Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er vanskeleg å skildre alle dei forskjellige inntrykka og augeblikka som ein opplever her i Antarktis.

Eg trudde at reisa mi til Sørishavet skulle minne meg om tidlegare seilas langs kysten av Nord-Norge, Lofoten eller Vestisen utanfor Grønland. Sjølv om alle dei nemnde er fantastiske plassar med heilt utruleg natur, kan det ikkje samanliknast med Sørishavet og Antarktis.

Frå «Kronprins Haakon» kunne vi sjå delar av Sør-Orknøyene. Tåka var dessverre for tjukk for at forskarane og mannskapet kunne gå i land på øya. Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet.

Timar etter «Kronprins Haakon» la frå kai i Punta Arenas, kunne ein oppleve delfinar som hoppa langs baugen på båten og symde fram og tilbake, mens båten segla framover. Både lufta og lukta ute på dekk blei annleis. Det blei fort kaldere og friskare, jo lenger sør vi segla. Likevel var det ei sterk sol som skein på båten.

Ein får ei kjensle som minner om å  vere på fjellet i påsken. Med appelsin og varm saft. Berre at ein er midt på havet, med delfinar som hoppar rundt deg.

Her kan du lese om korleis 20-åringen enda opp på eit forskingsfartøy som skal legge bak seg 4600 nautiske mil og 70 prøvestasjonar på nokre månader.

Adeliepingvinar. Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet

Sjølv om eg har segla mykje det siste året, har eg aldri sett kval før. Etter 21 dagar i Sørishavet, har eg sett fleire hundre.

Dyrelivet her er noko heilt anna enn eg har sett før. Det er kanskje fordi vi leitar etter dyr, men eg trur også det er noko spesielt med havet her.

Pingvinar som hoppar og sym saman med bølgene. Flokkar av pingvinar på isflak som vi seglar forbi. Dei sklir nedover isen og klatrar opp igjen, for så og segle ned igjen.

Nokre dagar er vinden sterkare enn andre dagar. Desse dagane kan vi sjå store og små fuglar fly over oss, og rundt båten. Dei glir på vinden og stuper ned mot havet. Sjølv om ein berre ser blått hav rundt seg, kryr det av dyr heile tida.

Toktleiar Bjørn Krafft skyt ei pil som anten tar ei spekkprøve eller fester ein satelittsendar på kvalen. Spekkprøva fell av og blir plukka opp igjen av forskarane. Då kan dei få ei DNA-prøve, og lese alder og kjønn. Satelittsendaren vil spore rørslene til kvalen. Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet.

Naturen vi fekk sjå utanfor King George Island var fantastisk. Store fjell dekka av flott, urørt snø. Isbrear som låg som eit teppe nedover fjella. Og havet som var krystallklart. Som om det ikkje var hav. Berre eit gjennomsiktig blått lag som hadde lagt seg på bakken.

Forskarane ved Havforskingsinstituttet jobbar med havet og dyra som lev i det, kvar dag gjennom toktet i Antarktis. Enten det er gjennom vassprøver frå fleire hundre meters djup eller gjennom spekkprøver frå kval i området rundt oss. Fiskane og krillen som kjem i trålen blir studert nøye og analysert. Vekt, lengde og art blir dokumentert.

Les også reportasjen om 23 år gamle Nellie som er så entusiastisk for mose at ho danka ut 2400 andre for ein jobb i BBC.

På kvar prøvetakingsstasjon registrerer forskarane all fangst. Dette er med på å gi eit bilde av kva som finst i havet (arts-, alders-, og storleikssamansetting) – saman med mykje anna data, slik som frå ekkolodd. Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskingsinstittutet.

Då sola gjekk ned utanfor Sør-Orknøyene var det svært spesielt. Skodda la seg over fjella, og ein kunne høre pingvinar lage  små lyder frå isflak i nærleiken. Sola senka seg sakte nedover mot havet. Som om den skulle under havoverflata. Skodda dekka meir og meir av fjellet og havet, men ein kunne likevel sjå den varme gullfargen som sola lyste ned mot havet.

Fleire av forskarane ved Havforskingsinstituttet har vore i Antarktis fleire gongar før. Likevel fortel dei meg at det er like fantastisk kvar gong. Naturen, havet og dyra.

Eg kan skjøne kvifor ein vil jobbe som forskar. Spesielt når ein får dra på tokt som dette til Antarktis. Det å få jobbe så tett på dyr og natur. Å oppdage ting som ikkje er oppdaga før. Å kunne sjå sola gå ned i havet.

Les også om 25 år gamle Martin som jobbar i CERN, der forskarane freistar å løyse dei største gåtene i universet.

Ulike fiskar blir også med i trålen, blant anna lysprikkfisk. Foto: Oda Linnea Brekke iden / Havforskningsinstituttet.

Det er rart korleis ting endrar seg så fort. Ein dag sit ein heime i Noreg og ventar på ein ny kvardag med jobb. Ein annan dag ser ein sola gå ned i Sørishavet.

Det er noko spesielt med Sørishavet og Antarktis. Sjølv om menneske har segla hit i mange år, kjennes det urørt ut. Som om det aldri har vore nokon her før. Og det er vel kanskje det som skil dette havet frå mange andre hav.

Kjensla av at noko er urørt og nytt. Nytt men samtidig svært gammalt.

Du kan følgje Oda si ferd vidare på #OdaiAntarktis.

Ein kort tur ut frå forskningsfartøyet møtte havforskarane tre ulike slags kvalar: knølkval, finnkval og blåkval. Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet.