Ekspertintervjuet: Klima og naturmangfald heng saman

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.10.2022 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Energi og klima. 

Førre veka lanserte FNs naturpanel sin nye rapport, som har fått mykje merksemd i norsk og utanlandsk presse. Konklusjonen i gjennomgangen av naturmangfaldet – den grundigaste nokosinne – er dyster: Økosystema til jorda er i ferd med å verte endra, raskt, radikalt og som resultat av menneskeleg aktivitet. Desse endringane kan ha dramatiske konsekvensar ikkje berre for menneske, men for alt liv på planeten: Over ein million artar står i fare for utrydding i løpet av nokre tiår.

Men kor mykje av desse endringane er forårsaka av klimaendringar? Er det dei same drivarane bak klimaendringar som også er skuld i trugselen mot naturmangfaldet? Vi har snakka med Noreg sin einaste representant i IBPES-leiinga – seniorrådgjevar Ivar Baste.

2°C: – Éin million artar høyrest skremmande ut, men kor stor del av alt som lever på jorda snakkar vi eigentleg om?

Ivar Baste: – Det som vert lagt til grunn, er eit konservativt estimat på 8,1 millionar artar. Og då snakkar vi ikkje om mikroorganismar, berre plantar og dyr.

– Kvifor stoppe der?

– Det handlar litt om at ikkje alle er einige om at omgrepet «artar» ein gong kan verte brukt på det nivået, og litt om kor sikker kunnskap ein har. Alt som vert sagt om tal artar på jorda kjem inn under det ein i IPCC og IPBES har klassifisert som «etablert, men ufullstendig» kunnskap. Det vil seie at forskinga peikar i same retning slik at beslutningstakarar bør ta det innover seg, sjølv om det er behov for meir kunnskap. Og vi veit langt meir om plantar og dyr enn mikroorganismar.

Les også: Det første pattedyret til å bli utrydda grunna menneskapte klimaendringar

Byggjer på tilgjengeleg forsking

– Korleis har de kome fram til dette talet?

– Heilt først er det viktig å understreke at IBPES jobbar omtrent som klimapanelet, IPCC, i slike rapportar. Dei køyrer ingen modellar sjølv, dei gjer inga forsking sjølv. I staden studerer dei all den viktigaste og beste forskinga som er gjort på feltet, og ser om dei finn klare tendensar der. Di meir forsking som finst, og di klarare tendensen er, dess sikrare framstår konklusjonane i rapporten.

– Men, truga og truga. At det vert færre tyder ikkje at dei forsvinn heilt? Kor ille er det eigentleg?

– Mange artar treng eit visst areal for å kunne overleve på sikt. Ut frå kunnskap om samanhengen mellom tilgjengeleg areal for kjende artar, har ein rekna ut at éin halv million av artane er dømde til utrydding allereie i dag. I sjølve bakgrunnsrapporten vert dei skildra nærmast som levande daude. Viss ein ikkje reprarerer økosystema, vil dei forsvinne. Det er enorme tal i forhold til det som er utrydda til no. Det er store tap allereie, og det akselererer, og verre kan det verte om vi ikkje handlar no.

Les om den siste rapporten til IPCC her. Den slår fast at 2 grader global oppvarming vil vere meir alvorleg enn venta.

– Ein tredel av marine pattedyr er truga

– Men mykje av dette er vel insekt og slikt? Kor mykje vil det eigentleg ha å seie med færre insekt?

– 5,5 millionar av totalen eg nemnde på 8,1 millionar er insekt. Så rundt to tredelar av det vi snakkar om her er insekt, ja. Men viss vi ser på utryddingstakta fram til no i ulike dyregrupper – som mange av desse berekningane jo byggjer på – ser vi at det er andre grupper der ein større del er i fare.

Til dømes: Medan «berre» 10 prosent av insekta er utryddingstruga, er 40 prosent av amfibia og rundt ein tredel av marine pattedyr også truga.

Éin halv million av artane er dømde til utrydding allereie i dag

Då snakkar vi altså om mange artar som rett og slett forsvinn. Men sjølv om dei ikkje forsvinn heilt, sjølv om dei berre får mindre utbreiing og mindre populasjonar, kan det vere problematisk. Naturpanelet analyserer tilstanden til det vi kallar naturen sitt bidrag til menneske eller økosystemtenester – som eit omgrep for goder vi nyter godt av og produkt vi kan hauste frå naturen. Mange av desse tenestene vert ringare sjølv om artane som leverer dei ikkje nødvendigvis døyr ut.

Ta til dømes pollinering, der insekt spelar ei stor rolle, i noko som er avgjerande for produksjonen av mat. Færre pollinerande insekt gjev dårlegare avlingar av til dømes næringsrik mat som grønnsaker, frukt og nøtter. Nedfiska bestandar gjev lite mat og dårleg lønnsemd. Naturen har aldri levert meir mat, energi og materiale enn den gjer no, men kor berekraftige mange av desse tenestene er, er et stort spørsmål – spesielt dersom artsmangfaldet og økosystema sine funksjonar vert svekka.

Les også: Konsekvensane blir høgst sannsynleg dramatiske, viss ein stor del av insekta i verda kravlar vidare i retning utrydding.

Same underliggjande drivarar bak klimaendringane

– Kva er årsakene til at økosystema vert endra? Kor mykje av det skuldast klimaendringar?

– Dei viktigaste drivarane bak tapet på land, er arealendringar, og deretter hausting. Altså direkte utnytting av ressursane. I marine miljø er dei same to faktorane dei viktigaste, men rekkefølgja er omvendt: Der er hausting ikkje uventa viktigast, arealendring nummer to. Klima er på tredjeplass i begge to, deretter forureining, framande artar og andre forhold. Ferskvassmiljø skil seg litt ut igjen – der er forureining ein viktigare drivar enn klima. Det er sjølvsagt variasjonar frå region til region, men globalt gjev dette totalbilete.

Arealendringar og hausting er dei viktigaste drivarane bak tapet av artar i naturen. Men klimaendringar kjem samla på ein tredjeplass – og det kan verte meir drastisk med fortsatt auka oppvarming, forklarar Ivar Baste. Illustrasjon: IPBES

Men dette er samansett. For det første er dette ut frå eit augeblikksbilete, med 0,7 graders oppvarming dei siste 40 åra. Ser vi på halvannan graders eller to graders oppvarming frå førindustriell tid, snakkar vi om dramatiske endringar i økosystema. Noko også Klimapanelet peikar på.

I tillegg har du mange av dei same underliggande drivarane bak det som driv både auka bruk av fossile brensel og endringar i økonomisk vekst. Dette er forhold som både forverrar klimaproblemet og svekkjer naturmangfaldet.

Eller ta til dømes CO2 – som både er den viktigaste drivaren til den globale oppvarminga, men som også bidreg til havforsuring, og dermed også skadar marine økosystem. Og du har andre, meir kortliva klimagassar som kan ha toksiske effektar på naturmangfald. Eit anna døme er endringar i arealbruk som kan påverke naturen si evne til å binde karbon. Som rydding av regnskog. Auka ekstremvêr kan også svekke naturmangfaldet. Konsekvensane heng ofte saman.

– Så for å snu på det: Det same som kan løyse klimaproblemet kan betre naturmangfaldet?

– Det er litt samanfallande agenda på nokre område, ja. Det er også samanfallande med berekraftsagendaen. Generelt sett er løysinga den same: Det krev gjennomgripande samfunnsendringar. Transformative change, som det heiter på engelsk.

Les også meiningsinnlegget til Herdis Auestad Nergaard (18): – Ungdommane som streikar (og alle andre) må faktisk leggje om livsstilen sin viss dei ikkje ønskjer ei verd med forureina hav og øydelagde økosystem.

– Sjukdom og spreiing av framande artar vil skyte fart

– Kan ein tenke seg at klimaendringar kan vere gunstig for nokre artar?

– Slik er det jo gjerne alltid, der nokre artar må vike vert det opna rom for andre. Det kan blant anna henge saman med kor langt dei må flytte på seg. Som igjen kan avhenge av topografi og terreng. Tenk på tregrensa i Noreg – det kan vere lettare for artar å flytte på seg viss det er bratt og kort veg mellom klimasonene, enn i eit flatt slettelandskap kor det er langt til der klimaet er meir gunstig.

Rapporten understrekar jo også at dette handlar dels om evolusjonære endringar. Evolusjonen kan verke raskt under jamne forhold. Og generelt: Di meir robuste økosystem, di betre vil dei takle klimaendringane, i den grad dei må det.

Generelt sett er løysinga den same: Det krev gjennomgripande samfunnsendringar.

Det er ein del av bilete at enkeltartar kan kome til å klare seg betre. Men gløym ikkje at også desse effektane er rekna inn i totalen. I det store bilete snakkar vi altså om at mangfaldet vert mindre. Det er heller ikkje gjeve at artane som aukar i omfang slår positivt ut. Ikkje alle naturen sine bidrag er positive. Tenk på sjukdomsorganismar til dømes, og spreiinga av framande artar er forventa å skyte fart som følgje av klimaendringar.

Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda. WWF etterlyser Paris-avtale for å redde mangfaldet på kloden

Klimatiltak og naturmangfaldet

– Men kan tiltak som betrar klimaet også skade naturmangfaldet?

– Konvensjonelt biodrivstoff er jo klassikaren her: At ein feller regnskog for å plante monokulturar for å fange karbon. Men det kan også tenkast andre arealendringar som kan slå negativt ut. Debatten om vindturbinar her heime føyer seg inn der. I tillegg har du utvinning av materiale til batteri, gruvedrift generelt er nemnd fleire gongar som ei forureinsingskjelde.

Utbygging av sol- og vindkraft er ikkje problematisert spesielt i samandraget for beslutningstakarar som er ute no. Men i forslaga til konkrete tiltak og politikk, vert det føreslått blant anna at ein vedtek berekraftige strategiar og retningslinjer for utbygging av fornybar energi og bioenergi. Slik at ein kan finne kompromiss ein kan leve med, og tek omsyn til både naturmangfaldet, berekraft og klimaet. Og dei oppfordrar til å kutte energibruken som eit viktig tiltak for å gjennomføre skiftet til eit reinare og meir berekraftig energisystem.

Saka er sett om til nynorsk av Framtida.no. 

Les også reportasjen om korleis Arendal vil bidra i klimainnsatsen: – God klimapolitikk betyr ofte smalare midje og tjukkare lommebok!

Miljø- og klimarådgjevar Ragnhild Hammer håpar andre kommunar lærer av Arendal. Foto: Ida Johanne Aadland

Ekspertintervjuet

Navn: Ivar Baste

Stilling: Seniorrådgjevar i Miljødirektoratet

Aktuell: Har gjennom 6 år representert vestgruppelanda i styringsgruppa for IPBES, som nettopp har lansert rapport om globalt naturmangfald