Helena (18) var klimaminister for ein dag – overraska over stemninga på morgonmøte
Helena Hafver Rønjum (18) fekk prøve seg som klimaminister for ein dag under Operasjon Dagsverk.
 
													Denne saka er laga i samarbeid med Elvira Marks Sandtorv, som var journalist for ein dag i Framtida.no gjennom Operasjon Dagsverk.
– Eg synest det var veldig rart kor avslappa stemning det var på morgonmøte. Og så blei eg overraska over kor unge folk som var der. Eg hadde sett for meg at dei fleste var ganske gamle, fortel Helena Hafver Rønjum (18) om førsteinntrykket av jobben som klimaminister.
Framtida.no møter Rønjum på Teknisk museum i Oslo, der ho nettopp har konkurrert i å bygge laftehus saman med klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) mot ein gjeng sjetteklassingar.
Til vanleg går ho kunst, design og arkitektur i tredjeklasse på Edvard Munch videregående skole i Oslo, men i dag er ho klimaministervikar som ein del av Operasjon Dagsverk.
Strengt
Dagen som klimaminister starta med morgonmøte hos Klima- og miljødepartementet. Der gjekk dei igjennom kva som hadde skjedd i media, og kva som var aktuelt for dagen.
Rønjum vart overraska over kor strengt det var då ho skulle inn til departementet.
– Det er passkontroll, og så går du inn i ein bås – såg du på Labyrint då du var liten?– du går inn i ein sånn kapsel, og så blir det lukka heilt rundt deg, og så får du lov å gå inn. Så det er veldig, veldig strengt.
Klimainteressert vikar
18-åringen fortel at det var heilt tilfeldig at ho enda opp som klimaminister for ein dag. Ho hadde ikkje jobb til OD-dagen, og gjekk difor inn på Operasjon dagsverk sine nettsider. Ho søkte på stillinga hos Klima- og miljødepartementet, og dagen etter fekk ho telefon med tilbod om jobben.
Ho er sjølv svært engasjert i klima.
– Eg er blant anna veldig interessert i dyrevelferd. Eg er vegetarianar. Og så er eg veldig opptatt av å leve meir miljøvennleg og ikkje forbruke like mykje som vi gjer.
Etter morgonmøtet i departementet, gjekk turen vidare til arrangementet «Spør ein minister» på Teknisk museum. Der stilte sjetteklassingar frå Grefsen skole spørsmål til den ekte klimaministeren, om alt frå fotball til Temu og klimaendringar. Etterpå var Rønjum med som ein del av regjeringslaget i ein byggekonkurranse.

Helena Hafver Rønjum observerer klima- og miljøministeren bli spurd ut om jobben sin av elevar. Foto: Elvira Marks Sandtorv/OD-elev
– Det har eigentleg vore veldig koseleg. Det har ikkje vore så veldig overveldande, seier Rønjum om dagen så langt.
Veldig stas
– Eg treng all den hjelpa eg kan få, så å ha Helena med på laget for ein dag synest eg er veldig stas, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen etter arrangementet.
Dei to klimaministrane må haste vidare til neste punkt på programmet, som er besøk på Stortinget.
– Eg håper at ho synest det er moro å få litt innblikk i korleis vi jobbar. Og det var veldig godt å ha med ein ekstra partnar i lafting mot desse kidsa. Sjølv om det ikkje gjekk heilt vegen for oss, så vil eg seie at summen av kva vi fekk til saman er ganske imponerande, så det er godt å ha litt ekstra hjelp.

Statsråden synest dei utgjorde eit godt lag, sjølv om dei gjekk tapande ut av konkurransen mot sjetteklassingane. Foto: Elvira Marks Sandtorv/OD-elev
Atomkraft og EU-spørsmål
– Om du var klimaminister på ekte, er det noko du ville gjort annleis?
– Dette er kanskje ei litt kontroversiell meining, men eg er veldig for atomkraftverk. Så eg hadde kanskje prøvd å pushe det. Eg trur det er ei god løysing, og eg trur vi er for redde for det. Det er jo mykje tryggare enn mykje anna, svarar Rønjum.
– No når du er så tett på klimaministeren, vil du nytte høvet til å prøve å overtale han om ting du er oppteken av?
– Nei, eg har ikkje prøvd det. Eg tenker at han har så mykje meir erfaring enn meg, så han står sikkert ganske sterkt i sine meiningar. Så i staden for å overtale han og pushe mitt, så har eg meir lyst til å høyre kva han eigentleg tenker om ting, og kanskje få enda breiare perspektiv på kvifor han meiner det han meiner.
– Eg har blant anna tenkt å spørje han etterpå kvifor han er for EU, for der har eg ikkje så veldig sterk meining, så eg lurar på kvifor han brenn for det.






