– Eg saknar meir openheit i kvardagen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når det kjem til psykisk helse er det så mykje snakk om psykisk sjukdom, depresjon, angst. Folk er redde for å seie at dei har ei psykisk helse, seier Ingrid Bruun.

24-åringen frå Kongsberg jobbar som inspirator og føredragshaldar for Mental Helse Ungdom, der ho brukar positiv psykologi og si eiga historie til å inspirere andre.

Når Bruun skal forklara positiv psykologi plasserer ho kjenslene våre på ein skala frå minus hundre til pluss hundre. Ho meiner psykologien har dreidd seg hovudsakleg om dei som ligg i nedre sjiktet og mindre om dei som befinn seg innafor det ho kallar «normaltilstanden» – i mangel på eit anna ord.

Då det smalt

– Alle har ei psykisk helse og ved å sjå positivt på det vert det mindre skummelt, understrekar Bruun.

Ho har fordjupa seg i positiv psykologi etter å ha vorte kjent med tankegongen i behandlingssystemet. For seks år sidan vart ho – i ein alder av 18 år – sendt til det som vert kalla umiddelbar hjelp i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

Den unge jenta som allereie hadde fleire sjølvmordsforsøk bak seg fekk beskjed om at dersom ho haldt fram i det sporet ho var inne i, der ho ikkje prata om og viste korleis ho hadde det, så ville ho dø.

– Livet var ganske kjipt – rett og slett. Eg hadde ein veldig negativ tankegang. Dei sa at «det skjønar me», men så viste dei meg ein ny tankegang. Eg skjønte at veldig mykje av korleis me reagerer på ting nettopp handlar om korleis me reagerer, forklarar 24-åringen.

Ho hadde vore i kontakt med skulehelsetenesta før det small, men oppsøkte ikkje spesialisthelsetenesta fordi det kolliderte med skulegongen. Ei anna årsak var stigmaa knytt til det å oppsøka psykolog.

– På ungdomsskulen var det slik at om du går til psykolog, så er du gal – då er det galehuset neste. Sjølv om dette er nokre år sidan, så lever den framleis, seier Bruun.

Ingrid Bruun

For Ingrid Bruun (24) har det å kunne snakka og be om hjelp vore livsviktig.

Angst og føredrag

Trass i at ho ikkje har hatt helsa til å ta ei høgare utdanning og er plaga av både generell angst og sosial angst livnærer Bruun seg som føredragshaldar, noko ho kjenner gjev meining og meistring – ein viktig grunnstein i positiv psykologi.

– Det er jo veldig skummelt, men det er på ein måte større enn meg sjølv. Det handlar om å vera den personen eg gjerne skulle hatt sjølv og gje den informasjonen eg gjerne skulle hatt, understrekar Bruun.

Sjølv om det å utfordra seg sjølv på denne måten gjer ho veldig sliten, er ikkje 24-åringen i tvil om at det er verdt det.

Ein diagnose – ulike utfordringar

Bruun meiner at noko av det viktigaste folk bør veta om psykiske lidingar er at uansett kva diagnose folk har, så er utfordringane og sjukdomsbiletet veldig forskjellig.

– Nokon trur at om du er deprimert så berre gret du, men det kan òg vera likegyldigheit. Ein depresjon kan det vere veldig ulikt kor lenge varer og korleis ein kjem seg ut av, seier Bruun.

Ho forklarar at for nokre kan sjølv kome seg ut av det ved å tenkje positivt, kanskje med hjelp av vener og familie, medan andre behøver meir profesjonell hjelp og medisinar.

Sjølv meiner ho at aktivitet som gjev meistring og openheit har vore noko av det viktigaste når ho sjølv har vore nede.

– Du brukar litt mindre krefter på å lata som du har det fint. Så handlar det òg om å jobbe med å be om hjelp, understrekar 24-åringen.

Ingrid Bruun

Ingrid Bruun meiner det er viktig å vere rause både med andre og seg sjølv.

Openheit mellom vener

Bruun ser heilt klart eit auka fokus på psykisk helse, men meiner det framleis er mangel på informasjon. Ho tykkjer det er vel og bra at kjendisar står fram med sine historier i Dagbladet, men meiner at ungdom ikkje klarar å kjenne seg att i desse historiane.

– Det gjer dei litt meir menneskelege, men kjendisar er framleis gudar. Det eg saknar er den meir kvardagslege openheita, der ein kan innrømme at ein har ein dårleg dag. Ikkje for lokalavisa, men for vener, seier Bruun.

For 24-åringen var det til stor hjelp å opne seg for vener, som då følte seg komfortable med å dele sine historiar tilbake.

– Me sleit jo med ulike ting, men mange av tankane og kjenslene i ettertid var dei same. Då merka eg at det var ein slik vond sirkel der me har på ei maske og skjuler korleis me eigentleg har det, seier Bruun.

Ho meiner alle har på den same maska og det er noko av det som gjer det så vanskeleg å ta ho av.

– Men med ein gong nokon gjer det, spesielt om det er ein ein har ein god relasjon til, så er det fleire som følgjer etter, seier 24-åringen.

Ho understrekar likevel at det er viktig å tenkje over at ein har dei riktige menneska rundt seg og at ein tek openheita i sitt eige tempo.

– Følelsar er aldri feil

Den engasjerte føredragshaldaren har fått med seg stemmene som meiner at det no har vorte for mykje fokus på psykisk helse, som har ført til ei sjukeleggjering.

Ho trur ungdom har for lite kunnskap om psykisk helse og kva som er normalt, men understrekar at det er viktig å ikkje møta ein som seier hen er deprimert med beskjeden om at «det er du ikkje».

– For følelsar er aldri feil, understrekar Bruun.

KOMMENTAR: Me må snakka om psykisk helse

LES OGSÅ: Psykologen: Dette er angst, og slik handterer du han

Les fleire saker om psykisk helse her!