«Eg håpar det skal bli greitt å seie: – Eg jobbar med meg sjølv»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Om ein går på skule, jobbar eller deltek på fritidsaktivitetar – eller når ein ikkje greier nokon av delane. Svarar ein «Eg gjer ingenting for tida», vert det sjeldan teke imot med stor respekt. I ei tid der ein helst skal gjere noko heile tida, enten det er å jobbe, studere, reise, trene, spele fotball eller vere på hytta med familien, kan det vere vanskeleg å forklare at ein ikkje gjer noko særleg. Kvifor er det sånn, når det eigentleg gjeld ein ganske stor del av befolkninga?

Å nave har vorte eit allment uttrykk, og er sjeldan brukt med positivt forteikn. Det er lett å verte stempla som lat, og vanlege oppfatningar er dei som nyttar seg av dette vel den lette vegen og tek imot pengar utan å gjere noko som helst. Det kan diskuterast. Statistikk frå NAV per 31. mars 2018 viser at heile 329 400 personar i alderen 18-67 år tok imot uføretrygd, og over 130 000 fekk arbeidsavklaringspengar. Dette utgjer ein betydeleg del av Noreg si befolkning. Ser ein på diagnosar hos mottakarane, er psykiske lidingar og muskel- og skjelettsjukdom dominerande. Ein kan ikkje utelate at enkelte utnyttar velferdssystemet vårt, men dei aller fleste som tek imot pengar frå NAV har ein legitim grunn til at dei har hamna fullstendig eller delvis utanfor arbeidslivet. Dette gjeld også ein andre grupper som er utanfor skule eller arbeid, men som ikkje får økonomisk støtte.

Ein kan ikkje utelate at enkelte utnyttar velferdssystemet vårt, men dei aller fleste som tek imot pengar frå NAV har ein legitim grunn

Det er lett å gløyme at det å slite med psykiske lidingar, muskel- og skjelettplager eller andre sjukdommar, kan krevje like mykje av ein person som ein fulltidsjobb ville ha gjort. Å verte friskare krev ofte fokus frå morgon til kveld. Det treng ein overskot for å kunne gjennomføre. Då nyttar det ikkje å samstundes jobbe frå åtte til fire. Svært mange av dei som er utanfor arbeidslivet har eit ønske om å kome seg i jobb, både for rutinar, sosial omgang og å kunne bidra til samfunnet. Samfunnet er som eit stort fotballag, og når ein spelar vert skadd, kjem ein annan inn på bana. Det er betre å få ei pause og verte skadefri enn å halde fram for halv maskin der risikoen for å skade seg ytterlegare er stor. Slik er det i arbeidslivet òg. Av og til treng ein ei pause for å hente seg inn igjen, fysisk eller psykisk. Nokre gongar vert pausen lang, andre gongar kortare.

Av og til treng ein ei pause for å hente seg inn igjen, fysisk eller psykisk. Nokre gongar vert pausen lang, andre gongar kortare.

Dersom nokon spør om kva ein driv med, har eg eit håp om at det skal vere sosialt akseptert å svare at ein jobbar med seg sjølv. Det er sjeldan det same som å gjere ingenting. Av og til må ein nemleg trene seg opp igjen for å kunne bidra til det store laget ein er ein del av. På vegen dit er det betre å verte støtta enn latterleggjort. Ein skal aldri kimse av eit comeback.