Den sinte mannen er død

Torkel Eikevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Unge, sinte menn. Du ser dei stort sett kvar som helst. Ofte i kommentarfelt. Veldig ofte på Zachen. Nokre gonger i fengsel. Men kvifor er dei så sinte, bestefar? Og kvifor drikk du så sinnsjukt mykje tran? Vel, no skal du høyre.

Frå ein er ei lita, usikker spire av eit mannemenneske, lærer ein to særs viktige ting:

  1. Du må gjere det bra på skulen, elles kjem du til å døy.
  2. Gutar gret ikkje.

Desse to levereglane blir indoktrinerte hjå den unge mannen frå han er eit lite barn. Han stenger alle kjenslene inni seg, og blir vandrande som ei kjenslebombe av testosteron, kviser, og kåtskap.

Les også: Er det forskjell på korleis kvinner og menn sørgjer?

«Ikkje prat med dama mi!»

Fortvila, rådvill og forbanna, går han gjennom livet og forargar seg. For sint, det har han lov til å vere.

Sinne, det er ei kjensle han kan tillate seg å agere på.

Det er akseptert.

Det er til og med kjempekult.

«Hei, ikkje prat med dama mi, då slår eg deg med handa mi».

Kult.

Dette sinnet kan føre til mykje ugagn. Kranglar, dårlege prestasjonar i livet, kriminalitet, drap, knuste tastatur, og det som verre er. Verre enn knuste tastatur der altså.

Når denne tøffe kjensla er det einaste ein kan tillate seg å føle på, blir mange menn veldig fort forvirra, og byrjar å oppføre seg snålt.

Les også: «Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn»

Frå snål oppførsel, til å synge på det siste verset

I situasjonar der dei burde vere lei seg, eller bli såra, blir dei i staden sinte. Det er rett og slett enklare å handtere, sidan det er ei kjensle ein kjenner så godt att.

Det som då skjer er at vi endar opp som ein generasjon med menn som ikkje tillatar seg å vere i kontakt med seg sjølv, og kjenslelivet sitt. Ikkje bra.

Sjølvmordsraten blant menn har auka betrakteleg i Noreg og resten av verda dei siste åra. Her i landet tek i snitt seks menn livet av seg sjølve kvar månad. Talet er betrakteleg høgare enn hjå kvinnene, trass i at dei slit mellom 20-40% meir med psykiske lidingar. Noko skurrar med dette bildet. Og det er ikkje eit snapchatfilter.

Menn pratar ofte ikkje om kjensler. Verken til venner eller familie. Det blir sett på som ein uting. Om dei ikkje lykkast i livet, vil dei heller døy,  enn å vere mislykka og stempla som sutrekoppar.

Dette er eit problem. Og det er faktisk svært trist.

Alle må vere med å ta eit grep her. Vi må vere betre venner, kjærestar, foreldre, og helsepersonell.

LES INNLEGGET: «Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjera sjølvmord»

Tony Soprano gjekk i terapi

Det trengs ei solid endring i mannsrolla. Eller, kanskje ikkje i mannsrolla, men i ideèn om at den maskuline, sterke, stille erketypen er slik idealmannen skal vere.

Vi må lære barna våre at dei har lov til å være lei seg, at dei har lov til å mislykkast, og at det er greit å prate om å ha det vondt.

Jenter er mykje betre på dette området. Kanskje litt for gode. Spesielt på bloggar der dei snakkar ut om den tunge tida, då smoothiemaskina vart øydelagt av ein avokadostein. Vi må skilje mellom retningslaus sutring over kvardagslege, banale luksus-utfordringar, og det å faktisk ha det vanskeleg. Hugs det, jenter.

Men altså, gutta, Tony Soprano, verdens desidert råaste antihelt, gjekk i terapi, hadde panikkangst, og morskompleks.

Les også: Å halde hender kan dempe smerte

Mellom gråstein og Johnny Depp

Det er ingen grunn til å gå rundt å late som vi ikkje har kjensler. Det er ikkje feil å føle.

Om du av ein eller annan grunn trur at du vil dra fleire damer med å ha det same emosjonelle spekteret som ein gråstein, tek du heilt feil, med mindre dama er geolog eller veldig rar.

Ingen dømmer deg om du seier at du kjenner deg aleine, at du er lei deg, eller om du gret. Dei tårene som til slutt kjem ut, kan forhindre meir enn du trur. Alle har behov for å ventilere. Alle har behov for å vere i kontakt med seg sjølv.

Eg sit ikkje her og seier at du skal vere ein Crybaby, det tar Johnny Depp seg av, men du må tillate deg sjølv å vurdere at den ubeskrivelege kjensla du har inni deg til ei kvar tid, kanskje ikkje alltid er, eller bør vere sinne.

Forbanna følsom

Sjølv er eg forbanna heile tida. Irriterar meg over absolutt alt. Drøvtygging, måten Sigrid uttalar «don’t you» på i refrenget i sangen sin (dount JOooO), absolutt alt med Tone Damli, dagens regjering, dagens suppe, alt frå sveisen til Tore på Sporet til The Kardashians.

Men eg føler også på andre ting.

Eg kjenner meg ofte aleine. Eg er ofte lei meg for at eg ikkje er god nok. Eg føler meg masete, og påtrengande. Eg føler ofte at eg underpresterer, og at eg er i stand til så mykje meir enn det eg får til. Eg føler meg dum, utilstrekkeleg og svak.

Men eg føler.

Og med å føle desse tinga, kjenner eg meg sjølv godt. Eg er trygg på meg sjølv, og kven eg er. Eg veit det var veldig yoga på slutten her, men av og til må ting rett og slett berre vere litt yoga.

No syns eg du skal gå heim å grine litt for deg sjølv, uansett kva Robert Smith seier. I etterkant kan du kompensere med å løfte tunge ting, kysse ei jente, og/eller ete ein hjort.

For du må faen ikkje gløyme å vere kar, òg.