Ny rapport frå Klimapanelet: Klimaendringane går stadig raskare

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omsett og henta med velvilje frå Energi og klima.

Den nye spesialrapporten frå FNs klimapanel (IPCC) tar for seg havet og kryosfæren – altså dei delane av verda der vi finn is, snø og permafrost – i eit klima i endring. Og den slår fast blant anna at havnivåstiginga, oppvarminga av havet og avsmeltinga av isbrear – både i polare område og i varmare delar – går raskare enn ein har teke høgde for tidlegare.

Dette er den tredje spesialrapporten på eitt år frå IPCC, etter halvanna-gradersrapporten frå oktober i fjor og landrapporten frå august i år. Alle rapportane vart bestilt i samband med klimatoppmøtet i Paris i 2015.

Den mest oppsiktsvekkande konklusjonen i denne rapporten er kanskje at det globale havnivået kan stige raskare og meir, enn ein tidlegare har trudd. Det kan få store konsekvensar for kystnære samfunn og øystatar.

– Havet vil stige i mange hundre år

– Sjølv om vi klarer togradersmålet vil vi ved utløpet av dette århundre ha fått rundt 0,4 meter høgare havnivå. Hvis vi får fire graders oppvarming, endar vi antakeleg nærare 0,8 meter. Dei mest pessimistiske prognosane gir oss havstiging på godt over éin meter innan 2100, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Tore Furevik. Professor, Direktør Bjerknessenteret for klimaforskning. Foto: UiB

Han legg til at havnivåstiginga vil halda fram med uforminska styrke i mange hundre år.

Furevik slår fast at dette først og framst skapar problem for mange av verdas megabyar som ligg ved havet, og spesielt ved ekstreme hendingar knytta til stormar og orkanar.

– Rapporten viser at ekstreme hendingar knytt til stormflo – som i dagens klima har kunne førekome ein gong kvart hundre år, vil kunne inntreffe årleg, seier Furevik.

– Enorme menneskelege kostnadar om vi ikkje gjer noko

Sjølv om det vil påvirke heile jordas befolking, understrekar han at det er folk som lev langs kystane, i Arktis eller i høge fjellområde, som vil kome til å merke dette aller mest.

Og det gjelder mange menneske:
– 28 prosent av alle på jorda bur langs kysten, 11 prosent bur lågare enn ti meter over havnivået. Om lag 10 prosent bur i Arktis eller i høge fjellområde. Dette vil altså direkte råka svært mange mennesker. Det vil ikkje berre bli dyrt, det vil også ha enorme menneskelege kostnadar om vi ikkje gjer noko, sier Furevik.

– Havforsuring skadar økosystem

Det er spesielt auka avsmelting frå isbreer – og spesielt i polare strøk – som er årsak til den auka farten i havstiginga. Sjå dette ekspertintervjuet med Bjerknes-forskar Lars H. Smedsrud for meir bakgrunn om det.

I tillegg fastslår rapporten at havet har teke opp over 90 prosent av overskotsvarmen i klimasystemet. Det har bremsa den globale oppvarminga, men samtidig ført til såkalla marine heitebølgjer – som truar økosystem i havet.

Are Olsen, Bjerknes-forskar og professor ved UiB. Foto: UiB

I tillegg kan varmare vatn ta opp meir CO2 – men det fører også til at havet blir surare. Og surt hav binder opp viktige kalkmineral, forklarar Are Olsen, Bjerknes-forskar og professor ved UiB.

– Om vi ikkje gjer noko for å avgrensa CO₂-utslippa, vil store delar av verdshava bli undermetta på viktige kalkmineral før dette århundre er omme. Desse vert brukt i skalet til mange planktontypar, som dimed vil vere trua, skriv Olsen i ei pressemelding frå Bjerknessenteret.

Polhavet og Sørishavet er blant dei områda som vil bli undermetta først. Kombinert med oppvarminga og den forventa, og til dels observerte, reduserte tilgangen på oksygen og næringssalt, vil dette kunne true fleire marine økosystem, held han fram.

Betre data betyr tydelegare åtvaringar

Hav- og kryosfære-rapporten er, som alle andre rapportar frå klimapanelet, ein gjennomgang av all tilgjengeleg og relevant publisert forsking på området. Difor er forskinga stort sett også kjend frå før blant dei som føl klimaforskinga tett, men som i dei føregående to spesialrapportane er klimapanelet blitt noko skarpare i språket.

– Meir data og meir kunnskap gjer at språkbruken er tydelegare enn tidlegare, forklarar direktør Tore Furevik ved Bjerknessenteret.

Tidlegare forsking på mange av desse områda har vore forsiktige i anslaga – både fordi ein har hatt korte måleseriar og med stor uvisse, men også fordi ein har vore forsiktige med å legge for mykje vekt på nye resultat før metodane har vore grundig etterprøvd av andre.

– Det har gått ein del år sidan førre hovudrapport frå klimapanelet, som kom i 2013. På dei åra er det kome mykje nye data. Modellane er blitt betre og meir presise. Og vi forstår meir av dei underliggande prosessane. Difor tør IPCC no å fastslå meir sikkert det mange nok meiner dei har observert lenge, sier Furevik.

Greta Thunberg under Klimatoppmøtet til FN 2019. Foto: FN