Norske ungdommar reiser til klimatoppmøte i Brasil: – Må vere litt optimistisk
Klimaaktivistane er ikkje imponerte over at Noreg reiser til COP30 i Belém utan ein plan for utfasing av olja.
– Eg føler at ein nesten må vere litt optimistisk for å klare å halde ut i klimakampen og i internasjonal klimapolitikk.
Det svarar Liva Nordhus når Framtida.no spør kva forventingar ho har til klimaforhandlingane som skal gå føre seg i Brasil om nokre få dagar, kjent som COP30.
Ho er med i politisk utval for klimarettferd i KFUK-KFUM Global, og skal reise til vertsbyen Belém for å representere norsk sivilsamfunn.
Framtida.no møter Nordhus saman med nokre av dei andre ungdommane som reiser til Belém på Klimahuset i ved Naturhistorisk museum i Oslo. Dei har nettopp høyrt klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) greie ut om Noreg sine ambisjonar under COP30.
– Han seier faktisk nokre ting som vi også er einige i, at ambisjonane må bli høgare. Men det hjelper på ein måte ikkje når ein ikkje startar heime først og lagar ein utfasingsplan.

Framme frå venstre: Thea Birgitte Erfjord (Spire), Mikkel Inchley (Natur og Ungdom) og Matilde Angeltveit (Kirkens Nødhjelp). Bak frå venstre: Liva Nordhus og Helene Bakken Middelthon (KFUK-KFUM Global). Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Nasjonale mål og overgang til grøn industri
FNs klimatoppmøte går av stabelen i Belém i Brasil mellom 10. og 21. november.
I 2025 skal alle landa levere nye nasjonale klimamål, kalla NDC-ar (Nationally Determined Contributions). Desse klimaplanane er ikkje eit forhandlingstema under klimatoppmøtet, men Thea Birgitte Erfjord i Spire meiner dei likevel blir noko av det viktigaste i Brasil.
– Dei er ekstremt mangelfulle. Det er eit stort gap mellom det som er levert, og kven som har levert, og kor ein må vere for å klare å vere i tråd med Parisavtalen. Så ein må få på plass ein reaksjon på korleis ein skal tette ambisjonsgapet, og få til ei faktisk oppfølging av COP28-vedtaket om ei omstilling bort frå fossil energi.
- Les meir om dei nasjonale klimamåla her: FN: Langt unna å nå målet i Parisavtalen

Eitt av forhandlingsspora som kjem til å få mest merksemd frå sivilsamfunnet, er arbeidsprogrammet for rettferdig energiomstilling, «Just transition work program».
Under COP28, vart partane samde om ei omstilling bort frå fossil energi. Mikkel Inchley i Natur og Ungdom er oppteken av at omstillinga må skje utan at det fører til auka forskjellar mellom folk, eller set arbeidstakarar i fare. Han trekker fram at mange arbeidarar vil trenge nye jobbar når ein sluttar å leite etter olje og gass, samstundes som ein ny, grøn industri krev ny kompetanse.
– Den overgangen må skje på ein måte som skånar arbeidstakarar og som lagar trygge rammer for næringsliv og for økonomien vår.

Klimatilpassing
Ein annan ting det skal forhandlast om, er indikatorar for klimatilpassingsplanar.
– Klimatilpassing har vore ein av dei tinga som har blitt underkommunisert og gløymt kvart einaste klimatoppmøte, så vi håpar at det blir litt meir fokus på det no, forklarar Matilde Angeltveit i Kirkens Nødhjelp.
Ho meiner det er meir populært å gi pengar til fornybar energi, for det kan ein ofte tene pengar på og få med seg private aktørar på.
Angeltveit er òg spent på om det blir reforhandlingar av klimafinansieringsmålet til utviklingsland på minst 300 milliardar dollar årleg som blei vedteke i Baku i fjor, eller om dei som var misnøgde då har godtatt det.

Menneskerettar
– Eg synest det er veldig urovekkande, særleg for barn og unge som veks opp i dag, at menneskerettar ikkje står sterkt i dei internasjonale avtalane våre. Så der håpar eg verkeleg at Noreg er ei sterk stemme og vil fortsetje å halde presset oppe på dei som vil svekke menneskerettane og dei som prøver å spreie feilinformasjon, seier Liva Nordhus (22) i KFUK-KFUM Global.
Helene Bakken Middelthon (23), som er med i same organisasjon, trekker fram at menneskerettar ikkje blei prioritert i fjor, då klimatoppmøtet var i Baku i Aserbajdsjan.

– Korleis trur de at det blir å vere på COP i år, når det skal vere i Brasil?
– Eg trur i utgangspunktet at det blir lettare enn det har vore tidlegare, og at det vil vere meir rom for sivilsamfunnet, som er veldig positivt. Samstundes så veit vi at Brasil er det landet der flest menneskerettsaktivistar, i alle fall innan klima, har blitt drepne, så det er absolutt framleis viktig at vi er til stades og kjempar for dei rettane vi har, svarar Middelthon.
Klimaministeren: – Må lukke gapet
Men kva planlegg Noreg å legge på bordet i Belém? Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier til Framtida.no at Noreg sin jobb er å auke ambisjonsnivået.
– Summen av dei klimamåla som er melde inn, tar oss jo ikkje til godt under to grader, og ned mot halvannan grad. Det må verda anerkjenne, at det er eit gap, og forplikte seg til å jobbe med å lukke det gapet.
Då klimaministeren snakka på scena på Klimahuset, samanlikna han ambisjonsnivået med nyttårsforsett, som han sjølv kan finne på å ty til.
– Det er jo lett å setje seg mål om at ein skal løpe ein halv gong i veka, det kan dei aller fleste klare trur eg. Men det er mykje betre å setje seg eit ambisiøst mål for kor du vil, og så kjem du seg kanskje ikkje heilt til målet, men du kom trass alt mykje nærmare og fekk til mykje meir enn du kanskje elles hadde fått til.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen snakka til dei frammøtte på Klimahuset i forkant av COP30. Han understreka at alt vi klarar å kutte er med på å redde liv og sørge for at planeten vår er mogleg å bu på i framtida. – Og det er eg oppteken av, ikkje berre for mine eigne ungar. Eg er 33 år, og i 2050 er eg 58. Eg har tenkt å henge rundt, sa Eriksen til latter frå salen. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Han trekker fram at dei jobbar med detaljar knytt til mellom anna klimafinansiering og klimatilpassing.
Sidan klimatoppmøtet finn stad i Amazonas, meiner statsråden at regnskogen openbert blir viktig på COP, og han peikar på at Noreg har hatt ei leiarrolle på dette feltet i mange år. I ei pressemelding skriv regjeringa at Noreg vil bidra med inntil 30 milliardar kroner i lån til eit nytt internasjonal fond som skal sikre verdas regnskogar i generasjonar framover.
Klimaministeren er ikkje samd i at Noregs rolle som olje- og gassnasjon gjer at vi står i «ein spagat» når vi reiser til klimatoppmøtet. Han meiner det er mange land som drar til Belém berre for å snakke om at dei er flinke, og aldri tar opp dei tinga med omstilling som er vanskelege.
– Eg trur Noreg kan bringe noko anna til torgs. Vi kan både bringe til torgs dei ambisjonane vi har og dei tinga med denne omstillinga som faktisk er vanskeleg å få til i praksis.






