Etter TikTok-bråket: Kaur meiner ho stod åleine – Raudt avviser kritikken

Tidlegare RU-leiar Amrit Kaur meiner at Raudt svikta henne som leiar. Partiet avviser kritikken og meiner dei har vore på tilbodssida. Den nye RU-leiaren håpar på si side på eit Frp-inspirert samarbeid.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Det er gått to månadar sidan fleire politikarar og Raudt-medlem bad Raudt om å ta avstand frå ungdomspartiet sitt Raud Ungdom, etter at dåverande leiar Amrit Kaur hadde vore kontroversiell på TikTok – igjen.

Kaur gjekk av etter sterkt press frå moderorganisasjonen, som også offentleg gjekk ut og bad henne trekke seg.

Ho meiner samarbeidet med Raudt har vore prega av mangel på støtte og tillit – noko moderpartiet avviser.

– Respektlaust ovanfor ungdomspartiet

Amrit Kaur fortel på telefon til Framtida.no at ho trekte seg fordi ho var redd for at det ville øydelegge for resten av organisasjonen, sidan Raudt stilte så sterke krav. Ho reagerer likevel kraftig på måten ho meiner Raudt blanda seg inn i RU sin prosess.

– Eg synest det er respektlaust ovanfor ungdomspartiets sjølvstende. Eg synest ikkje dei har noko med kven som er vald til leiar i Raud Ungdom, seier ho.

Leiaren for RU, Amrit Kaur, sit på sand. Ho har på ein blå jeans-shorts, og ein raud singlet.

Amrit Kaur fekk ein kort periode som leiar i Raud Ungdom. Her er ho på partiet sin sommarleir i år. | Foto: Einar Nygaard

Kaur: – Lite samarbeidsvilje

Då Kaur gjekk av som leiar uttala ho at ho håpte det nye styret fekk «meir hjelp og støtte» enn hennar styre hadde fått.

Ho fortel at samarbeidet mellom RU og Raudt gjennom heile hennar tid som leiar har vore krevjande, og meiner det har vore lite samarbeidsvilje.

– Eg har opplevd at dei har vore veldig på ballen når vi skulle ha kritikk, men ingen har ringt meg eller spurt om vi treng hjelp med det.

Noverande leiar, Halvor Bergkvist trur Kaur har følt seg åleine i rolla som RU-leiar.

– Tidlegare leiarar av Raud Ungdom har jo fått mykje opplæring i forkant, og veldig mange har til dømes vore nestleiar lenge, medan Amrit vart kasta litt ut i det. Ho hadde ikkje fått veldig mykje opplæring i forkant, hadde lite overlapp med førre leiinga, og eg trur ho kjente på at det var ein avstand mellom Raud Ungdom og Raudt og at det vart vanskeleg å handtere.

Halvor Bergkvist er noverande leiar i Raud Ungdom. | Foto: Åshild Slåen

Raudt: – Har alltid vore på tilbodssida

Partisekretær i Raudt, Reidar Strisland, kjenner seg ikkje att i kritikken frå Kaur.

– Me ynskjer oss eit sterkt Raud Ungdom og har alltid vore på tilbodssida når me har prata saman.

Han fortel at dei har lagt ned meir ressursar i å hjelpe dagens Raud Ungdom-leiing enn det Raudt har gjort tidlegare.

– Samstundes er Raud Ungdom ein eigen organisasjon, som trass alt har eit ansvar for å gjennomføre planane sine, løfte politikken sin og ikkje minst spørje om hjelp ved behov.

Vanskeleg start som leiar

Då Kaur tok over som leiar var det i ei konfliktfylt tid i ungdomspartiet. Om lag 20 personar gjekk ut av landsmøtet saman med tidlegare leiar Liv Müller Smith-Sivertsen fordi dei meinte det var eit kommunistisk kupp.

Kaur fortel at ho måtte lære seg alt på eiga hand, og ikkje fekk noka opplæring, heller ikkje frå moderpartiet.

Ho meiner at det har vore lite støtte og kommunikasjon frå Raudt sidan ho tok over.

– Eg fekk noko hjelp med spesifikke ting som mediehandtering. Med fare for å høyrast bitter ut, fekk eg hjelp til det som kanskje prega meir korleis Raudt ser ut, medan det andre har eg fått lite støtte til.

Raudt: – Meir hjelp enn dei fleste RU-leiarar før henne har fått

Ho fortel at ho før ungdomsleiardebatten under Arendalsuka i august, bad moderpartiet om hjelp fleire gonger, og så fekk ein times telefonsamtale dagen før.

– Og det var oppfølginga eg fekk. Det er veldig tydeleg for alle at det ikkje er mi sterkaste side, men så har eg irritert meg litt over det også: at mens dei andre ungdomspartileiarane kjem inn med eigne rådgivarar, så hadde eg eigentleg berre meg sjølv.

Partisekretær Strisland forstår at Kaur skulle ønske ho fekk endå meir hjelp med debattrening, men seier Raudt sine tilsette gjer dette på toppen av sine eigentlege oppgåver, og at ho har kome godt ut av det samanlikna med tidlegare leiarar av RU.

– I valkampår er alle meir travle enn vanleg, difor var det meir avgrensa med tid til å hjelpe henne med ungdomspartileiardebatten enn året før. Ho fekk tips til førebuingar og ein telefonsamtale med konkret prepp i forkant, og det er meir hjelp enn dei fleste RU-leiarar før henne har fått.

Han legg til at ho fekk mykje hjelp i forkant av ungdomspartileiardebatten i 2024, i tillegg til pressetrening og hjelp i forkant av debattar på TV og radio.

Kaur: – Referat der dei får hjelp til å konspirere mot oss

Kaur meiner at motviljen mot henne som leiar var til stades allereie før ho vart vald.

– Eg trur heilt oppriktig at dei ville at eg skulle gå av.

Då ho tok over som leiar fortel ho at ho fekk tilgang til leiar-PC-en og fann ei rekke ulike dokument, mellom anna eit møtereferat med råd frå ein som jobbar i Raudt.

– Det er referat der dei får hjelp til å konspirere mot oss. Og når eg ser at Raudt har vore med på å prøve å hive meg ut, og bistått dei med heile den saka som eg meiner var skikkeleg udemokratisk, så er det frå starten av veldig vanskeleg å stole heilt på dei.

Iver Aastebøl jobbar i Raudt og er tidlegare RU-leiar. | Foto: Raudt

– Anbefalte ikkje å kaste ut nokon

– Det stemmer at eg delte erfaringar frå ei tidlegare eksklusjonssak fordi dei spurde meg. Dette snakka eg og Amrit også ope om etter at ho vart vald.

Iver Aastebøl, som jobbar i Raudt og er tidlegare RU-leiar, stadfestar på telefon med Framtida.no at han var med i eit møte i desember 2023, som det vert referert til i dokumentet.

Han seier at han vart spurt fordi han har bakgrunn som leiar av RU og Tjen folket-saka i ungdomspartiet 2008, og at stillinga i Raudt hadde lite med saka å gjere.

Han meiner det kjem tydeleg fram av referatet at han ikkje anbefalte å forsøke å kaste ut nokon i ein formell prosess, men ta diskusjonen ope, få fram dei reelle skiljelinjene og la landsmøtet gjere eit veival dersom det grunnleggande sett handla om politiske og strategiske usemjer.

– Utfallet vart at dei råda eg gav i liten grad vart følgt. At ho no i ettertid bruker dette til å skulde Raudt for å ha hjelpt RU-leiinga med å prøve å hive henne ut, synest eg er spesielt.

Framtida.no har fått tilgang til dokumentet av Amrit Kaur, men ingen me har snakka med vil stadfeste om det er ekte eller ikkje.

Raudt avviser at dei var involverte i forsøka på å fjerne Kaur.

Framtida.no har fått tilgong til dokumentet av Amrit Kaur, men ingen me har snakka med vil stadfeste om det er ekte eller ikkje.

– Partisekretær bistod på den tida i konflikthandtering mellom ulike medlem i Raud Ungdom-leiinga, der målet var at leiinga skulle fungere betre saman. Dåverande RU-leiar heldt partileiinga orientert om stoda i Raud Ungdom, men me i partileiinga heldt oss på ei armlengdes avstand frå den interne prosessen, skriv partisekretær Strisland på e-post.

– Aldri hatt ein full samtale med Bjørnar Moxnes

Kaur fortel at det er fleire i leiinga ho aldri har snakka med, og at ingen sa hei då ho gjekk inn på sitt første stortingsgruppemøte, sjølv før terrorist-utspelet.

– Raudt viste ganske tidleg at dei ikkje var der for meg. Det var ganske lite hjelp å få frå dei, meiner Kaur.

– Eg snakka med Halvor i går, og så sa han: No må eg gå, eg skal ta ein kaffi med Bjørnar Moxnes. Og eg har aldri i mitt liv hatt ei full samtale med Bjørnar Moxnes, poengterer Kaur.

Bjørnar Moxnes har vore stortingsrepresentant sidan 2017, men var ikkje med i leiargruppa under perioden til Kaur.

Raudt: – Opp til RU sin leiar å prioritere deltaking

Partisekretær i Raudt, Reidar Strisland skriv på e-post at Raudt ønsker seg ein stor og sterk ungdomsorganisasjon, og hjelper Raud Ungdom der dei kan.

– Kaur har hatt mykje kontakt med både tillitsvalde og tilsette både for å rådføre seg om presseførespurnadar og når det trengst krisehandtering.

Han legg til at Raud Ungdom også får to millionar kroner i året av Raudt, har subsidierte partilokale og at vedtektene er rause for at RU skal få delta i Raudt sine demokratiske organ, og RU-leiaren sit i partileiinga, i sentralstyret og har møterett på gruppemøta på Stortinget

– Me har gitt inntrykk for at Amrit var ønska på desse møta, men det er opp til RU sin leiar å prioritere si deltaking i Raudt-samanheng. Konsekvensen har vore at me har sett lite til kvarandre, som er synd.

Trugslar og hets

Etter den dramatiske dagen då ho til slutt trekte seg, var det først og fremst sin eigen tryggleik Amrit Kaur tenkte på.

– Eg hadde fått dritmange dødstrugslar og folk hadde banka på døra mi heime. Endå har eg ikkje klart å gå ut av døra utan å bli stoppa på gata og blitt kjent att. Eg har følt meg veldig eksponert, og utsett.

Ho fortel at det var dei vanlege trugslane og hetsen i kommentarfelta på TikTok, men også mykje meir konkrete, dødstrugslar ho kunne ha meld til politiet.

Kaur meiner støtteapparatet frå Raudt i denne perioden var svakt.

– Eg blei ringt om den eine trugselen, og fekk beskjed om at eg ikkje skulle gå på kontoret. Alt utover akkurat dei spesifikke trugslane har dei eigentleg bede meg om å finne ut av sjølv.

Framtida har kjelder på at Kaur fekk direkte kontaktinformasjon til PST-kontakten og spørsmål om ho ynskte at Raudt skulle vere mellommann eller ikkje, men sa at ho ynskte å ta det sjølv.

Ein 23 år gamal mann er bøtelagt av PST etter at han kom med drapstrugslar mot Kaur.

Vil ikkje tilbake til Raudt

Etter opplevingane det siste året har Kaur konkludert med at ho ikkje ser for seg noka framtid i Raudt – eller partipolitikken generelt.

– Det er veldig mange bra folk i Raudt. Men eg har ikkje lyst til å jobbe med dei meir. Rett og slett. Eg synest ikkje dei jobbar på ein måte som er rettferdig eller givande. Dei jobbar på ein ganske kjip og kynisk måte, og så trur eg ikkje det er spesifikt Raudt, eg trur det er partipolitikk generelt.

Ho trur at ungdomspartiet vil få eit betre forhold til Raudt med Bergkvist som leiar, enn då ho hadde vervet.

– Det vil nok bli betre samarbeid no, men eg trur det kjem på kostnad av at RU står på sitt. Eg har jo vore ansiktet utad, men mykje av grunnen til at eg har vore så radikal, har jo vore at medlemmene har ønskt det. Og så trur eg ikkje ein kan moderere det.

Amrit Kaur vert ståande utanfor Raud Ungdom, men ho ønsker den nye leiinga lykke til. Foto: Magnus Rotevatn

Fekk du med deg portrettintervjuet med Amrit Kaur i sommar, før ho måtte gå av?

Ny RU-leiar: Inspirert av Frp

– Det har vore ein avstand der over lengre tid, der ein har hatt dårleg kommunikasjon, prata lite saman, hatt lite samarbeid og lite felles prosjekt.

Det fortel Bergkvist som vart fungerande RU-leiar etter at Kaur gjekk av, og som no er valt som leiar av sentralstyret.

Han meiner Raudt kunne ha vunne på å ha samarbeidd meir med ungdomspartiet, og peikar på Frp sin suksessformel i årets stortingsval:

– Simen Velle og Sylvi Listhaug er jo liksom som to dropar vatn, og det lønar seg for dei. Det kunne ein gjort i Raudt også, men …

Han trur ungdomspartiet har mykje å lære av Raudt, og at RU kan hjelpe moderpartiet med å få til ei lita venstrebølgje blant unge.

Han håpar dei framover skal klare å bygge eit godt samarbeid og samlast om dei viktigaste sakene, og legge vekk «dei små kjeklingane» til fordel for det store prosjektet.

– Kva ønsker du deg frå Raudt framover?

– Eg håpar på hjelp og oppfølging og eg har fått hyggelege meldingar frå fleire som ynskjer å bidra, og det er veldig fint.

Raudt:– Lever godt med litt friksjon

Partisekretær Reidar Strisland seier dei har god kontakt med Bergkvist og at dei har fått signal om at RU ønsker betre samarbeid, noko Raudt også ønsker.

– Me skal gjere det me kan for å få til eit godt samarbeid framover, og med den neste leiaren, også er forventinga vår at ansvaret må gå begge vegar.

– Kan det bli eit Simen Velle/Listhaug-forhold mellom RU og Raudt?

– Me lever godt med litt friksjon mellom ungdomsparti og moderparti. Me vaksne har godt av å bli utfordra, men Raudt og RU er einige om mykje, inkludert eit overordna prosjekt om å få ned forskjellane. Det er når me trekker i same retning at me kan få til faktisk forandring. Me kan openbert samarbeide betre enn i perioden, og her er signala frå Halvor Bergkvist gode. Eg har trua.