Det første pattedyret til å bli utrydda grunna menneskapte klimaendringar

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei lita brun rotte som levde på ei lita øy i Nord-Australia er verdas første pattedyr kjent for å vere utrydda grunna menneskeskapte klimaendringar, seier styresmaktene i Queensland ifølgje CNN.

På måndag bekrefta den australske regjeringa at arten var utrydda. «Bramble Cay melomys» budde på ei lita øy på Great Barrier Reef, mellom den australske delstaten Queensland State og Papua New Guinea.

Les også: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda

Stigande havnivå

Arten hadde ikkje vore sett på nesten 10 år då universitetet i Queensland i 2016 la fram ein rapport for departementet for miljø og arvbeskytting som erklærte «Bramble Cay melomys» utrydda. Utryddinga har ikkje vore bekrefta av regjeringa før no.

Ifølgje rapporten var grunnen til at arten vart utrydda «nesten heilt sikkert flaum» frå stigande havnivå over dei siste tiåra, som har leia til «dramatisk tap av habitat», skriv CNN.

Utryddinga av «Bramble Cay melomys» er ein absolutt tragedie, seier Janet Rice, senator i partiet Greens. Ho leiar granskinga av landet si utryddingskrise.

Les også om det stigande havnivået i Noreg: Over 50.000 bygningar kan bli ramma

Mange trua artar

Viss temperaturen held fram med å stige vil nesten 8 prosent av alle artar rundt i heile verda bli utrydda, står det i ein studie frå universitetet i Connecticut frå 2015. Australia, New Zealand, og Sør-Amerika er rekna for å ha høg risiko, skriv CNN.

Regjeringa i Queensland sin nettstad har ei liste over alle dyreartane som er trua, nært trua eller sårbare/utsatte, blant anna grunna klimaendringane. På den lista finn vi 37 amfibium-artar, 66 fugle-artar, 13 virvellause dyr, 10 fiske-artar, 52 artar pattedyr, og 66 reptil-artar.

Les også: Ny forsking: Klimakrise for korallreva