Éin av tre synest koronareglane er uklare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga er gjennomført av Norsk koronamonitor i Opinion, og 5.000 nordmenn har vorte spurde i ein tidagersperiode.

33 prosent svarte at det er vanskeleg å vite om retningslinjene gjeld dei sjølv. 47 prosent svarer at det ikkje er vanskeleg, medan 20 prosent svarer verken eller.

– Ein skulle tru at stadig fleire nordmenn forstår og klarer å praktisere retningslinjene til styresmaktene over tid. Men samtidig ser vi at retningslinjene blir endra frå regjeringa, helsestyresmakter og i ulike kommunar, påpeikar seniorrådgivar Ola Gaute As Askheim i Opinion.

Er det vanskeleg å vete om retningslinjene gjeld deg?

Er det vanskeleg å vete om retningslinjene gjeld deg?

Ja!5
Nei.20
Litt vanskeleg. 14
Kva retningslinjer?4
Svar totalt: 43

 

Vanskelegast for eldre

Førre veke tilrådde styresmaktene å halde avstand på to meter innandørs, og dessutan å unngå grupper på meir enn fem personar utandørs.

I undersøkinga kjem fram det at det i større grad er eldre som synest det er vanskeleg å halde seg oppdatert på retningslinjene til styresmaktene.

– For mange eldre kan det vere vanskeleg å følgje med på tempoet, og livslang erfaring er heller ikkje til hjelp i dagens koronasituasjon for eldre menneske, seier Askheim.

Dei som bur åleine, seier i større grad enn dei som bur i ein større husstand, at det er vanskeleg å vite kva retningslinjer som gjeld.

F.v. Emilie Vang, Gaute Wiik, Stian Sørensen og femannskolektivet med Inger-Johanne Jørstad. Foto: Privat