Fem grøne ting du bør eta mindre av om du vil leva grønt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du har sikkert høyrt det før: Me bør eta mindre raudt kjøt av omsyn til miljøet. Av energien me forar til dyra, får me berre ein brøkdel att i form av kjøt. I tillegg er det kjent at storfe prompar og rapar ut store mengder drivhusgassar i form av metan. Om me heller hadde ete maten som kyrne får, eller annan vegetarisk kost, hadde me difor letta presset både på natturressurar og klima.

Men er det difor slik at berre ein held seg unna kjøt, er ein alltid på trygg grunn? Diverre er det ikkje så enkelt. Akkurat som at karbonavtrykket av kjøt er avhengig av kor kjøtet kjem frå og korleis det er produsert, er det langt frå all plantebasert matproduksjon som er like miljøvenleg. Nokre vekster gir oss livsviktig næring i byte mot små ressursar, medan andre krev større landareal og meir vatn enn næringsinnhaldet i dei kan forsvara.

Difor: Her er fem grøne matvarer du bør kutta ned på om du vil redusera det økologiske fotavtrykket ditt.

1. Avokado

Avokadoen: anvendeleg, men problematisk. Foto: Pixabay

Beklagar, eg veit at denne er vanskeleg. Avokado er både sunt og veldig godt, og nordmenn er visstnok det folkeslaget i Europa som et mest av den pæreforma grøne frukta per innbyggjar. Men etterspurnaden etter guacamole, avokadosmoothie og avolatte har vakse så mykje dei siste åra at det rett og slett ikkje er berekraftig.

At avokadoen blir frakta over lange avstandar, er éin ting. Meir alvorleg er det at den ressurskrevjande produksjonen har ført til vassmangel, avskoging og meir monokulturelt landbruk i Mexico, Chile og andre stader der tacotoppinga vår blir dyrka.

Mølleren Sylvia i Oslo er ein av butikkane som i det siste har slutta heilt å selja avokado på grunn av desse og andre problem. Avhengig av kor mykje ein stoler på Bama, Coop og NorgesGruppen, som alle insisterer på at dei importerer avokado frå berekraftige kjelder, har også me som forbrukarar god grunn til å vurdera kor mykje me bidreg til ein lite berekraftig avokadoboom.

Salat; berre tull. Foto: Petra/Pixabay

2. Salat

Trass i miljøproblema, har avokadoen har eit godt argument som talar for seg: Han er energirik, sunn og mettande. Det er meir enn ein kan seia om salaten. Som Johanna Nylander peikar på, blir den grøne bladplanta stort sett brukt som fyllmasse og for å lura magen til å tru at han får i seg mat.

Ein britisk studie har vist at salat er tre gonger verre enn bacon viss ein ser på klimagassutsleppa per kalori. Hovudårsaka til det er sjølvsagt at salat nesten ikkje inneheld kaloriar – faktisk nesten ingen næringsstoff i det heile tatt, særleg når ein tar med i reknestykket at eit salathovud er nesten like mykje luft som salat.

Fordi eit salathovud inneheld så mykje luft, krevst det også større energiressursar å transportera ein kilo salat enn ein kilo av andre grønsaker. Mange typar salat blir dessutan transporterte og selde i plast for å unngå at dei skal bli pressa saman. På toppen av det heile blir salaten brun og dvask etter berre få dagar, og kan ikkje frysast – noko som fører til stort svinn.

Salat er så mangt. Isbergsalaten er truleg ein versting, medan ruccola er meir næringsrik enn mange andre slag. Elles er babyspinat eit sunnare og betre alternativ.

Vatn i pølseform. Foto: Andrew Martin/Pixabay

3. Agurk

Akkurat som salaten har agurken lite næringsinnhald. Ifølgje Framtiden i våre hender (FIVH) har norskprodusert agurk eit klimagassutslepp på 35 kg CO2-ekvivalentar per 1000 kilokaloriar – meir enn noko anna i oversynet deira, og nesten tre gonger så mykje som storfekjøt.

Når me i tillegg får vita at det trengst 353 liter vatn for å produsera éin kilo agurk – ein grønsak som inneheld 97 prosent vatn – er det grunn til å spørja seg om ikkje det heile er eit stort sløseri. Drikk heller eit ekstra glas vatn til maten.

Og ja: Tala frå FIVH viser at norsk agurk er verst. Å dyrka agurkar i drivhus krev så mykje energi at det er betre å importera dei frå land der den slangeforma grønsaken kan dyrkast i naturlege tilhøve.

Slukar vatn: pistasjnøtter. Foto: Pixabay

4. Pistasjnøtter

Den grønfarga pistasjnøtta får her stå som representant for ulike slags nøtter som alle krev absurde mengder vatn å produsera. Mother Jones rapporterer at det går med nesten tre liter vatn til éi enkelt pistasjnøtt; viss du et to pistasjnøtter, brukar du difor like mykje vatn som når du spyler i do.

Fem mandlar krev like mykje vatn som ein runde med oppvaskmaskinen (20 liter), medan to valnøtter like mykje vatn som ein seks minutt lang dusj (om lag 36 liter) – om me skal tru tala frå Changemaker og Mother Jones.

Ein stor del av desse nøtene blir dyrka i California, USA, som frå 2011 til 2017 var råka av ein av dei lengste tørkeperiodane i historia. Berre mandelproduksjonen i delstaten slukar like mykje vatn på eit år som heile Los Angeles brukar på tre år. Prøv heller rista graskarkjerner eller solsikkefrø som snacks.

5. Eplejus

Eplejuice: Akkurat som eple, berre mykje dårlegare. Foto: Steve Buissinne/Pixabay

Eplejus kjem i grøn kartong, gjer det ikkje? Uansett: Den som oppfann fruktjus, gjorde verken helsa eller miljøet ei teneste. Å laga jus er å ta noko som er sunt og bruka store mengder energi på å laga det om til noko usunt.

Eplejusen frå Tine inneheld om lag like mykje sukker og kaloriar som Coca-Cola (10 gram og 45 kcal mot 10,6 gram og 42 kcal per 100 ml). Samstundes inneheld han ingen av dei sunne kostfibrane i det rå eplet, og vesentleg mindre vitaminar og kalium. Jus er flytande junk food.

Å produsera eitt glas eplejus krev 2–3 epler og dermed eit vassforbruk på 285 liter – noko som tilsvarer 1140 glas vatn (Framtiden i våre hender). Byt heller ut jusglaset med eit eple og eit glas vatn.

No skal det seiast at vassmangel ikkje akkurat er noko presserande problem i Noreg, heller ikkje mangel på jord. Norsk eplejus er difor temmeleg uskuldig i miljøsamanheng. Importert jus, særleg av ananas eller appelsin, er i så måte verre. I fjor inngjekk jusprodusentar i EU eit samarbeid med mål om «100 prosent berekraftig jus innan 2030»; for 2018 er målet 15 prosent. Enn så lenge kan me difor rekna med at minst 85 av jusen frå EU ikkje er berekraftig.

PS: Sjølv om ikkje alt som er grønt er like bra, er det liten tvil om at raudt kjøt og andre animalske produkt som smør og ost er verstingane. Som professor Vigdis Vandvik ved Universitetet i Bergen forklarer, er mindre kjøt (nesten alltid) eit godt klimabidrag.