Slik skriv du debattinnlegg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Debattinnlegg, meiningsinnlegg eller lesarinnlegg – ein slik tekst er ein god måte å få fram sine synspunkt til offentlegheita, og ein viktig måte å halda demokratiet i hevd på.

I dag er det diverre særleg ein mangel på unge stemmer i det offentlege ordskiftet. Framtida ynskjer å bidra til å betra dette, og her er alle velkomne. Me svarar alle og hjelper deg om du ynskjer det.

Her er nokre tips til korleis du kan skriva eit godt meiningsinnlegg:

1. Kva vil du skriva om?

Tema: Eit meiningsinnlegg kan eigentleg handla om kva som helst. Det kan vera ein del av ein politisk debatt, men det kan også handla om korleis det er å koma frå ein liten plass, å vera skeiv, ein song som har provosert deg eller ting du meiner me treng meir av i verda. Her er det berre du og engasjementetet ditt som set grensene.
(Sjå gjerne døma lengst ned i saka).

Nytt: Kvifor er dette viktig? Kva vil du seie som ikkje er blitt sagt før?

Fokus: Finn fokuset – eitt poeng er nok. Ofte kan ein gå seg litt vill i at ein vil få gjennom så mykje, men sprikande poeng gjer teksten mindre treffande, og meir kaotisk.

Sjølv om det kan følast rart, er det som regel nok med eitt hovudpoeng per tekst. Kva er bodskapen eller oppmodinga du vil at lesaren skal sitje igjen med?

Eit tips kan vera å prøva å oppsummera det du vil seie i ei setning eller to: kva vil du at folk skal fortelje vidare til andre etter å ha lese teksten din?

Aktuelt: Er det noko aktuelt du kan knagge teksten din på? Om du treffer med timinga, er det kanskje endå fleire som vil lesa og dela.

2. Korleis skriv du?

Starten: Som du veit, lever me i ei tid der alt konkurrerer om merksemda vår. Så prøv å sjå kva som er det mest oppsiktsvekkande med teksten din. Kva vil få folk til å stoppa opp?

Tydeleg: Det er om å gjera å koma til poenget så snart som mogleg, så folk veit kvifor dei bør lesa resten.

Prøv også å halda deg til temaet, og stryk gjentakingar eller avsporingar. Hald deg til ein ting om gongen, så det blir lett for lesaren å henga med.

Og hugs at du skriv best som deg sjølv – ikkje prøv å etterlikna andre eller legga til store, vanskelege ord om du ikkje pleier det. Språket er best når det er ditt.

Mest hjarte – mindre hovud: Ekte engasjement er både kjekkast å skriva, men ikkje minst å lesa. Bruk fakta til å underbygga poenga dine, men det er du som skriv – og dine, personlege meiningar som skal fram. Link gjerne til faktaane du legg fram. Ver sakleg, men avhengig av tema så er det veldig lov å bruka seg sjølv og kanskje litt humor.

Døme: Har du sjølv opplevd noko rundt det du skriv om? Få med dette. Skildre då du opplevde x eller y. Konkrete døme gjer det lettare å henga med for lesaren, og meir engasjerande.

Kjelder: Brukar du statistikk, tal eller sitat frå eksterne kjelder, er det lurt å lenke/vise til desse for å underbygge påstandane dine og gjere det lett for lesaren og redaksjonen å faktasjekke.

Argumentering: Er dette ei politisk sak til dømes, er kanskje temaet blitt diskutert før. Kva pleier å vera argumenta mot det du meiner? Prøv å svara på kvifor motargumenta ikkje held vatn. Prøv å møta dei eventuelle innvendingane folk vil sitja med når dei les teksten. Men hald det kort!

Slutten: Hugs kva målet ditt var med teksten. Har du fått formidla det? Oppsummer gjerne innhaldet kort, slik at lesaren sit igjen med den bodskapen eller oppmodinga du ynskjer.

Overskrift: Få redaksjonar brukar overskrifter i meiningsinnlegg med tekst som ein ikkje finn att i sjølve teksten. Så om det er noko du tenker hadde vore bra som overskrift, pass på at det også er med i teksten!

3. Kva kan endrast?

Sjekk starten ein gong til: er dette det som vil få folk til å stoppa opp og lesa resten av teksten?

Lese gjennom: Få nokon andre til å lesa gjennom teksten og koma med innspel, kanskje ser dei noko du ikkje ser? Elles kan du lesa gjennom sjølv – gjerne høgt.

Bør noko kuttast? Det er som regel alltid noko som kan kuttast. Det er ikkje eit mål å ha ein lengst mogleg tekst, men ein tekst som er tydeleg og held den raude tråden frå start til slutt. Har du skrive det same fleire gonger til dømes, kan du sjå om det kan strykast ein plass.

Lengd: I Framtida.no ynskjer me tekstar som held seg under 3000 teikn – gjerne ein del mindre.

Skrivefeil: Me les også gjennom og rettar eventuelle skrivefeil som har kome seg forbi gjennomlesinga, så ikkje stress med det! Me hjelper også med tittel og ingress – din viktigaste jobb er sjølve innlegget.

Skriftspråk: Framtida.no er ei nynorsk nettavis for unge. Me oppmodar difor alle til å skriva på nynorsk. Det aller viktigaste er likevel å få fram meiningane dine, så me kan hjelpa eller omsetja frå bokmål om du ikkje er så stødig i nynorsk.

4. Korleis sender du inn?

Vil du sende inn til Framtida.no ynskjer me oss fire ting, i tillegg til teksten:

Info: Alder, namn, eit foto av deg sjølv, kor du kjem frå og evt. om du har nokre verv eller andre titlar (leiar i AUF Vestland, Formann i FpU Oslo, historiestudent osb).

Merk: Du eig ikkje automatisk alle bileta av deg sjølv. Om det t.d. er ei lokalavis som har teke biletet, så er det deira bilete og du kan ikkje gje det vidare utan løyve/betaling. 

E-post: Send inn teksten som PDF eller Word-fil, eller som tekst rett i e-posten til: tips(a)framtida.no.

Anonym: Om du ynskjer å vera anonym må me i redaksjonen framleis vita ditt namn og alder, men me vil sjølvsagt ikkje publisera noko utan løyve frå deg.

Med mindre det er veldig viktig for deg å vera anonym, vil me likevel tilrå å signera med fullt namn og bilete. Det får som regel meir gjennomslag og fleire lesarar.

Alder: Framtida.no er ei nettavis for unge, og vil difor prioritera innlegg frå dei under 25 år.

5. Kva gjer du etterpå?

Del: Me i redaksjonen publiserer og deler på Facebook og Instagram, i tillegg til på nettsida: Framtida.no. Du må gjerne dele vidare så flest mogleg får lesa teksten din.

Ver førebudd: Å ytra seg i offentlegheita betyr også at du kan få masse positive tilbakemeldingar, i tillegg til kommentarar frå folk som ikkje er einige med deg i kommentarfeltet.

Men: dersom du opplever noko negativt i etterkant av publiseringa, må du gjerne ta kontakt med oss – så ser me om det er noko me kan gjera. Du skal ikkje måtte tola så ubehagelege motreaksjonar at du ikkje vil ytra deg meir.

Framleis usikker?

Stemma di er viktig! Så send oss gjerne ein mail om det er noko meir du lurer på, så ser me korleis me kan hjelpa. -> tips(a)framtida.no

Lykke til!

Her kan du sjå dei mest lesne debattinnlegga våre:

Sjå fleire meiningsinnlegg her.