«Hadde du dusja her, Erna?»

Marte Prestnes Ersland (19)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert på Facebook, og er sett om og publisert med løyve frå forfattaren.

Vial, Chios 28.11.19:

Hei, Erna.

No er eg på Chios i Hellas. Det er ganske mykje eg trudde eg visste då eg reiste ned hit, omtrent alt var feil.

Visste du, Erna, at alle hjelpeorganisasjonane har blitt kasta ut av flyktningleiren her på Chios? At det ikkje er nokon inne i leiren og hjelper dei som bur der?

Visste du at ein blir arrestert om ein går inn i leiren utan å vere flyktning?

Visste du at i ein leir bygd for 1050 menneske, bur det no langt over 7000?

Visste du at 2000 menneske deler på éin do?

Visste du at ingen gravide kvinner får lov til å føde, dei må alle ta keisarsnitt?

Visste du at dei blir sende heim med barnet etter 3 dagar, premature eller ikkje?

Visste du at «heim» for dei, betyr eit gjørmete, vått og skittent telt?

Visste du at det er så mange folk der, at det er ein heilt ny seksjon i jungelen utanfor gjerda til leiren?

Visste du at det framleis kjem nye båtar hit kvar einaste dag?

Visste du at det er billegare å reise i ein gummibåt frå Tyrkia når det er dårleg vêr ute, fordi sjansen for å overleve er mindre enn om det er bra vêr?

Veit du at det er 70,8 millionar menneske på flukt i dag?

Veit du at over halvparten av dei er barn?

Veit du at Noreg kan gjere noko med denne situasjonen? At vi som nasjonal kan hjelpe menneske i naud, menneske som lir, menneske som lever i jævlege forhold?

Her er eitt bilete av dusjen i Vial flyktningleir.

Hadde du dusja her, Erna?

Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.