Natur og Ungdom meiner det er noko godt for miljøet i den tredje krisepakka frå regjeringa, men saknar meir fornybarsatsing.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag vart Stortinget samde om den tredje krisepakka frå regjeringa. Denne skal hjelpa næringslivet og setje fart på økonomien.

– Krisepakka tek oss eitt skritt framover og to skritt tilbake. Partia har kome eit godt stykke på vegen til å bruke grøn omstilling som strategi ut av denne krisa, men sløser pengar på auka petroleumsforsking og er bakstreverske når dei etterspør stimulering for auka oljeinvesteringar.

Det seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

Miljøorganisasjonen meiner at det som hjelper dei permitterte i petroleumsindustrien mest, er å utvikle framtidige industriar som har behov for deira kompetanse i framtida.

– Heilt feil prioritering

Sjølv om Natur og Ungdom synest krisepakka gir alt for mye til oljeindustrien, rosar dei lovnadane om ei investeringsavgjersle på karbonfangst- og lagring, og auka støtte til havvind, grøn skipsfart og miljøteknologiordning.

I tillegg skulle dei ønske det var fleire tiltak innan sektorane bygg, samferdsle og jordbruk og håpar det kjem med i seinare krisepakkar.

Miljøorganisasjonen meiner energieffektivisering og rehabilitering av bygg i tillegg til jernbaneoppgraderingar, kan gi sysselsetting samstundes som det fører til mindre klimautslepp på sikt.

– Fordelinga på 600 millioner kroner til veg og 200 millioner til bane viser helt feil prioritering, fortsetter Woie.

I tillegg meiner Natur og Ungdom det manglar tiltak som kan gi bøndenene tryggleik til å  sørge for høg og miljøvenleg matproduksjon i ei usikker tid.

– Her skuffar regjeringa nok ein gong

Natur og Ungdom er også misnøgde med at regjeringa opnar for nytt leiteareal til oljeindustrien.

Måndag føreslo olje- og energidepartementet å lyse ut 36 nye oljeblokker, gjennom TFO-ordninga (tildeling i førehandsdefinerte område).

Nokre av argumenteta var at dette vil føre til vidareutvikling og samstundes oppretthalding av aktivitet på sokkelen i denne perioden.

– Oljeprisfallet viser ekstra tydeleg at det er grøne fornybare næringar vi treng ei satsing på, ikkje olje og gass, reagerer Therese Hugstmyr Woie.

Natur og Ungdom hadde håpa koronasituasjonen fekk regjeringa til å tenke nytt om tildelingane.

– Skal vi planlegge for framtida no, er nye leiteblokker det siste vi treng. Eg hadde håpa at regjeringa tok ansvar for å skape fornybare arbeidsplassar som kan halda gjennom denne krisa, samt dei endå større utfordringane klimakrisa og naturkrisa. Men nei, her skuffar regjeringa nok ein gong.