Eg håpar eg blir den siste

Silje Solvang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er fødd med albinisme og er derfor sterkt svaksynt. Eg har 6 prosent syn og treng litt tilrettelegging, noko som burde vore openbert og uproblematisk for alle skular og lærarar. Eg kan gjera alt som ein fullt sjåande elev, men det krev at eg får tilrettelegginga eg har krav på og behov for. På papiret skal ikkje dette vera noko problem då lovverket er tydeleg, men verkelegheita er ein heilt annan. Både skule og lærarar har alt for ofte manglande kompetanse og/eller ønske om å tilrettelegga for den synshemma eleven. Dette er i alle fall erfaringa mi.

Heilt sidan eg starta på skulen har det vore ein kamp om å få tilrettelegginga eg treng. Å måtte ta desse kampane med skulen fleire gonger i året er noko eg kjenner blir tyngre for kvar gong, men som vi synshemma må gjennom for å få det vi har krav på. Det er ein skulekvardag eg ikkje unner nokon, å måtta kjempa hardt for noko som lovmessig ikkje skal vera noka utfordring. Eg er dessverre ikkje den einaste.

Kor vanskeleg kan det vera?

Eg hugsar godt kjensla eg sat med då skulen gløymde meg bort på skriftleg norskeksamen i 10. klasse. Eg hadde fått innvilga å få teksten opplese og brukar iPad som hjelpemiddel til å forstørra teksten. Alt var i orden på papiret. Så kom eg inn i klassserommet og fekk beskjeden «Vi har ikkje høyrt noko om dette, så vi får ikkje hjelpt deg»

Eg vart sittande og ikkje kunne lesa teksten, utan å kunna gjera noko. Kan du tenka deg å sitja med ei slik hjelpelaus kjensle i ein alder av 15 år?

Dagen etter vart det søkt annulering av eksamen, dette gjekk heilt opp til Utdanningsdepartementet. Eg var den einaste synshemma på trinnet, og det var ikkje meir enn opplesen tekst og bruk av iPad som hjelpemiddel. Kor vanskeleg kan det vera å hugsa på?

Av og til blir det reint komisk

Mattefaget er eit anna døme på der regelverket seier éin ting og verkelegheita er ein heilt annan. Det står nemleg «Ved alle vurderingssituasjonar skal ein synshemma ha ein assistent som kan teikna og illustrera figurar, lengder og grader ved bruk av passar og linjal», men når desse situasjonane kjem så sit eg der åleine med passar og linjal utan å få den hjelpa eg treng. Kvifor ser ikkje læraren meg?

Kvifor ser ikkje læraren meg?

Nokon gonger blir mangelen av tilrettelegging og forståing frå lærarar reint komisk. Eg har mellom anna fått trekk i norskkarakteren for at eg ikkje klarte av å ha augekontakt med læraren under ein presentasjon. Men hallo, korleis forventar du at eg skal kunna ha augekontakt når eg ikkje ein gong klarer av å sjå der du har auga dine?

Det å tilrettelegga for synshemma er ikkje vanskeleg i det heile, men skulen og lærarane må ha kunnskapen implementert. Eg skal ikkje klaga på alle lærarar, for nokon av lærarane eg har hatt er heilt unike, tilretteleggingsorienterte og hjelpsame. Hadde det ikkje vore utruleg om alle kunne hatt den same eigenskapen? Både når det gjeld synsproblematikk så vel som andre utfordringar. Det er på skulen vi startar liva våre, blir forma og får idéar, motivasjon og utviklar oss sosialt for ei givande framtid.

Sit med klump i halsen

Når eg no har blitt student og ser tilbake på mi tid på vidaregåande, tenker eg på alle dei fantastiske stundene med vennene mine, dei lærarane som hjelpte meg og alle 21 seksarane eg hadde på vitnemålet fordi eg jobba og aldri gav opp, men samtidig sit eg med ein klump i halsen og tenker på alle dei elevane som framleis må kjenna på den kjensla av å bli gløymt av læraren sin og ikkje få den tilrettelegginga dei har rett på.

Eg vil ikkje berre sitja å sjå på det som skjer i dagens skule. Det er på tide at kunnskapen om synshemma aukar i skulen, og det skal eg ta tak i. Eg skal bli spesialpedagog, og endra dagens skulesystem.

Eg vil ikkje berre sitja å sjå på det som skjer i dagens skule. Det er på tide at kunnskapen om synshemma aukar i skulen

Eg skal stå opp og kjempa for ein skule som ser alle elevar, der ein skal forventa lik tilrettelegging uansett kva for ein skule du går på. Eg skal kjempa for lærarar som set eleven i fokus, og ikkje alltid vel den lettaste løysinga. Jobben til ein lærar er å læra bort og tilrettelegga så alle i klassen lærer, og vi funksjonshemma kan ikkje gløymast her. Vi vil, på lik linje som alle andre elevar gjera det best mogleg på skulen, men då treng vi skulen og lærarane med på laget.

Har du noko på hjarta? Send inn til framtida @ tips.no.

Henning Knudsen og Guro Helene Sørdalen frå Norges Blindeforbunds Ungdom vil gjere Instagram meir tilgjengeleg for svaksynte og blinde. Foto: Bente Kjøllesdal