Er livet tøft? Dette bør du høyre og sjå!

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noia

P3-profil Christine Dancke sin podcast er eit resultat av hennar eigne opplevingar med panikkangst.

No treng ingen sitte åleine med fortviling eller spørsmål om angst – svara og støtten skal dei få i denne podkasten.

Den første sesongen ligg tilgjengeleg på nett – 14 episodar som tek føre seg alt frå prestasjonsangst til helseangst til å ha angst for angst.

Snakkar vi for mykje om angst? Nei, for sesong to av Noia startar 15. oktober.

Griefcast

Griefcast handlar om døden, og det å miste nokon som står deg nær. Den handlar om kor ulikt ein taklar sorga i ettertid, men også om at det er heilt greitt å le.

Cariad Lloyd er programleiar – ho miste far sin då ho var 15 år. I kvar episode pratar ho med ein ny person som har opplevd at nokon dei var glade i har døydd.

Det er på langt nær ein så trist podkast som det høyres ut – dei fleste gjestane er komikarar!

Hos Peder

I Hos Peder inviterer kjendispsykolog Peder Kjøs oss inn i terapirommet til fire unge menneske.

Her får ein eit unikt innblikk i korleis terapi kan fungera i praksis.

Kvar sesong inneheld mellom åtte og tolv enkeltepisodar som varar oppunder ein time. Lyttaren og pasienten sjølv lærer gradvis personane betre å kjenne.

Favoritten er «Fredrik», ein ung gamer som har eit problematisk forhold til kvinner og eigen seksualitet. Han vert ein slags talsperson for dei mennene som kryssar grenser, kanskje fordi dei sjølve har fått viska ut sine eigne. Høyr og lær!

Jeg mot meg

I Jeg mot meg sesong 2 har NRK og kjandispsykolog Peder Kjøs henta inn åtte modige ungdommar. Styrken med denne sesongen er mangfaldet i både personar og problem.

Øvst frå venstre: Lynneth, Jamal, Mariann, Amund, (nedst frå venstre) Fredrik, Susanne, Torkel og Anja Catrine. Foto: NRK

Øvst frå venstre: Lynneth, Jamal, Mariann, Amund, (nedst frå venstre) Fredrik, Susanne, Torkel og Anja Catrine. Foto: NRK

Ei kjem opprinneleg frå Afghanistan og har traume etter opplevingar i heimlandet og ein tøff oppvekst. Ein er fødd i feil kropp. Fleire har tøffe historiar om mobbing. Ei har vakse opp i ein fattig familie. Fleire har erfaringar som pårørande til psykisk sjuke, i tillegg til at dei har fleire diagnosar sjølve.

Her ser ein kor samansett både psyken og livet er. Det handlar ikkje om å fikse, men å meistre. Finast av alt er hjelpa og støtta deltakarane finn i kvarandre. Dei er ikkje åleine.

Les også: – Serien blei vendepunktet eg trengte for å bli betre

Else om: sjølvmord

Else Kåss Furuseth

Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Mor og bror til Else Kåss Furuseth tok begge sitt eige liv. I denne serien prøver Furuseth å forstå kva som fører til at nokre tek eit slikt val.

Ho møter personar som tidlegare har vore langt nede, som pratar opent om korleis dei oppfatta kvardagen då. Ho snakkar med pårørande om korleis det er å stå på utsida og prøve å nå inn.

Det er eit interessant innblikk i andre folk sine liv og hovud, med eit glimt i auget.

Hovudbodskapen til Kåss Furuseth er at sjølv om det kan verke slik, så er du aldri åleine!

Les også: Else Kåss Furuset opna huset sitt for å førebyggje sjølvmord

Blindsone

Pia Tjelta fekk Wenche Foss’ ærespris saman med Rådet for psykisk helse for arbeidet med filmen Blindsone. Filmen, som er skodespelar Tuva Novotny sin regidebut, handlar om psykiske lidingar i familien.

Tjelta har hausta gode kritikkar for si tolking av ei mor i absolutt krise. Store delar av filme, som er spelt inn i eitt strekk, føregår på sjukehuset der mor og far ventar med eit hav av spørsmål.

Innsiden ut

I denne filmen frå 2015 befinn ein seg inne i hovudet til Riley, hovudkvarteret, der ein vert kjent med kjenslene Glede, Frykt, Sinne, Avsky og Sorg.

Då Riley og foreldrene plutseleg flyttar til ein ny by med nytt hus og nye venner, så vert det kaos i hovudet hennar. Alle kjenslene konkurrerer om å styre humøret – skal Riley vere sint, eller er ho eigentleg lei seg?

Denne Pixar-perla er fin fordi den syner så tydeleg korleis vanskelege tankar og tankar kan forplante seg i hovudet og gje minner ei ny tyding!

Tung jakke

I kortdokumentaren Tung jakke har Livirén Bratterud følgt Jonas på ei reise både ut i verda og inn i seg sjølv. Jonas har diagnosen bipolar type 2, noko han til og med har tatovert på kroppen.

Regissøren møtte Jonas då dei begge var innlagt og i sluttfasen av prosjektet bestemte ho seg for å stå fram med diagnosen bipolar type 1 – etter 15 år. Filmen set kritisk søkelys på psykiske diagnosar som merkelapp.

Tung Jakke / Heavy Jacket trailer frå Livirén Bratterud på Vimeo.

Les også denne saka for boktips:

Fem bøker om mental helse