Lanserer den fyrste barbiedokka med diabetes
Tusenvis av norske barn har diabetes type 1. No har ein barbie det også.

– Det er viktig at ein kan kjenne seg igjen i Barbie, seier Mattel, selskapet som lagar Barbie.
For å få til dette, har Barbie-skaparane samarbeidd med Breakthrough T1D. Dei forskar på diabetes, og korleis ein kan behandle det.
Den nye dokka kjem mellom anna med insulinpumpe og blodsukkermålar. Kjolen hennar er blå, og har prikkar på. Både fargen og mønsteret er symbol på diabetes.
Kva er diabetes type 1?
Diabetes type 1 er ein sjukdom som kjem av at bukspyttkjertelen lagar for lite av eit stoff som heiter insulin. Då klarar ikkje kroppen ta opp nok næring frå blodet, og ein får høgt blodsukker.
Stort sett oppdagar ein diabetes som barn, ungdom, eller tidleg vaksen.
Kjelde: SNL
Mattel har dei siste åra kome med fleire inkluderande dokker. I 2023 lanserte dei til dømes ei barbiedokke med Downs syndrom.

Barbie Fashionistas-serien, der ei av dokkene har Downs syndrom. Foto: Mattel.
Noreg er i verdstoppen på diabetes type 1
I 2023 oppdaga ein diabetes hos 413 norske barn.
Noreg er eitt av landa med flest tilfelle av barnediabetes. Forskning.no skreiv i september i fjor at desse tala var stigande.
– Og vi veit ikkje kvifor. Men vi veit at det ikkje berre gjeld i Noreg, det er noko som skjer over heile verda. Dette forskar vi veldig mykje på, sa overlege og professor Torild Skrivarhaug til Forskning.no den gongen.