Jostein Gaarder: – Alle ekspertar veit at vi må la noko olje og kol ligge

Janne Merete Bøyum
Publisert
Oppdatert 18.10.2021 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som 16-åring så ville eg vore med i ein lenkegjeng i ein sivilt ulydig aksjon, seier forfattar Jostein Gaarder, og legg til:

– Men eg vil faen meg ikkje sjå vekk i frå at eg kunne finne på å vore med på det i dag òg, som 66-åring.

Les også: Elevar testa miljøvenleg forbruk: Sette dusj-rekord på under eit minutt

Ville lenkja seg for LoVeSe

Jostein Gaarder

Jostein Gaarder las gjennom si tidlegare bok «Sofies Verden», og skamma seg over at han hadde gløymt å skrive om klima og miljø. Difor er boka om Anna ei slags utviding av «Sofies Verden». Foto: Aschehoug

I 2012 gav Gaarder ut Anna: En fabel om klodens klima og miljø. Anna, ei 16-år gammal jente, oppdagar korleis klima endra seg mot det negative, og blir klima-aktivist. I arbeide med boka fekk han hjelp frå CICERO(senter for klimaforsking) til å faktasjekke og vere pinlig nøyaktig med alt av naturvitskaplege fakta.

Gaarder merka seg klima-engasjementet blant dagens unge, og innrømmer at han kanskje er for lat til å demonstrera.

Men byrjar dei med oljeleiting i Lofoten/Vesterålen, må du ikkje bli overraska om Gaarder møter opp med kjeledress og kjetting.

– Alle ekspertar veit at vi må la noko olje og kol ligge, og visst vi skal la noko ligge, bør første plassen ein peikar ut vere der ein har ekstremt viktige ressursar for fiske, som er ein fornybar ressurs, seier Gaarder.

Han meiner at fiske, men òg naturopplevingar, turisme og andre estetiske verdiar er ei symbolsak i Norge.

– Eg synest det er heilt grotesk at vi som verdas rikaste land skal drive å grave oss ned etter meir olje etter kvart som isen smeltar.

Les også: Extinction Rebellion meiner miljøorganisasjonane har feila

Den ekte Anna

Etter at Gaarder skreiv sin fabel om klodens klima og miljø, har han sett fleire av karakteren «Anna» rundt om, som klima-aktivisten Greta Thunberg.

– Ei jente som akkurat på alder med Anna i denne fortellingen byrja å streike, fordi ho meinte at foreldregenerasjonen tok å ga blaffen i hennar framtid, seier Gaarder.

Kva synest du om at det nesten er blitt populært blant unge å vere klima-aktivistar?

– Eg må nesten vri på spørsmålet og spørre: kvifor er det ikkje fleire 15-åringar sine foreldre som reagerar på same måte?, seier han.

Kvifor er det ikkje fleire 15-åringar sine foreldre som reagerar på same måte?

Han har inntrykk av at det er eit engasjement blant folk på han sin eigen alder, i 60-åra, og blant tenåringar og unge vaksne. Men generasjonen i midten stussar det på. Han forstår at dei står midt opp i livet, og seier at 40-åringar i Norge vil greie seg bra med litt meir flom og litt meir ras, men samtidig vil det vere tørke i Afrika, og klimaflyktningar andre plassar.

– Når vi ikkje ser det daglege alvoret, så er nordmenn vanedyr. Vi venner oss til at vinteren er mange veke kortare, eller at det ikkje er snø, eller som i fjor sommer at det er tørke heile sommaren.

Les også: Reisebrevet til Oda Linnea Brekke Iden (20) som er i Sørishavet i Antarktis

Framleis grøn og blå

jordkloden

Gaarder trur at jordkloden framleis vil sjå grøn og blå ut frå verdsrommet, men at naturen blir fattigare. Foto: NASA Goddard Space Flight Center/CC BY 2.0/Flickr

– Visst eg fekk høyre at eg skulle dø i morgon, så ville eg blitt veldig lei meg. Men visst eg fekk høyre at heile menneskeheita skulle dø i morgon, så ville eg blitt mykje, mykje tristare, seier Gaarder.

Han har lese så mykje om astronomi og astrofysikk at han har eit levande forhold til kor unik planeten vår er.

Han fryktar at i vår levetid vil planeten bli gradvis mindre vakker, mindre fruktbar, at leveområder, eller habitat, forsvinn slik at dyreartane forsvinn, og at det då vil bli mindre mat.

– I verste fall, visst ikkje verdsamfunnet og vi alle tar grep, så vil vi klare å øydelegge veldig mykje av planeten vår innan 2070-talet, seier Gaarder, som likevel ikkje trur vi greier å “øydelegge planeten i astronomisk forstand”.

– Eg tippar den framleis vil sjå grøn og blå ut frå verdsrommet, seier Gaarder.

I verste fall, visst ikkje verdsamfunnet og vi alle tar grep, så vil vi klare å øydelegge veldig mykje av planeten vår innan 2070-talet

Les også: Fann planet som nesten er heile lik Jorda

Det som dei var opptatt av då

James Hansen

James Hansen la fram dei første vitskaplege rapportane om at Co2 øydelegge atmosfæren på 80-talet. Det var det som starta klimadebatten. Foto: Global Justice Now/CC BY 2.0/ Flickr

Gaarder har alltid vore opptatt av klima- og miljø, men det var først i studietida på byrjinga av 70-talet at han oppdaga utrykket «grønt».

Han meiner politikarane i dag, både i Norge og resten av verda er for feige, og etterlyser at det hadde vore flott med norske politikarar som ser inn i TV-kamera og seier at her må vi skjønne kva som står på spel.

– Eg utelukkar ikkje at det vil skje nokre brå, voldsomme forandringar til det bedre ved at politikarane tar verkelig ansvar, seier han.

Det var ikkje før på slutten av 80-talet at folk visste at vi øydelegg atmosfæren når vi brenner kol. Ein av verdas mest kjente klimaforskar James Hansen, som òg er ein personleg bekjent av Gaarder, vart innkalla i kongressen i USA på 80-talet, for å vitne om klima.

– Han var den fyrste som kunne legge fram vitskaplege rapportar, og fortelje kva som skjer, seier Gaarder, som nemner at Hansen eigentleg var astronom og forska på Venus, ein planet med ein atmosfære hovudsakleg av Co2.

Dette var starten på klimadebatten.

Les også: Kanskje er det liv på framande planetar?

Skremselspropaganda

Gaarder meiner det er viktig å halde seg faktaorientert, då det heilt klart kjem rapportar og artiklar som er skremselpropaganda. Det er mykje tal og matematikk å ta hensyn til.

Han nemner blant anna ein såkalla karbonbalansen, Co2-mengden i atmosfæren, som etter den industrielle revolusjonen berre har auka og auka.

– Kol, olje og gass er jo karbon som er låst fast i naturen, når vi brenn det så slepp vi det ut. Og der ute i atmosfæren blir det i mange 100 år. Dette er reine fakta, seier han.

Co2 nivået har berre auka og auka etter den industrielle revolusjonen, og all Co2 blir i atmosfæren i flerie 100 år. 
Foto: Guy Gorek/CC BY-NC-ND 2.0/Flickr.com

Folk som seier at den tørre sommaren vi hadde i 2018 er eit uttrykk for klimaendring er derimot ikkje fakta, meiner Gaarder.

– Det kan vi eigentleg ikkje seie. Det er vanskeleg å skilje mellom vêr og klima når det berre er snakk om eitt år, men at jordkloden blir varmare for kvart år er eit faktum, seier han.

Les også: Norske byar og fjordar einige om miljøkrav til cruisenæringa

Menneskelege bekymringar

At nokre mennesker ikkje bryr seg om klimaendringane er noko Jostein Gaarder har tenkt veldig, veldig mykje på.

–  Kva er liksom Instagram, Twitter, og Snapchat anna enn ein spegel vi held opp for å sjå oss sjølv? Det er tankevekkande at det skjer på same tid som naturen rundt oss forvitrar, seier Gaarder.

Han spekulerer i om vi er skapt til å ta vare på våre eigne barn, men ikkje ta vare på våre eigne gener om fire-fem generasjonar. Vi kan tenke langstrakt, å bekymre oss for innvandring, og flyktningar over Middelhavet. Men å tenke langsiktig, det meiner Gaarder ikkje er ein del av vår naturlege utrustning.

– Nestekjærleik har vi under huden, men vi har ikkje det innstinktet at vi skal gjere mot komande generasjonar som vi har ønska at generasjonane før oss skal gjere mot oss, seier han, og legg til:

– Det med å ta klimatrusslane på alvor er noko vi må lære.

Les også: Første pattedyret utrydda grunna menneskeskapte klimaendringar

Jostein Gaarder

  • forfattar
  • født i Oslo i 1952
  • utdanna cand. mag ved Universitetet i Oslo, med faga norsk, idéhistorie og religionsvitenskap
  • jobba som lærar i den vidaregåande skule, samt ved Fana Folkehøgskule
  • kjent for sine filosofiske bøker for barn, ungdom og vaksne
  • store gjennombrotet kom i 1991 med boka “Sofies verden”, som er omsett til 63 språk
  • Fleire bøker har fått stor internasjonal merksemd

Kjelde: Aschehoug