein uvanleg måte.

Han er oppfinnaren som finn løysingar på kvardagsproblem som eigentleg ikkje eksisterer. Har nokon eigentleg behov for avokado-stift? Eller eit eige verktøy for å få fatt i den siste Pringles-chipsen?

– Berre fordi det er unødvendig, så betyr ikkje det at det ikkje kan vere potensielt nyttig, sa Benedetto til Forbes.

Oppfinnaren har også gjeve ut boka 101 Unnecessary Inventions, der han har samla dei utrulege kreasjonane sine.

Dette er hans beste oppfinningar så langt:

Crocs-hanskar

Har du noko sinne stabba rundt i dine deilige, mjuke crocs og tenkt «skulle ønskje hendene mine kunne oppleve dette nivået av komfort òg»? Då er denne unødvendige oppfinninga nødvendig for deg.

Nettavisa Vice spurde Benedetto kor tid det passar best å ta på seg desse hanskane, og han svara at sidan du knapt kan bruke hendene med dei på, så eignar dei seg mest som street fashion og la til:

– Og sjølvsagt som min favoritt-meme sa, «crocs-hanskane vert verande på når ein har sex».

Pringles-fakkar

I ein Reddit-tråd for nokre månadar sidan sa Benedetto sjølv at denne oppfinninga er den mest unødvendige han har kome på, trass i at den fungerer godt.

Strøymerulett

Slit du med å bestemme deg for kva du skal sjå på Netflix? Med desse terningane treng du aldri kaste vekk tid på det igjen!

Tørkepapir i øyret

Dersom du er av den lettrørte typen, kan også denne oppfinninga kome godt med om du trillar deg fram til at du skal sjå ein grinefilm på Netflix.

Dopapir-vendar

Dei fleste av oppfinningane til Matt Benedetto vert pakka vekk etter han har synt dei fram, med eitt unntak. Denne dopapir-vendaren vart hengande i fleire månadar.

Med ein slik i hus treng ein aldri meir irritere seg over at nokon har hengt dorullen feil veg, som jo sikkert er grunnen til at mange ekteskap bryt saman og kollektiv vert oppløyste.

Telefonhaldar

Har du senebetennelse i armen fordi du sit med telefonen klistra framfor fjeset heile dagen? Frykt ei, du treng ikkje la scrolling og strøyming få ei pause, du kan heller skaffe deg ein slik:

Avokado-stift

Får du aldri nok av avokado, men er så slepphendt med kniven at du risikerer fingrane kvar gong du skal fjerne avokadosteinen?

Forslag til annan mat som kan kome på stift: leverpostei, koriander og egg.

Falske fingrar

Er du litt einsam, og all trøysta du treng er å kjenne nokon greie fingrane sine gjennom håret ditt? Dette kan vere løysinga*:

*Det er mest truleg ikkje løysinga. Det kan heller forverre situasjonen.

Extensions for augebryn

Altså, kvifor ikkje? Fremst av alt stilig, men kan også hjelpe dersom ein har sceneskrekk og skal ha ei viktig framføring.

Blinklys for fotgjengarar

Alle som har teke ein liten klein linedance med tilfeldige personar på gata fordi begge går til same side når ein skal gå forbi kvarandre, veit at dette faktisk ikkje er ei unødvendig oppfinning.

Dette er heilt nødvendig for å fungere skikkeleg i kvardagen: