Rapport: Jordas ressursar for i år er brukte opp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jordas overforbruksdag som han blir kalla, eller Earth Overshoot Day, har vorte flytta med over to månader dei siste 20 åra, og i år kjem han tidlegare enn nokon gong, ifølgje ein rapport frå organisasjonen Global Footprint Network.

– Det at overforbruksdagen landar på 29. juli betyr at menneska på noverande tidspunkt bruker naturen 1,75 gonger fortare enn økosystemet til planeten klarer å regenerere, seier organisasjonen i ei fråsegn.

Noregs overforbruksdag er 18. april

Året 1970 var første gong bruken av naturressursar var større enn den årlege gjenopprettinga, ifølgje WWF.

I 1993 landa dagen på 21. oktober og i 2003 kom han på 22. september. I fjor var datoen 1. august, ifølgje Verdsnaturfondet (WWF).

Forbruket varierer mykje frå land til land, difor har Earth Overshoot Day laga ei oversikt over kva tid dei ulike landa har brukt opp årets ressursar.

Verst ut kjem Qatar, som går i minus etter 11. februar. Om alle skulle levd og brukt som oss i Noreg ville jordas overforbruksdag landa på 18. april.

Sjå resten av datoane i illustrasjonen: 

Klimatoppmøtet i Chile

Chiles miljøminister Carolina Schmidt og sjef for klimakonferansen i år, som skal haldast i Santiago, seier at ei viktig årsak til at datoen kjem tidlegare og tidlegare kvart år er aukande CO2-utslepp. Ho seier tydinga av å handle meir miljøvennleg blir stadig tydelegare.