Samlemani: Eg.måtte.ha.det!

Christian W. Gjerde
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det var storesøstera til ei klassevennine som gav meg idéen til denne meiningslause samlemanien.

Eg hadde ingen plan på kva eg skulle med skeiene. Ikkje var dei spesielt fine. Ikkje var det eit yndig samleobjekt. Dei hadde liksom ikkje noko verdi i seg, men for min del spelte det inga rolle. Eg måtte få fleire. Fylle posen. Starte på ein ny pose. Samle opp. Putte i bossekk. Telje. Sveitte. Samle. Tusenvis.

Eg gjekk heldigvis i den klassa på barneskulen med flest elevar. Vi var 12. Det hjelpte veldig.

Dei fleste i klassa abonnerte på yoghurt ein eller to gongar i veka. Alle vaska skeia si, og gav den til meg. Eg hugsar ikkje om eg hadde noko system eller eit register på kva som kom inn. Men skulesekken var alltid full av skeier. Mellom bøker og blyantar. Og eg takka, og tok imot med melon-yoghurt i munnviken.

Eg blei likegyldig til slutt, sjølv om moglegheitene var enorme

UTE AV PRODUKSJON: Skeia eg snakkar om er ute av produskjon og heilt umogeleg å finne på internett. Derfor har eg teikna etter hukommelsen. Det var altså slik dobbeltskeia såg ut på 90-talet.

På loftet heime stod svarte søppelsekkar med skeier. Eg hugsar ikkje kva foreldra mine sa eller tenkte. Men ein liten tanke om at den midtarste sonen i søskenflokken burde få hjelp til å finne noko nytt å samle på, streifar meg. (Meir om det lengre nede i teksten.) Alt eg ville samle på var skeier!

Skeiene blei til slutt kasta. Eg hugsar ingenting av den prosessen. Ein dag var dei borte. Enten har eg fått blackout eller så har det berre passert i det stille. Eg hugsar ikkje om det skjedde då eg var yngre, eller om det skjedde etter eg blei vaksen. Eg var på ein måte likegyldig. Skeiene var ikkje eit sakn i det heile.

Det er fyrst no i ettertid eg har tenkt at det hadde vore kult å bygd noko av alle skeiene. Eg kunne kanskje laga ei hytte? Eit kunstverk eller ein Ola-bil. Kanskje eg kunne stilt dei ut på Haustutstillinga? Eg hadde så forbaska mange moglegheiter, men det berre rann vekk i ingenting…

Mi samlehistorie

Eg har samla på ein del kjedelege ting. Slik som mange andre gjer:

  • Frimerke – fordi pappa gav meg frimerke og eit album til å ha dei i. Kanskje eit desperat forsøk på å få meg til å interessere meg for noko anna enn skeier. Eg var ingen god frimerkesamlar. Stoppa før det starta.
  • Myntar – fordi pappa kjøpte nokre myntar og ei samlemappe. Var ikkje noko særleg god samlar. Stoppa etter eg forstod at veldig verdfulle myntar var umogleg å få tak i. Skeier var var meir tilgjengelege.
  • Tiøringar – gjorde det fordi alle andre gjorde det. Stoppa sikkert etter nokre år. Var ikkje særleg god samlar. Var likegyldig til desse små dottane av edelt metall.
  • Pins – Alle samla vel på pins under OL i 1994? Dabba av etter eitt år då capen min var for tung og nesten knekte nakken min.
  • Klistremerke – sikkert fordi andre venner gjorde det. Hugsar ikkje at eg starta eller avslutta.
  • Cola-flasker – fordi eg fann så mange «rare» versjonar på ein utanlandstur. Slutta ut på hausten, då eg fann ut at det ikkje var artige colaflasker å kjøpe i Tjørvåg.
  • Glansbilete – heilt sikkert på grunn av storesøstera mi og nabojenta Karina. Hugsar ikkje når eg starta eller når eg slutta. Men hugsar vi sat i den brune leikarhytta til Karina og eg byta til meg ein sinnsjukt fin og stor engel. Forstår framleis ikkje at Karina ville det.
  • Serviettar – garantert på grunn av storesøstra mi og nabojenta Karina. Hugsar ikkje når det starta, eller slutta, men eg har gitt samlinga til niesene mine (trur eg). Farmor hjelpte meg med å samle inn når ho var på foreiningar med venninne sine. Dei hadde heilt vanvitig fine mønster på.
  • Stein – garantert etter eit besøk på steinmuseet/steinsenteret på Lom. Eller så kom iveren etter steinar etter ein skule-fjelltur der eg fann ein bergkrystall. Blei ein natruleg avslutning på den manien også, gitt.

Postludium – tid til ettertanke

I dag samlar eg ikkje på noko som helst. Det er litt vemodig, men likevel har eg alt eg treng.

Kva samla(r) du på? Skriv om din samlemani til tips@framtida.no og merk emnefeltet med samlemani.