KrFU snur, meiner fortsett oljeleiting er naudsynt

KrFU hadde sitt landsmøte i helga. Der vedtok dei mellom anna å opne for oljeleiting, og innstrammingar i innvandringspolitikken.

Einar Nygaard
Publisert

På landsmøtet til KrFU i helga vedtok dei at dei opnar for fortsett oljeleiting på norsk sokkel. Det er ei endring frå tidlegare, der dei har vore mot oljeleiting, og har ønskt ein sluttdato for oljeverksemd i Noreg. I april i år foreslo KrFU at KrF skulle ha stans av oljeleiting som ein del av deira partiprogram. Forslaget blei nedrøysta av moderpartiet.

Sondre Harestad er leiar av energipolitisk utval i KrFU. Han seier til Vårt Land at han meiner fortsett oljeleiting er naudsynt.

– Med dei prognosane vi har frå analysebyråa, ser vi at Noreg må stå klar til å kunne levere energi til Europa. Elles vil vi stå i ein veldig uføreseieleg situasjon, slik vi såg med Ukraina-krigen, seier Harestad.

På landsmøtet vedtok dei òg ein strengare innvandringspolitikk.

Opphavleg var forslaget å fjerne retten til familieinnvandring, som blei beskrive som eit «hol i systemet». Forslaget blei av landsmøtet endra til å avgrense familieinnvandring. Samstundes seier dei at dei vil ta imot så mange kvoteflyktningar som FNs høgkommissær anbefaler.