Målungdommen etterlyser øyremerkte midlar til digitale læremiddel på nynorsk

Regjeringa har løyvd 15 millionar til nye læremiddel på nynorsk og i små fag, sidan dei ikkje er kommersielt lønsame.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H). Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no

– Me må legge til rette for at elevane får nye og moderne læremiddel også i fag med lågt elevtal. Vi må òg sikre at elevar med nynorsk som hovudmål får gode læremiddel i tråd med dei nye læreplanane.

Det seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner i ei pressemeldinga frå departementet.

15 millionar til nynorsk og små fag

På årets statsbudsjett er det sett av 250 millionar kroner til nye læremiddel i samband med at dei nye læreplanane kjem.

Størstedelen, 170 millionar kroner, skal gå til kommunane for å kjøpe inn nye læremiddel.

50 millionar skal gå til nye digitale læremiddel, medan 15 millionar kroner skal gå til læremiddel på samisk og 15 millionar til nynorsk og små fag.

Både nynorsk og ein del små fag innan fag- og yrkesopplæringa har så låge elevtal at det ikkje er lønnsamt nok for læremiddelprodusentane å utvikle læremiddel utan ekstra tilskot.

Elevleiar: – Ei reise tilbake i tid

Leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino, understrekar at det er ei sjølvfølgje at det kjem nye læremidlar med dei nye læreplanane.

Ho håpar pengane syter ei reell fornying av faga i skulen, slik at elevane får brukarfridom og at lærarane får profesjonsfridom.

Leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino understrekar at det som skjer på nett i høgste grad er ein del av livet til elevane.

– Målet bør vere at ei satsing fører til at dei som treng det får læremiddel på sitt hovudmål, og at det blir artigare og lettare for dei som ikkje har nynorsk som hovudmål å også lære og forstå skriftspråket, skriv D’Agostino i ein e-post til Framtida.no.

– Er det behov for ei tydelegare satsing på digitale læremiddel på nynorsk?

– Absolutt! Me veit at framtida er digital, men likevel kan utdanninga for mange elevar kjennast som ei reise tilbake i tid. Ein legg frå seg dei tekniske dupedittane for å stikke nasen i ei støvete lærebok. Om vi skal klare å utdanne framtida, må også læremidla halde tritt. Då er digitale læremiddel løysinga.

Målungdommen etterlyser øyremerking

– Det hjelper på, men det hadde hjelpt endå meir om pengane til digitale læremiddel på nynorsk hadde vore i ein eigen pott, seier leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold.

Ho er uroa for at pengane ikkje går til nynorsken og håpar regjeringa vil senda tydelege signal om at dei vil ha digitale læremiddel på nynorsk.

Målrørsla har hatt fleire samtalar med forlag for å fremje saka.

– Dei trekker fram at det er vanskeleg å utvikle digitale læremiddel parallelt, seier Skjold.

Ho løftar særleg fram at der det i bokformat er nok med ein eingongsstønad, krever digitale læremidlar meir vedlikehald.

Den digitale gråsona

Målungdomsleiaren har inntrykk av at digitale læremidlar på nynorsk er relativt lågt prioritert.

– Det er mange i skulen som ikkje tenkjer på det, i tillegg er det litt gråsoner kring kva som faktisk er eit læremiddel og kva som ikkje er det, seier Skjold.

Ho forklarar at lærarar i dag gjerne bruker mange ulike digitale hjelpemiddel og at effekten av dette kan verta at elevane ikkje møter nynorsk i undervisninga.