Tidlegare i haust fortalte Lynneth Bjørnli (18) om sine eigne problem i tv-serien «Jeg mot meg» på NRK. Her fortel ho om å vekse opp med ei psykisk sjuk mor.

– Det vart litt sånn at mamma ikkje berre var mamma. Men at eg òg måtte ta meir vare på henne enn eg burde som barn. Ein unge som måtte ta hensyn til ei psykisk sjuk mor, fortel Lynneth Bjørnli (18) til Framtida.no.

Fram til ho var 1-2 år, ønska mora hennar å ta livet sitt. Men da faren stilte eit ultimatum om å flytte med den lille dottera, så slutta mora å truge med det.

­– Men ho hadde sine dagar, fortel Bjørnli.

Mora trudde dei ikkje var glade i henne

Mora var psykisk sjuk, og når ho hadde ein dårleg periode, så ville ho forlate dottera og mannen sin fordi ho trudde at dei ikkje var glade i henne.

Ting som at ein kopp hadde blitt sett feil i kjøkkenskapet kunne sette henne ut av spel fordi det forstyrra systemet i hovudet hennar.

Og om det vart endring i planar dei hadde lagt, så kunne det bli krise for mora.

– Det vart litt sånn at mamma ikkje berre var mamma. Men at eg òg måtte ta meir vare på henne enn eg burde som barn.

Måtte ta ansvar som barn

Dei gongane mora var sjuk og meinte at familien ikkje var glade i henne, prøvde Lynneth å bekrefte at ho var glad i mor si, utan at det nådde igjennom.

– Det gjorde vondt at ho ikkje trudde på det da eg sa eg var glad i henne, fortel ho.

Lynneth (19) har vore å sjå på norske tv-skjermar i haust, i serien «jeg mot meg». Her fortel ho om å vekse opp med psykisk sjukdom i familien. Foto: Beate Haugtrø

– Korleis vil du beskrive det å få så mykje ansvar som så lita?

– Det var meir ansvar for meg enn det burde vere for ein liten unge. Men eg ser ikkje poenget med å seie at det burde ha vore annleis.

– Om ikkje eg hadde blitt født akkurat da, kunne kanskje mamma ha vore død, reflekterer Bjørnli.

Les også: Er livet tøft? Dette bør du høyre og sjå

Problem som går i arv

Mora hennar var sjølv eit løvetannbarn, ei som klarte seg trass i ein vanskeleg oppvekst med vald og alkohol i heimen.

Først da ho møtte mannen sin, opplevde ho å bli fortalt at det ho hadde vakse opp med ikkje var normalt. Det var ikkje greitt å bli slått, og det var ikkje normalt med alkoholiserte foreldre.

– Eg hadde alltid forståing for kvifor mamma var som ho var. Eg visste alltid kvifor ho ikkje hadde kontakt med besteforelda mine, seier Bjørnli.

– Eg ser ikkje poenget med å seie at det burde ha vore annleis.

Var alltid trygg på at foreldra var glade i henne

Faren til Lynneth Bjørnli hadde tretti år med rusmisbruk bak seg før han traff mora. Han har òg hatt problem med psyken, men har vore nykter sidan han traff kona si.

Lynneth Bjørnli har alltid visst at foreldra var glade i henne. Foto: Beate Haugtrø

Også fordi han har hatt problem, var dottera ofte den som trøysta mora.

Men Bjørnli var alltid trygg på at foreldra var glade i henne.

«Jeg vet det», brukte ho å svare når foreldra sa dei var glade i henne.

– Mamma sa at ho vart alltid så utruleg glad da eg sa det. Ho sa det var det aller finaste ho kunne høyre. For ho var aldri sikkert på om hennar eigne foreldre var glade i henne. Heller ikkje pappa var trygg på det i sin oppvekst.

Les også: Om å vere pårørande: – Først og fremst er han bror min

Snakkar opent i familien

I familien har dei alltid vore opne om problema som har oppstått, og dei har snakka saman. Bjørnli meiner at alle i familien har gjort sitt beste ut ifrå dei føresetnadene dei har hatt.

– Vi har snakka om at mamma ikkje var klar for å bli mor da ho fekk meg. Men ho ville ikkje vore friskare om ho ikkje hadde fått meg.

Familien har òg snakka om kva for hendingar i oppveksten som kan ha gitt henne problem som vaksen. Men sjølv ser ho ikkje noko poeng i å plassere skyld eller å skulle ønske at ting hadde vore annleis.

Vi klandrar ikkje kvarandre for korleis det var, fordi alle har gjort sitt beste heile tida.

– Vi ser problema med korleis det har vore, men vi klandrar ikkje kvarandre for korleis det var, fordi alle har gjort sitt beste heile tida. Det er som det er, og ikkje noko vits i å tenke at det burde vore annleis, seier ho.

Les også: – Eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel

Greitt å gjere feil så lenge ein kan snakke saman

Ho hugsar ikkje barndommen som ein vond barndom. Men meir at det har vore problem som har oppstått som i alle familiar.

– Mi mor kom frå ein oppvekst der ho ikkje hadde lært kva ho skulle gjere som forelder så ho måtte gjere alt frå scratch. Ho gjorde sitt beste ut ifrå det ho kunne.

– Og når ein ikkje veit kva ein gjer fordi ein ikkje har lært det av sine eige foreldre, så er ein dømt til å gjere nokre feil. Det er heilt greitt så lenge ein kan snakke om det saman, seier ho.

Sjølv trur ho oppveksten har gjort at ho har stor toleranse for andre sine problem. Om ein venn har utfordringar så er det berre sånn det er.

Les også: Statsbudsjettet: Vil styrke kommunen sin innsats for unge si psykiske helse

Har fått mykje respons

Tidlegare i haust forklarte Bjørnli om sine eigne problem i dokumentarserien «Jeg mot meg» på NRK. Der var ho òg open om å vekse opp i ein heim med psykiske problem.

Ho har ADHD, men fekk diagnosen først i dei seinare åra. Noko ho meiner har ført til mykje sjølvforakt, da ho har fungert annleis enn ho har forventa.

Ho slit òg med angst og depresjon. Nokon ho meiner ikkje nødvendigvis berre har med oppveksten å gjere, men at det kan vere noko ho har arva genetisk.

Måtte bli vaksen veldig fort

– Korleis har oppveksten prega deg, trur du?

– Situasjonen gjorde at eg måtte bli vaksen veldig fort. Det gjer òg at eg er veldig redd for at eg sjølv skal hamne tilbake i mønsteret til mine besteforeldre og min far. Med pillar og alkohol. Det er den frykten at eg skal falle like langt ned, seier ho.

– Situasjonen gjorde at eg måtte bli vaksen veldig fort.

Etter tv-serien har ho fått mykje respons. Mange har tatt kontakt og seier til henne at ho er eit forbilde. Noko ho sjølv ikkje synest at ho er.

Viktig å snakke saman

– Har du nokre råd til andre som veks opp som pårørande?

– Mitt einaste råd er å snakke saman, seier ho.

– Å ha ein open dialog, det å kunne snakke om det med familien sin, er viktig.

Dagane der mora er psykisk sjuk har blitt færre jo eldre Lynneth har vorte. Mora òg er og pårørande til psykisk sjuke.

Ho opplever at foreldra hennar har mykje sjølvinnsikt, og ho har snakka med mor si om problema sidan ho var 8 år gammal.

– Eg har konfrontert henne med det sidan eg var lita. Berre snakk om det er mitt einaste råd, seier Bjørnli.

Les også: Råd til pårørande innan psykisk helse

Oppdatert: sundag 14. oktober 2018 17.04

Kommentarar

ANNONSE