«Digitale læremiddel for alle!»

Sandra Edith Tenud, politisk nestleiar AUF i Sogn og Fjordane
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg hugsar godt dei gamle skulebøkene vi fekk arve frå kvarandre gjennom grunnskulen og vidaregåande.

Nokre gongar fekk vi nye bøker, men som regel vart mangelen på meir oppdatert materiale gjort opp for med at ein stifta saman kopiark.

Det var derfor alltid ein fryd dei dagane på ungdomsskulen når vi fekk sitte ved datamaskinane. Ikkje berre var det ein fryd for lærarane som slapp unna traurig papirarbeid, men også for miljøet vårt som sparte seg for tonnevis av papirsvinn.

Digitaliseringa av læremidlane i skulen er ei viktig reise, men diverre får ikkje alle vere med på denne turen.

Nynorsk digitalisering

For nynorsk får som vanleg ikkje vere med på leiken. Det nynorske språkvalet i dei digitale læremiddel kjem ofte månadar, årevis eller aldri etter at tenesta er blitt lansert. Dette strir kraftig imot mållova vår som fastslår at «bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune».

Elevane i Vestland sine lovgitte språklege rettar skal ikkje stanse opp med den teknologiske utviklinga.

Alle elevar burde dra nytte av å lese tekstar, sjå videoar og spele spel på sitt eige hovudmål.

For Vestland Arbeidarparti er det viktig å halde eit godt auge ved desse digitaliseringsprosessane, og passe på at begge dei norske målformene får vere med på leiken!

Les også: Lovar digitale læremiddel på nynorsk

Fleirspråklege fordelar

Det er tydelege fordelar med å vere fleirspråklege, som språkforskning ved NTNU har vist oss. Fleirspråklege personar har vist seg å vere smartare, meir kreative og presterar til og med betre på skulen i matematikk!

Å auke eksponeringa for begge målformene er viktig for oss i Arbeidarpartiet, for å vidareføre den gode nytta ein kan få av fleirspråklegheit.

Nynorskelevar ser allereie mindre av språket sitt ellers i samfunnet enn bokmålselevane gjer. Det er derfor viktig at tilbodet ikkje sviktar i dei 143 kommunane i landet med nynorskklasser.

Les også: Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk

Statleg ansvar

Å sikre elevane i nye Vestland fylke sine språkrettar, kan ikkje kun ligge hos lærarane og skuleeigarane. Derfor ynskjer vi å stilje større ansvar til staten, for å kontrollere at digitale læremiddel ikkje kun er tilgjengelege for begge målformene, men at dei har tilstrekkeleg språkleg og fagleg kvalitet.

Om forespørselen frå staten er sterk nok vil dei som programmerar appane, programvarene og andre digitale læremiddel omstille seg for å sikre våre språklege rettar.

Les også: Nynorskgutane vert dårlegare i norsk

Språkleg identitet

For det nye storfylket Vestland vil ikkje språk kun vere ein formalitet, men viktig for vår felles identitet som eit språkrikt fylke.

Derfor går Arbeidarpartiet til val på at alle barn og ungdom i Vestland skal få vere med på den digitale reisa vidare.

Digitale læremiddel skal vere for alle!

Les også: – Om vi skrur av språket, kva er att?