Store kommunar er betre tilpassa ekstremvêr
Sju av ti kommunar har opplevd ekstremvêr dei siste ti åra. Medan fire av fem av dei store kommunane har byrja å tilpassa seg klimaendringane, har berre 15 prosent av småkommunane i landet byrja eit slikt arbeid, viser ein ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Naturen bryr seg ikkje om kommunen er stor eller liten, seier konserndirektør Ivar Martinsen i If til Nynorsk pressekontor.
Ei nasjonal kartlegging gjort av forsikringsselskapet If og CICERO Senter for klimaforskning viser at det er store skilnadar mellom store og små kommunar. Dei store har gjennomgåande komme mykje lengre i klimatilpassingsarbeidet.
Dei små må klimatilpassa seg
Kommunane i Noreg trur meir nedbør er det som mest truleg kjem til å ramma dei som følgje av klimaendringane. Deretter følgjer problem som endra vassføring, auka temperaturar, ras og skred, erosjon og stigande havnivå.
– Alle kommunar, uavhengig av storleik, bør ha ein idé om kva sektorar og område som er mest sårbare for dei ekstremvêrformene kommunen er mest utsett for, seier seniorforskar Marit Klemetsen i CICERO til Nynorsk pressekontor.
Deretter kan kommunane vurdera om dei bør gjennomføra tiltak for å førebyggja og avgrensa skader, før dei rammar innbyggjarane, næringslivet og lokalsamfunnet, meiner ho.
Rapporten viser at 54 prosent av kommunane i undersøkinga har gjort eit vedtak i kommune- og bystyre om at dei skal jobba med klimatilpassing. Medan alle dei største kommunane har gjort dette, blir talet mindre etter kvar som kommunane blir mindre. Berre 16 av 41 småkommunar i undersøkinga har gjort eit slik vedtak i kommunestyret.
– Store og små kommunar er ikkje nødvendigvis samanliknbare, då store kommunar gjerne både har fleire ressursar og betre moglegheit for stordriftsfordelar. I tillegg er det å vente at store kommunar går i front, seier Klemetsen.
LES OGSÅ: Ny undersøking: Store forskjellar i klimamåla til kommunane
Ber kommunane vedta klimaplan
Nær sagt alle kommunane i undersøkinga trur dei blir ramma av klimaendringar eller ekstremt vêr. Men berre 12 prosent av dei har eigne tilsette som jobbar med klimatilpassing, og 27 prosent av kommunane har sett av pengar til slikt arbeid.
Martinsen i If fortel at medan byar og tettbygde kommunar er meir utsette for til dømes overvatn, er mindre kommunar i grisgrendte strok utsette for ras og flaum. Han meiner dei små kommunane må jobba systematisk og minner om at tørke og skogbrann også er farar for mange småkommunar.
– Det viktigaste er at dette blir behandla politisk i kommunestyra. Ressursproblema kan løysast ved å samarbeida med nabokommunen og fylket, seier Martinsen. Han viser til Sirdal i Rogaland som har sett utover kommunegrensene og i tillegg jobbar med kraftselskap i arbeidet med klimatilpassing.
Klemetsen minner om Fylkesmannen eller fylkeskommunen kan ta ei meir aktiv rolle.
– Fylkesvise klimaprofilar, publikasjonar og rettleiarar bør brukast av alle kommunar og gjer at kommunane kan dra nytte av arbeider i større einingar.
LES OGSÅ: Havet stig: Over 50.000 bygningar kan bli ramma i Noreg
Sirdal best av dei små
Mens Stavanger kommune er best av alle i undersøkinga, er Nedre Eiker kommune best blant kommunane med mellom 20.000 og 50.000 innbyggjarar. Nord-Odal er best blant dei mellomstore kommunane. Kraftkommunen Sirdal er den beste kommunen med under 5.000 innbyggjarar.
– Me er eit veldig lite miljø med tett samarbeid mellom politikarane, administrasjonen og dei ulike avdelingane. Me har også veldig høg kompetanse i kommunen, og har eit nært samarbeid med kompetansemiljøa til energiselskapet Sira-Kvina og Statnett. Dette har vore viktig i arbeidet med klimatilpassing seier ordførar Thor Jørgen Tjørhom (Sp) i Sirdal kommune i rapporten.
Få kommunar svarte
Spørjeundersøkinga blei sendt ut til alle 422 norske kommunar i vår. 99 kommunar svarte på undersøkinga. Martinsen i If innrømmer at han ikkje er nøgd med at mindre enn ein firedel av kommunane svarte.
– Det er ikkje eit godt teikn når kommunane ikkje veit kven som skal svare på undersøkinga, seier han.
Klemetsen i Cicero meiner dei 99 svarkommunane er nokså jamt fordelt over små og store kommunar på kysten og i innlandet i heile landet.
– Likevel kan me naturlegvis ikkje vera sikre på at dei er representative for norske kommunar, seier ho.
Dette er første gong If og Cicero har gjennomført ei slik undersøking. Målet er at det skal bli ei årleg måling, med ein større svarprosent.
LES MEIR: Vêrvarsel for dei neste 80 åra: Meir ekstremnedbør
Dette er dei best klimatilpassa kommunane:
1. Stavanger, Rogaland (31 poeng)
2. Nedre Eiker, Buskerud (28 poeng)
2. Bærum, Akershus (28 poeng)
3. Kristiansand, Vest-Agder (25,5 poeng)
3. Arendal, Aust-Agder (25,5 poeng)
4. Larvik, Vestfold (25 poeng)
4. Nord-Odal, Hedmark (25 poeng)
5. Våler, Østfold (24 poeng)
6. Sirdal, Vest-Agder (23,5 poeng)
7. Søndre Land, Oppland (23 poeng)
7. Porsgrunn, Telemark (23 poeng)
8. Oslo (22,5 poeng)
9. Trondheim, Trøndelag (22 poeng)
10. Farsund, Vest-Agder (21.5 poeng)
11. Hamar, Hedmark (20 poeng)
12. Risør, Aust-Agder (19,5 poeng)
12. Asker, Akershus (19,5 poeng)
12. Stange, Hedmark (19,5 poeng)
12. Klæbu, Trøndelag (19,5 poeng)
13. Bergen, Hordaland (19 poeng)
13. Gol, Buskerud (19 poeng)
14. Fauske, Nordland (18 poeng)
15. Voss, Hordaland (17,5 poeng)
15. Gausdal, Oppland (17,5 poeng)
15. Fjell, Hordaland (17,5 poeng)
Den høgast moglege poengsummen i undersøkinga er 33 poeng.
Kjelde: Rapporten «Hvor godt er norske kommuner rustet til å håndtere følgene av klimaendringer» frå If og Cicero.