«Eg og andre ungdomspolitikarar fordømmer drapet på Charlie Kirk»
Som ungdomspolitikar sjølv, er dette ingenting anna enn trist. Kaur representerer også andre ungdomspolitikarar, skriv Anna Olea Bakken (22) i Senterungdommen.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I dag har eg tenkt mykje på likeverd – det at vi menneske er verdt like mykje, uansett.
Eg har tenkt på ytringsfridomen vi har her i Noreg, og kor heldige vi er.
Samtidig går (no avtroppande) leiar i Rød Ungdom, Amrit Kaur, ut i sosiale medium, og gjer narr av eit medmenneske sin død. Ein mann måtte døy, fordi nokon var ueinig i hans meiningar.
Det set heile demokratiet på prøve.
Eit førebilete
Kaur posta seint 10.09.2025 ein tiktok-video der ho gjer narr av drapet på Charlie Kirk. Det blir framstilt som greitt at ein meiningsmotstandar har mista livet sitt. Finst det då ein konsensus som seier at nokon liv er mindre verd enn andre sine, basert på om du høyrer til den eine eller den andre politiske sida?
Det bekymrar meg når ein ungdomspartileiar, som eit førebilete for ungdom, viser haldningar om kven sine liv som er verd meir eller mindre.

Dette er skadeleg på mange måtar, og det gjer meg redd

Fantastisk fridom
Det fantastiske med ytringsfridom er moglegheita til å setja dagsorden: Kaur har klart det i dag.
Det som er trist, er at Kaur hadde moglegheita til å bruka sin ytringsfridom til å fordømma drapet. Ho hadde moglegheit til å snakka om mangelen på grunnlag for ugjerninga. Ho hadde moglegheit til å vise støtte og medføling for dei etterlatne. Det gjorde ho ikkje.
For ja, uansett kva vi meiner, er vi framleis menneske, og på enden av dagen ynskjer vi å gjera verda til ein betre stad. Eg vil at verda skal vera ein stad for kunnskap, der meiningar kan møtast og ei løysing kan formast.
Ein skal aldri ty til vald
Som ungdomspolitikar sjølv, er dette ingenting anna enn trist. Kaur representerer sitt parti, både som ungdomspolitikar og medlem av Raudt – samtidig representerer ho også andre ungdomspolitikarar, uavhengig av parti. Kaur er ungdomspolitikar, og det er eg òg.
Eg og andre ungdomspolitikarar fordømmer drapet på Charlie Kirk. Ein skal aldri ty til vald – då har ein gått tom for argument.