Norske Amalie lærte rotta Darius å måle – har selt bileta til USA

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 21.11.2019 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har fått bilete frå dei som kjøpte måleria til Darius. Dei har ramma dei inn i kjempefine små rammer, og eg berre: «Herregud!»

Det fortel Amalie Markota Andersen (22) frå Askim på telefon til Framtida.no.

– Det er veldig koselig, ikkje berre å tenke på at bileta hans er der ute, men også kor sterkt inntrykk han har gjort på så sjukt mange folk, seier ho.

Darius-verket «A rottie dream» får heidersplass på veggen heime hjå ein amerikansk kjøpar. Foto: Privat

Uventa engasjement

Det heile starta for halvanna år sidan.

Amalie Markota Andersen og ei av hennar nye rotter, Mango. Foto: Privat

Medan 22-åringen scrolla på Instagram kom ho over eit innlegg ho beit seg merke i. Nokon hadde laga eit bilete av poteavtrykka til hunden sin i blekk.

Andersen, som til dagleg studerer animasjon og digital kunst hjå Høgskulen i Innlandet, ville gjere det same med sitt kjæledyr – rotta Darius.

Ho kjøpte inn giftfri måling og pittesmå lerret:

– Men det var utruleg vanskeleg å få han til å sitje roleg, seier ho og ler.

– Jaja, tenkte eg, då får han gjere som han vil. Det trong ikkje vere eit bestemt fotavtrykk – berre eit lite bilete som han hadde laga sjølv.

Andersen la ut bilete av den vesle kunstnaren som poserer ved sidan av det første verket sitt på bloggplattformen Tumblr.

Lite visste ho om kor stort engasjement det skulle skape.

Originalen vart fort snappa opp av ein årvaken kjøpar, og kort tid etter tikka det inn bestillingar i innboksen.

Stolt kunstnar

I september – over eitt år etter at bileta først vart lagt ut på Tumblr og eit halvt år etter Darius døydde – fekk bileta nytt liv på Twitter.

Då melde også interessen frå internasjonale nyheitsmedium seg. Amalie Markota Andersen, og kunstnaren Darius, gjekk plutseleg viralt.

Om ein googlar 22-åringen no, dukkar det opp artiklar frå den amerikanske nettavisa Insider, frå den britiske avisa Metro, nettstaden UNILAD, og australske The New Daily.

Darius. Foto: Privat

Sjølv tykkjer Andersen det heile har vore rart, men òg stas. «Åh herregud, Darius er på Insider», som ho sjølv seier før ho ler.

– Eg får framleis meldingar den dag i dag frå folk som seier: «Eg elskar Darius så mykje». Det er overveldande positive tilbakemeldingar. Eg la ikkje merke til dette sjølv, men folk fortel at dei synest han ser så stolt ut!

«Darius» kjem heim

Darius inspiserer tattoveringa til Amalie Markota Andersen. Foto: Privat

Darius fekk spankulere over lerret fire gongar, og alle måleria vart selde til USA. 22-åringen laut setje bestillingsgrense: Darius var trass alt ei rotte, ingen arbeidshest.

Lurer du på kva eit originalt rotteverk går for, i desse dager? Kring 120 kroner.

I ettertid har ho likevel angra på at ho ikkje beheldt det eine måleriet til seg sjølv.

– Eg tenkte ikkje over det då han framleis levde. Eg tenkte eg alltids kunne få han til å lage eitt til. Så vart det gløymt, og plutseleg var han borte.

Rotter lever ikkje lenger enn to år, noko 22-åringen er fullt klar over. Ho har trass alt hatt rotter som kjæledyr sidan ho var 14 år gamal, og først oppdaga at dei er «det beste kjæledyret ein kan ha».

Darius var den sjuande i rekkja, og no har ho rottene Gucci og Mango.

Amalie Markota Andersen seier dei to framleis er så unge at ho ikkje vil utsette dei for stress, men det kan vere ho også let dei dyppe føtene i målingsspannet når dei vert eldre.

Men det har sine positive sider å verte eit internettfenomen. Artikkelen på Insider nådde verda rundt, også til dei som no åtte Darius-verk:

– Han som kjøpte originalen tok kontakt med meg for litt sidan og spurde om eg ville ha det tilbake, fortel Andersen, og legg til:

– Det er så sjukt snilt!

Darius. Foto: Privat