Fiji vil innføra verdas mest ambisiøse klimalover
Den klimautsette stillehavsstaten kritiserer resten av verda for å vera egoistiske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den alvorlege situasjonen me befinn oss i er ikkje vår eigen feil og det er difor denne regjeringa legg så sterk vekt på klimasaka, sa riksadvokat og minister for økonomi og klimaendring i Fiji, Aiyaz Sayed-Khaiyum ifølgje The Guardian.
Ifølgje den britiske avisa er øystaten no i ferd med å innføra eit av verdas mest ambisiøse lovverk for å takla klimakrisa.
Økonomi + klima
Ministeren for økonomi og klimaendring i Fiji kalla global oppvarming for «ein kamp for våre liv og vårt levebrød». Landet er det første i verda til å slå saman departementa for økonomi og klima.
– Me forstår samanhengen mellom ein sterk økonomi og eit stabilt klima, sa ministeren, som la fram lovforslaget.
Lova inneber mellom anna strengare restriksjonar for bruk av plast, rammer som tek sikte på å redusera utsleppa til netto null innan 2050, nye klimakvoter og etablering og prosedyrar for å flytta samfunn i risikosona for effektane av klimakrisa.
Må flytta lokalsamfunn
Øystaten i Stillehavet er blant dei som er mest utsett for mellom anna stigande havnivå, som følgje av eit varmare klima.
Ifølgje myndigheitene sin fem- og 20-årsplan i samband med klimatoppmøtet i 2017 står 830 lokalsamfunn i fare for å måtte flytte. 48 av desse er så akutte at dei får støtte av myndigheitene.
Den komande klimaendringslova vart annonsert onsdag morgon. Og skal inn for parlamentet når dei samlast i september, før klimatoppmøtet i Santiago, Chile i desember.
Aiyaz Sayed-Khaiyum håpar lovforslaget vert einstemmig vedteke for å senda eit tydeleg signal til resten av verda.
Kritiserer ignorering av klimarapport
Under FNs klimasamtalar i Bonn i mai vart Saudi-Arabia og andre oljenasjonar kritisert for å ignorera rapporten frå FNs klimapanel som oppmoda til tiltak for å halda temperaturauken under 1,5 grader.
Dette meiner Sayed-Khaiyum var eit stort tilbakesteg.
Fiji er ikkje nøgd med den internasjonale innsatsen og klimaministeren deira kallar avgjerda om å ikkje sikta seg inn på å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader for «grovt uansvarleg og egoistisk».
Fryktar meir ekstremvêr
Sayed-Khaiyum viste til konsekvensar av klimakrisa, som smeltinga av isen Arktis, rekordtemperaturar, tørke, flaum og skogbrannar.
Han viser til kor sårbart den vesle staten er i møte med dei stadig meir ekstreme naturkreftene.
– Me skannar horisonten nervøst år for år for den typen ekstremvêr me hadde for tre år sidan, som tok livet av 44 av våre kjære og påførte skade tilsvarande ein tredel av vår GDP, sa riksadvokaten, som viste til orkanen Winston i 2016.
Neste veke samlast leiarar i stillehavsstatane og den australske statsministeren seg til møte i øystaten Tuvalu.
Sayed-Khaiyum varslar at Fiji vil pressa på for at øystatane og deira naboar skal auka ambisjonsnivået i klimakampen.
Visste du at stigande hav kan råka over 50.000 bygningar i Noreg? Les meir her!