Elevorganisasjonen: – Viktig at kommunane torer å investere i digitale læremiddel

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Særleg no i samband med at vi fornyar læreplanane, er det skikkeleg viktig at kommunane og fylkeskommunane torer å investere i digitale læremiddel, seier Alida D’Agostino frå Elevorganisasjonen til Framtida.no.

Den nyleg påtroppa leiaren håpar det komande lokalvalet vert eit val med fokus på skule.

Les også: Lovar digitale læremiddel på nynorsk

Ikkje nok med lærarane si digitalisering

Digitalisering av undervisinga er ein del av regjeringa si 5-årige satsing Den teknologiske skolesekken som skal vare fram til 2022.

– Digitalisering i skulen handlar om at elevane skal lære meir og lære betre. Då er gode og kreative digitale læremiddel viktige, sa kunnskaps- og integreringsminister minister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding tidlagare i år.

I same pressemelding annonserte Sanner at kommunar og fylkeskommunar no kan søkje om tilskot for å kjøpe digitale læremiddel.

Elev-leiar D’Agostino håpar dei lokale partia vil nytte høve, og kjempe for ei betre digitalisering i skulen. Eit variert utval av ressursar som kan brukast i undervisinga vil gjere undervisinga meir interessant, meiner D’Agostino.

– Det vi veit i dag er at det einaste vi har tilgjengeleg er dei same bøkene vi har i papirform på nett, og det kallar lærarane digitalisering. Det vil ikkje vi ha noko av, slår ho fast.

Les om skulen som tilbyr e-sport i timane: – Det gir elevane moglegheit til å dyrke fram ferdigheitene vi leiter etter

Kva skal din lokalpolitikar gjere?

Vidare rår Alida D’Agostino frå Elevorganisasjonen unge til å ikkje halde noko tilbake i møte med sine lokalpolitikarar, og berre spørje dei rett ut om det dei lurer på.

– Spør partia: «Korleis skal du sørge for at elevane i mitt fylke fullfører skulen og har det bra på skulen på same tid?», seier D’Agostino som trur at ungdomen då vil få nokre litt sveitte politikarar plikta til å svare.

Les også intervjuet med landets yngste ordførarkandidat: Dersom Nilofar (18) gjer eit brakval i september må ho ta persmisjon frå vidaregåande. 

Nilofar Nori er landets yngste ordførarkandidat. Ho stiller til val for SV i heimkommunen Hadsel i Nordland. Foto: Privat