Peder Kjøs: – Angsten er ei drivkraft, like mykje som ei hindring

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 08.04.2019 21:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Angst er erkjenninga av at det er noko som truar. Og så er du redd for at du ikkje har ressursane som skal til for å klare å handtere trusselen, seier psykolog Peder Kjøs.

Han har jobba som psykolog i om lag tjue år, og er kjent frå både podkast, bøker og TV. No er han aktuell med boka «Angst» på Kagge forlag.

Kjøs forklarer at kroppen vår bur seg på ein mogleg fare når ein får angst.

– Når ein ikkje veit kva faren er, så er det vanskeleg, seier han.

Sjølv er han ikkje sikker på om det er riktig å trekke eit skarpt skilje mellom angst og redsel, og viser til filosofen Søren Kierkegaard.

– Kierkegaard meinte at angst er redselen for ingenting. Ingenting er da at ein er redd for opphøyr, å bli utsletta og forsvinne. At det som skremmer er eit ingenting du kan forsvinne i, utan at det er konkret.

For nokon kan det vere døden, einsemd, meiningsløyse eller kaos.

Boka «Angst», skrive av Peder Kjøs er gitt ut på Kagge forlag, og er i sal frå 1. april. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Historier frå eige liv, og gamle filosofar

Utgangspunktet for boka er at angst er ein følelse i livet som alle møter.

– Det er ein reaksjon på at du kjenner deg liten og sårbar i verda, og opplevinga av at ein må passe på fordi verda er stor og til dels uvennleg innstilt, seier Kjøs.

I boka vekslar han mellom å dele historier og erfaringar frå eige liv, og å filosofere rundt temaet, med hjelp frå både bibelhistoria, gamle eventyr, og gamle filosofar og tenkjarar som Aristoteles, Goethe, og Kierkegaard.

Det er ein reaksjon på at du kjenner deg liten og sårbar i verda

For angst, meiner han, har eksistert heilt sidan tidenes morgon.

– Når ein skriv om angst så kan det følast som å henge seg på den største hovudstrøyminga av kunstneriske ytringar gjennom historia, seier Kjøs.

Han er heilt sikker på at forfedrane våre også snakka om sårbarheit rundt leirbålet.

– Dei hadde jo bål fordi dei ville halde dyra unna, seier han.

Les også om føredragshaldar Ingrid Bruun (24) som har gjort si eiga historie med angst og depresjon til levebrød: – Det eg saknar er den meir kvardagslege openheita

Ei drivkraft like mykje som ei hindring

Sjølv ser han på angsten som ei drivkraft like mykje som ei hindring. Han trur nemleg lite ville ha skjedd her i verda utan angsten.

– Angsten hjelper til med to ting. Det eine er at ein realistisk angst peiker ut ting ein må passe på om det ikkje skal skje dårlege ting med deg. Og så kan han og vere ei kreativ drivkraft til å gjere viktige ting, som å starte vaksinasjonsprogram eller kjempe for miljøet.

For noko av grunnen til at ein gjer det, er redselen for kva som kan skje om ein ikkje gjer det, meiner han.

Kjøs tvilar til dømes på at ei amerikansk månelanding ville funne stad dersom amerikanarane ikkje var redde for konsekvensane dersom russarane var før dei.

Les også intervjuet med psykolog Christine Demmo sm etterlyser meir fokus på korleis personar med bipolar liding fungerer mellom sjukdomsepisodar.

Viktig å vere opne

I fjor kom podkasten «Hos Peder», der lyttaren får vere med som fluge på veggen i terapirommet, og sist haust kunne vi sjå psykologen i TV- serien «Jeg mot meg» på NRK. Der samtala han med åtte unge vaksne som sleit psykisk. Målet var å saman finne fram til løysingar på korleis dei kunne handtere liva sine.

Kjøs har òg fortalt opent om at han har ein son som slit psykisk. Han trur det at å vere open om psykiske problem, er viktig.

– Eg trur det er veldig viktig. Noko av det som er vanlegast når du har det dårleg, er at du føler deg åleine. Og når du er ung, trur du ikkje heilt på at det er andre som har opplevd det same før deg, seier han.

Han meiner at det som hjelper folk å komme ut av einsemda, er å dele korleis ein har det med andre. Når nokon snakkar opent, så blir det lettare for andre, fordi det ikkje blir så unikt og annleis.

Les også meiningsinnlegget frå Torkel Eikevik som var med i «Jeg mot meg»: Den sinte mannen er død: Det er ingen grunn til å gå rundt å late som vi ikkje har kjensler. 

Psykolog Peder Kjøs meiner angst er noko alle har i større eller mindre grad, og at det er noko som er vel verdt å reflektere litt rundt. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Pessimist med optimistiske val

Sjølv medgir han at han har ein litt pessimistisk natur, og at han gjerne trur at det går dårleg til slutt.

– Eg har vel alltid vore litt pessimistisk. Men ikkje meir enn at eg har tre barn. Den mest optimistiske tingen ein kan gjere, er å få ungar, meiner han.

Ein del av det å få barn, er at ein veit dei kjem til å lide og få vanskelege dagar.

– Men om ein kjem til den konklusjonen at ein vil har barn, har ein komme til at livet likevel er verdt å leve, seier han.

Noko av det som er vanlegast når du har det dårleg, er at du føler deg åleine.

Når det gjeld eiga erfaring av angst, trur han at han er midt på treet.

– Nokre gongar er det ikkje så veldig kjekt å vere meg. Eg søv dårleg og bekymrar meg. Men stort sett handlar det ikkje om verdas undergang, men meir om kvardagen. Kjem eg til å få til dette, kjem eg til å klare å levere alt eg har sagt, eller blir det berre stress.

Når han har dårlege dagar, går det mest utover søvnen.

– Det er ikkje så effektivt. Det er angstens vesen at han ikkje er så veldig fruktbar alltid. Så prøver eg å omsette han i ei fruktbar handling. Men eg synest ikkje det er så lett heller.

Les også: Dette er angst, og desse tipsa kan hjelpe deg handtere han

Bra nok til å vere glad i

Ein kan ikkje kvitte seg med angsten, fordi han er knytt til det å vere menneske. Og det er mange farar å frykte om ein er eit menneske, meiner Kjøs.

Han trur det beste ein kan gjere, er å dele erfaringane med kvarandre, så ein ikkje er åleine, sjølv om ein kjenner seg liten.

– Det er eit veldig viktig bodskap, synest eg, at sjølv om du ikkje er bra nok til å handtere alle utfordringane ute i verda, så er du likevel bra nok til at nokon kan vere glad i deg. Og ein kan vere del av eit fellesskap der ein hjelper kvarandre. Der kan ein håpe å vere bra nok til å vere elska, seier Kjøs.

Les også reportasjen om Lynneth Bjørnli som vaks opp med psykisk sjuk mor: – Eg hadde alltid forståing for kvifor mamma var som ho var.

Lynneth Bjørnli har alltid visst at foreldra var glade i henne. Foto: Beate Haugtrø