Vil sikre retten til nynorske digitale læremiddel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil sikre retten til nynorske digitale læremiddel

– Styresmaktene må sikre at nynorskelevane får oppfylt retten til digitale læremiddel på nynorsk.

Det seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding frå Mållaget.

Organisasjonane er nøgde med at Kunnskapsdepartementet slår tydeleg fast at både bokmål og nynorsk skal med når det no blir løyvd 55 millionar ekstra til digitale læremiddel. Likevel er det fleire tiltak som må til.

Les også: Vil styrke nynorsken med omsetjingsrobot

Lovfesta rett til læremiddel på nynorsk

Skuleelevar med nynorsk som hovudmål har ein lovfesta rett til å få både trykte og digitale læremiddel på nynorsk. Opplæringslova slår fast at alle læremiddel skal komme på nynorsk og bokmål til same pris og same tid. Skulane skal ikkje nytte læremiddel som ikkje er på båe språk.

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet.

No er digitale læremiddel på full fart inn i norske klasserom. Tilgangen på læremiddel er stor, og norske lærarar kan velje mellom mange gode verktøy for å gjere opplæringa betre og meir spennande.

– Problemet er at mange av desse læremidla berre er tilgjengelege på bokmål. Skal nynorskelevane bli trygge språkbrukarar, må dei framleis bli omslutta av nynorsk i skulekvardagen. Derfor må dei ha tilgang til læremiddel på nynorsk, seier Steffen Handal.

Les også: Skal oppdatere ordbøkene: No kan gutane også vere gutegalne

Skilnad på læremiddel og læringsressursar

Det er likevel eit skilje mellom læremiddel og læringsressursar. Det må til dømes vere lov for lærarar å bruke oppslagsverk og dagsaktuelt pressestoff utan at det blir råka av lova.

Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag

– Men når læremiddelprodusentane sjølv lagar og vil selje inn læremidla til skulane som læremiddel, må dei produkta vere lovlege og altså ligge føre både på nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn i pressemeldinga.

– Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet må ta overordna ansvar for at nynorskelevane i den framtidige digitale skulekvardagen skal ha den same retten til god opplæring på sitt hovudmål som bokmålselevane har, krev Utdanningsforbundet og Noregs Mållag.

Les også: Mållaget går inn for bøter til universitet og høgskular