– Om du får dårlegare konsentrasjon, så går det ut over korleis du fungerer

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste som har bipolar liding fungerer akkurat som alle andre fram til det første utbrotet av ein klinisk episode, som oftast er ein depresjon, forklarar psykolog Christine Demmo.

Ho har nyleg fullført ein doktorgrad om betydninga av tidleg sjukdomsforløp i bipolar liding.

Demmo viser til at det samanlikna med andre alvorlege psykiske lidingar, som til dømes schizofreni, er forska lite på tidleg utvikling av diagnosen endå den vert karakterisert som ein av dei mest alvorlege psykiske lidingane.

Risiko for uførheit

I ei studie frå 2013 vart sjukdommen identifisert som ei av dei tjue vanlegaste årsakane på verdsbasis til at folk vert uføre. Blant psykiske sjukdommar er bipolar liding den femte største årsaka til at folk fell utanfor jobb og studier.

Bipolar liding vert delt inn i to grupper, type 1 og type 2. Demmo er med i eit forskingsprosjekt som har undersøkt pasientar som har fått bipolar liding type 1, som er den mest alvorlege.

Bipolar liding, som tidlegare vart kalla manisk depressiv, er ein diagnose som vanlegvis vert stilt tidleg i tjueåra. Type 1 vert kjenneteikna ved at ein har nedstemte depressive periodar og har hatt minst ein manisk periode.

Utover at det er ein genetisk faktor kjenner ein til få tidlege teikn på bipolar liding og ofte tek det mange år før pasientane får riktig diagnose.

Les også: Kven er dei unge arbeidsledige som ikkje går på skule?

Fråfall i studien

Med eit utgangspunkt på 79 forsøkspersonar med ein gjennomsnittsalder kring 30 år er studien ein av dei største som er gjort på tidleg utvikling av bipolar liding.

Fordi bipolar liding i motsetnad til schizofreni, er ein episodisk sjukdom er det ei utfordrande gruppe å forske på. Demmo var difor førebudd på at det ville vere ein god del fråfall blant respondentane, og spekulerer kring mogelege årsakar til dette:

– Etter at dei har kome ut av manien og kjem tilbake til kvardagen sin, så identifiserer dei seg gjerne ikkje med sjukdommen og då gjev det ikkje meining å skulle vere med lenger.

Av dei 79 pasientane som innleiingsvis gjekk igjennom kognitive testar var det 42 som var med eitt år etter. Fråfalla skuldast både død, flytting og andre grunnar som ikkje var spesifisert.

Kognitive effekt av bipolar liding

Målet med prosjektet var å sjå korleis kognitive funksjonar som til dømes minne og konsentrasjon vert påverka i den tidlege fasen av sjukdommen.

– Me fekk stadfesta ein gong for alle at ei stor gruppe av dei med bipolar liding allereie i starten av sjukdommen har redusert kognitive funksjonar, samanlikna med dei som ikkje har bipolar liding, forklarar Demmo.

Forskarane har ikkje kunne forklara dette med tidlegare depressive fasar og har heller ikkje kunne sjå forskjell på pasientar som i manien har hatt ein psykose og dei som ikkje har hatt det.

Demmo forklarar at den store diskusjonen er om bipolar liding, i likskap med schizofreni, er ei utviklingsliding som byrjar tidleg og utviklar seg gradvis, eller om det er ein nevrodegenerativ sjukdom, som betyr at du er frisk til du får første episode og at du for kvar episode vert gradvis dårlegare.

– Funna våre indikerer det ein kanskje har trudd, at det er ein sjukdom som er prega av begge desse sidene, seier Demmo.

Les også: – Eg var 16 år då veggane kollapsa rundt meg.

Stabil utvikling

– Me ser at når du blir sjuk er det ein kognitiv reduksjon, men at den viser seg å vere relativt stabil samanlikna med dei friske. Det er veldig viktig, fordi me fram til no har tenkt at dette er noko som vil gå gradvis nedover parallelt med kor lenge du er sjuk, understrekar Demmo.

Ho påpeikar at funna gjeld på gruppenivå og at det sjølvsagt er individuelle variasjonar.

Eit anna funn Demmo meiner kan vere viktig, er at det ser ut til at for dei som får tilbakefall i løpet av det første året kan dette vere eit tidleg teikn på eit meir alvorleg sjukdomsbilete.

Denne gruppa var yngre enn resten og skilte seg ut ved at dei hadde hatt fleire depressive periodar før dei vart diagnostisert med bipolar liding.

No er forskarane nyfikne på å sjå utviklinga etter fem år og sjå om det er slik at dei som ikkje opplever tilbakefall kjem seg tilbake til det funksjonsnivået dei hadde før dei første sjukdomsepisodane inntrefte.

Les også reportasjen om odelsguten Steffen Fjellstad og unge bønder si psykiske helse: Frå skulebenken til mjølkegrava.

Behandlingsplanlegging

Håpet er at funna kan bidra til å identifisere eit sjukdomsforløp tidlegare og leggja opp behandlinga etter det.

– Kanskje skal ein sjå på alder og sjukdomshistorie, er det mange depressive episodar kan det vere eit meir alvorleg bipolar sjukdomsbilete som me skal følgja med på allereie no, seier Demmo.

Ho meiner det òg i behandling vil vere nyttig å ha eit større fokus på dei kognitive funksjonane i behandlinga for denne gruppa.

– Det seier seg sjølv at om du får dårlegare konsentrasjonsevne, nedsett fokus og vert distrahert så går det ut over korleis du fungerer på skulen og på jobb. Ein ting er det akademiske, men du bruker òg meir energi på daglegdagse ting for å få dagen din til å gå rundt, seier Demmo.

Les også: Er livet tøft? Dette bør du høyre og sjå!

Skremmande utan kunnskap

Ho er oppteken av at det mellom anna kan ha ein negativ effekt på sjølvbiletet til den enkelte dersom dei ikkje vert gjort merksam på kva som kan vere årsaka.

– Om du les og les og les til eksamen, men ingenting kjem inn, så kan det faktisk vere det at du har vore sjuk og hjernen jobbar framleis med å kome tilbake til der han var.

– Om du ikkje veit det så kan det vere veldig skremmande å merka den nedgangen samanlikna med korleis ting var for deg tidlegare, understrekar Demmo.

Les også om 18 år gamle Lynneth som vaks opp med ei psykisk sjuk mor: – Eg hadde alltid forståing for kvifor mamma var som ho var.