Natur og Ungdom-leiaren: – Me er nøydde å tenkja på klima opp i dette

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er nøydde å tenkja på klima opp i dette. Me ser at mange snakkar om at me ikkje skal tilbake til dei same vanane og prioriteringane som før når me kjem ut av dette. Det er ikkje snakk om å utnytte krisa til vår eiga vinning, men om å velje løysingar som gjer oss rusta til å handtere neste krise best mogleg, seier Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie på telefon til Framtida.no.

I likskap med andre har ho fått kvardagen velta om med heimekontor, der ho og dei andre i miljøorganisasjonen jobbar med korleis dei skal halda engasjementet til medlemmane oppe når dei ikkje lenger kan møtast.

– Denne krisa viser kor oljeavhengig Noreg er og det er heilt klart overlapp i våre interesser og korleis sikra ein tryggare økonomi i framtida, understrekar ho.

Stressa medlemmar

Den 24. april var planen at Natur og Ungdom skulle arrangera norske versjonar av ein ny internasjonal skulestreik for klima.

På grunn av koronakrisa oppmodar organisasjonen no ungdom til å streike solo på flest mogleg stader i landet og dele bilete med emneknaggen #climatestrikeonline.

NU-leiaren merkar at koronakrisa gjev organisasjonen mykje mindre rom til å fremme sine politiske krav, men har stor forståing for dei politiske ressursane som no vert sette inn på å løyse krisa.

– Då kan det verte umusikalsk å kjefte på alt anna som går treigt. Så trur eg jo det kan vere litt stressande for mange av våre medlemmar som verkeleg føler at det hastar å gjere noko med klimakrisa, seier NU-leiaren og legg til:

– Det kan vere vanskeleg å føle at alt plutseleg står stille, ingen politikarar snakkar om det lenger og framtidsutsiktene er ikkje blitt mindre skumle enn dei var for nokre veker sida.

Seinast den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. 24. april håpar Natur og Ungdom på mange små streikar. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Fragmentert skulestreik

Frå å fokusera på den neste store streiken sit Natur og Ungdom no og førebur framtidige innspel. Dei har sett seg som mål å få over 1000 skulestreikar den 24. april.

– Fokuset har skifta frå å samlast flest mogleg til å få flest mogleg plassar og prikkar på kartet. Me vil heller ha streik på 1000 plassar enn å samla 1000 folk.

Ho oppmodar folk til å vere kreative: lage plakatar, ein liten lesesirkel med klimatema, sjå ein klimadokumentar eller lage ei markering i skogen.

– Eg synest eigentleg det er kulare å ha veldig mange prikkar på noregskartet, for å vise fram at dette ikkje berre er eit byfenomen, seier Hugstmyr Woie.

– Streik er ikkje berre ei handling

Ho ser dilemmaet med å streike frå heimeskule, men trur ikkje folk vil tolke det som ufint å streike i desse tider.

– Streik er ikkje berre ei handling, men òg ei rørsle. Det å klimastreike er å seie at no hastar det at me alle bidreg og det viktigaste eg kan gjere er å stille meg bak desse strenge krava.

Krava er følgjande:

  1. Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030.
  2. Ingen nye leitelisensar til olje og gass.
  3. Vis internasjonal solidaritet for klimastreikarar: Noreg må gi 65 milliardar i klimafinansiering årleg – og ingen klimastreikarar må verte forfølgde av sine styresmakter.
  4. Stogge tapet av naturmangfaldet.

– Ungdomsgenerasjonen er rastlause

Men situasjonen ein ganske anna enn då klima stod høgst på agendaen, noko Hugstmyr Woie meiner ikkje er grunn til å stogga diskusjonen.

– Klimakurrapporten, som legg grunnlaget for regjeringa sin klimaplan for å kutta utsleppa, er tydeleg på at det er eit tidspress. Utset me nokre av desse tiltaka eitt år vert effekten veldig mykje mindre og tiltaka dyrare, seier ho, og legg til:

– Ungdomsgenerasjonen er rastlause, utolmodige, redde og sinte, difor er me nøydde til å vete at dette vert teke på alvor og at det er mogleg å ha to kriser i hovudet samstundes.

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom