Eit opent brev til sinte, kvite menn


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No nyleg tenkte eg på kor historisk tida vi lever i er, og at vi faktisk skal lese om vår eigen generasjon sin miljøkamp i historiebøkene til barnebarna våre.

Kvar gong det kjem ei tid med forandring, så lever vi i framtida sine forteljingar, og eit sikkert teikn på forandring er at nokon blir sinte. Og då slo det meg:

Det er alltid dei same folka som blir sinte.

Uansett kva som har skjedd i historia, så er det ei menneskjegruppe som har skapt herk, klaga og vore uprogressive. Det er dei same sauene av same ulla som kjeftar over Greta Thunberg i 2019, som har vore sinte over alle progressive og moderne framsteg noko sinne.

 

Gamle, kvite, sinte menn. Ein kan spole tilbake så lenge ein vil.

Tenk for eksempel då Abraham Lincoln si emansipasjonserklæring sette ein stoppar for slavehandel og drift i USA i 1863. Lincoln ville vere ein kul fyr då han blei president og gi alle menn like retter. Kva skjedde? Det blei borgarkrig. Nokon nede i sørstatane ville lage ein eigen nasjon kor dei kunne vere rasistiske og umenneskelege i fred. Kven var desse folka? Sinte, kvite og forholdvis rike menn.

Så har vi jo suffragettene på starten av 1900-talet. Dei kvinnene som ville ha stemmerett. Dette var starten på noko vi i dag kaller det berykta ordet «feminisme», berre at vi i dag ber om lik lønn og å ikkje bli valdtekne på gata i tillegg til å behalde stemmeretten. Ein skulle tru vi var fornøgde med stemminga, som vi fekk for knappe hundre år sidan. Men kven var det som blei sinte og irriterte over at kvinnene ville ha stemmerett? Det var ikkje kattar, det var ikkje hundar, det var ikkje Petter Pilgaard – det var sinte, kvite menn som var redde for at like retter til alle betydde færre retter for dei sjølve.

Neste i rekka er «The civil rights movement» på slutten av 1940-talet. Kampen mot apartheid. Du veit, der kor mørke folk måtte sitje bakerst i bussen, gå på eigne toalett og blei drepne av politifolk utan grunn. I dagens samfunn blir dei berre drepne av politifolk utan grunn, så me er jo på rett veg. Her blei det marsjert for dei mørkhuda sine retter, sterke menneskje som Rosa Parks blei symbol for rørsla, og alt dette var til stor fortviling for…

Gjett kven, då. Gi meg ein trommevirvel.

Sinte, kvite menn.

Andre tilfelle eg kjem på er då folk ville ha bibelen på morsmålet sitt og ikkje berre på latin, Vietnamkrigen, og då kvinner ville inn i arbeidslivet. Dette er berre frå «the top of my head», og eg sov meg gjennom historietimane på vidaregåande.

No er vi jo alle samde om kven som hadde rett av dei partane i kampane eg lista opp.

Det er lett no å sjå kven som var på rett og feil side, men det var kanskje ikkje så tydeleg den gongen det skjedde. Eg vil berre overføre denne tankegangen til dagens debatt om miljø og klima, fordi om eit par år kan ein skrive dette på lista også:

Så dersom du, kjære, sinte, kvite mann, fortset å nekte for fakta, slenge drit og kjempe imot… Då kjem alle om hundre år til å vere samde om at du stod på feil side av historia. Så, kjære, sinte, kvite mann, tenk deg om.

For alle veit jo at sinte, kvite menn aller helst vil ha rett.