Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alt dette er feil. Eg burde ikkje stått her oppe. Eg burde vore på skulen på andre sida av verda. Og likevel kjem de til oss ungdomar for håp. Korleis vågar de?, tordna Greta Thunberg.

Den svenske klimaaktivisten har teke verda med storm, etter at ho for litt over eitt år sidan starta ei bølgje med klimademonstrasjonar over heile verda.

– De sviktar oss

Måndag stod ho på talarstolen under Klimatoppmøtet til FN i New York, og snakka krystallklart til verdas statsleiarar.

– De sviktar oss. Men dei unge byrjar å forstå sviket dykkar. Alle framtidige generasjonar sine auge er på dykk. Og dersom de veljer å svikte oss, seier eg: Vi vil aldri tilgi dykk.

Sjå heile talen her:

 

– Det er menneske som døyr

– De har stole draumane mine og barndomen min, med dei tomme orda dykkar, sa ei tydeleg prega Greta, og haldt fram:

– Likevel er eg ein av dei heldige. Det er menneske som lir, det er menneske som døyr. Det er heile økosystem som kollapsar. Vi er i starten av ei masseutrydding og alt de kan snakke om er pengar og eventyr og evig økonomisk vekst. Korleis vågar de?

– Takk Greta

Talen har allereie skapt stormar på sosiale medium og er delt og sett hundretusenvis av gongar.

Kona til Bernie Sanders oppmodar sine følgjarar på Twitter til å sjå filmen, lytta til det Thunberg seier – og handle sjølv.

Skodespelar Mia Farrow takkar Thunberg for det store arbeidet ho har gjort.

Også dotter til tidlegare president Bill Clinton og tidlegare utanriksminister Hillary Clinton, takkar Thunberg.

Skodespelar-støtte

Skodespelar Debra Messing, mest kjend frå serien Will and Grace, håpar på ein Nobelpris til Thunberg.

Medan skodespelar Mark Ruffalo, som mellom anna spelar Hulken i Marvel-filmane, også ynskte å vidareformidla orda til Thunberg, til sine seks millionar følgjarar.

– Ho har 1000 prosent rett

Seth MacFarlane, som mellom anna står bak seriane Family Guy og American Dad, støttar Thunberg.

– Ho har 1000 prosent rett, skriv han på Twitter.

Han meiner ei full omstilling må til, og viser til at USA gjorde det under andre verdskrig.

– Me kan gjera det igjen.

Sarkasme frå presidenten

President av USA, Donald Trump, tok det kanskje ikkje like seriøst:

Manusforfattar Zack Bornstein, som mellom anna skriv for Saturday Night Live, Jimmy Kimmel Live har også uttalt seg. Han ynskjer å nominera augneblinken då Thunberg såg Trump på toppmøtet, til Oscar-pris:

 

Her kan du lesa heile talen til Greta Thunberg, omsett til norsk:

Min beskjed er at vi følgjer med dykk.

Alt dette er feil. Eg burde ikkje stått her oppe. Eg burde vore på skulen på andre sida av verda. Og likevel kjem de til oss ungdomar – for å få håp!

Korleis vågar de?

De har stole draumane mine og barndomen min, med dei tomme orda dykkar. Likevel er eg ein av dei heldige.

Det er menneske som lir, det er menneske som døyr. Det er heile økosystem som kollapsar. Vi er i starten av ei masseutrydding og alt de kan snakke om er pengar og eventyr om evig økonomisk vekst.

Korleis vågar de?

I meir enn 30 år har vitskapen vore krystallklar.

Korleis vågar de å fortsette å sjå ein annan veg?

De kjem hit og seier at de gjer nok, medan politikken og løysingane som trengs ikkje er i sikte.

De seier at de «høyrer oss» og at de «forstår alvoret». Men uansett kor lei meg og sint eg er, så ønsker eg ikkje å tru på det. For om de verkeleg forstod situasjonen, og framleis haldt fram med å ikkje gjere noko med problemet, då ville de ha vore vonde. Det nektar eg å tru at de er.

Den populære ideen om å redusere utsleppa våre til halvparten på 10 år, gir oss berre 50 prosent sjanse til å halde oss under 1,5 grader, og risikoen for å setje i gang ein kjedereaksjon utanfor menneskeleg kontroll.

50 prosent er kanskje akseptabelt for dykk. Men desse tala inkluderer ikkje: tippetala, dei fleste tilbakekoplingar, ekstra oppvarming skjult av giftig luftforureining eller aspekta ved rettferd og klimarettferd. Tala baserer seg også på at min generasjon syg hundrevis av milliardar tonn av dykkar CO2, ut av lufta med teknologi som knapt finst.

Så, ein femti prosent risiko er rett og slett ikke akseptabelt for oss – vi som må leve med konsekvensane.

For å ha 67 prosent sjanse for å holde seg under ei global temperaturauke på 1,5 grader – dei beste oddsa gitt av Intergo Governmental Panel on Climate Change – hadde verda att 420 gigatonn CO2 å sleppe ut den 1. januar 2018. I dag er dette talet allereie gått ned til under 350 gigatonn.

Korleis våger de å late som om dette kan løysast med berre ‘business som vanleg’ og nokre tekniske løysningar? Med dagens utsleppsnivå vil det gjenverande CO2-budsjettet vere heilt borte i løpet av mindre enn 8 1/2 år.

Det vil ikkje vere nokre løysningar eller planar presentert i tråd med desse tala her i dag, fordi desse tala er for ukomfortable. Og de er framleis ikkje modne nok til å fortelje det som det er.

De sviktar oss. Men dei unge byrjar å forstå sviket dykkar. Alle framtidige generasjonar sine auge er på dykk. Og dersom de veljer å svikte oss, sier eg: Vi vil aldri tilgi dykk.

Vi vil ikkje la dykk sleppe unna med dette. Akkurat her, akkurat no er der vi set streken. Verda vaknar opp. Og endringa kjem, anten de likar de eller ei.

Takk.

Les også meiningsinnlegget til Tina (16): – Vi er vitne til eit svik utan like frå foreldregenerasjonen

Tina Razafimandimby Våje er blitt ufrivillig aktivist på grunn av klimakrisa.
Foto: Andrea Rygg Nøttveit. Innfelt foto: privat